JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eit hestehovud føre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20220909
2363
20220909

Ei mykje sitert utsegn frå 125-årsjubilanten Tarjei Vesaas går slik: «Har eg skrive hest, so meiner eg hest.» Om me skal tru forfattaren eller ikkje, lyt me drøfta ein annan gong. Hovudsaka her er at mange av oss jamleg gjer det motsette av det Vesaas seier at han gjer. Me skriv og seier hest og meiner noko anna enn hovdyret med det vitskaplege namnet Equus caballus.

Me kan til dømes gripa til apostelhestane, stanga hovudet i sengehesten, koma oss opp på hesten att og nappa nokon i hestehalen – alt utan å røra ved eit einaste hestehår. Ein hestehandel treng slett ikkje ha noko med hestar å gjera, og dei nye parhestane og dei gamle sirkushestane er ofte menneske. Nokre av dei som salar sin vengehest (pegasus), veit ikkje att og fram på ein sal.

Lat oss setja oss i hestesko og sjå kva lesehestane har å seia om hest (norr. hestr). Ordet finst berre i nordiske mål, men det skal vera svært gamalt likevel. Opphavleg viste hest berre til hanndyret, og det høyrer i hop med hingst, som er eit ord me har fått frå lågtysk (jf. nl. hengst, ty. Hengst). Elles veit me fint lite om opphavet.

Det kjende og kjære dyret har ei rad andre namn, som øyk (nærskyldt åk), gamp, fole, føl, hoppemerr og hors (‘merr; lauslynt kvinne’). Norrønt hross (‘hest av båe kjønn; merr’, jf. eng. horse) dukkar opp i røsslyng og kvalross. Merr er avleitt av eit gamalt ord for ‘hest’ som me finn att i norrønt marr og innlånte ord som marskalk (eig. ‘hestepassar’, eng. marshal). I norrønt har me òg jór (‘hest’), som er skyldt latin equus (‘hest; hingst’). Ordet ter seg fremst i namn som Jostein og Joar. Attåt alt dette kjem nemningar for ulike slag hestar: dølahest, fjording, fullblodshest og so bortetter.

Mange har hatt hesten som arbeidskamerat, andre har vore arbeidshest sjølv. Slike folk plar eta som ein hest: «Til hesteverk høyrer hestevom.» Det gjeld å ha eit stort forråd og fylla på jamt, for når krubba er tom, bitst hestane. Ein kan sysla med hest på fritida òg, anten ein er hestegalen eller ikkje. Ein kan sjå hesteveddelaup (og satsa på feil hest), rida gyngehesten eller kjepphestane sine, slå bonden med hesten (springaren) og lesa forteljinga om den trojanske hesten. Men styr unna torturreiskapen trehest, eller tremerr, som han òg vert kalla.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis