Eit olja lyn
Instrumenta i torturkammeret hans glinsa i sluttspelet.
Foto: Alina l'Ami
Magnus Carlsen hadde smurt maskineriet godt dei siste dagane av Tata Steel Chess i Wijk aan Zee. Instrumenta i torturkammeret hans glinsa då klientane banka på døra i sluttspelet. Sigeren i 12. runde mot russaren Maksim Matlakov kan ingen i verda gjera han etter.
Korkje datamaskinane eller ekspertkommentatorane fann nokon reell føremon for kvit i sluttspelet, men taktikken til Carlsen var klår: Så lenge det ikkje var remis, skulle han spela vidare i eit tårn- og lauparsluttspel. Og verdsmeisteren spela snøgt. På eit tidspunkt hadde han att nesten to timar meir på klokka enn russaren. «Når føremonen er så mikroskopisk, må eg ta tida til hjelp», sa Carlsen etterpå.
Då han til slutt vann partiet og kom seg gjennom dei 13 rundane utan tap, var nesten alt som før. Carlsen stod øvst på lista, for 29. gong i ei såkalla klassisk «superturnering», men faktisk for fyrste gong sidan sumaren 2016. Men det var éin detalj: Heimespelaren Anish Giri hadde like mange poeng, ni av 13.
Dei to måtte ut i omspel, to parti lynsjakk. Carlsen har ikkje tapt eit omspel sidan 2007, og han er regjerande verdsmeister i lynsjakk frå romjula. I fyrste parti fekk Carlsen opp eit sluttspel av den typen han skjønar betre enn nokon annan. Føremonen var mikroskopisk, men Carlsen hadde det vesle initiativet som gjorde at han på ny kunne opna torturkammeret der ingen motstandarar kjem ut levande. I det neste partiet gjekk Giri rett til åtak mot kongen til Carlsen. Verdsmeisteren gav ein bonde for å få motspel, men då Giri seinare bytte dronningar, var det klårt at Carlsen ikkje kunne tapa. Carlsen hadde vunne det niande omspelet på rad.
Samstundes tok Carlsen den sjette turneringssigeren sin i Wijk aan Zee. Det er òg rekord. Den gamle på fem hadde han saman med Vishy Anand. Garri Kasparov gratulerte Carlsen, og veit at han sjølv er den einaste målestokken for Carlsen framover. Carlsen har vunne alt som er å vinna, og han har gjort det mange gonger, men Kasparov var trass alt best gjennom 20 år.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?