Er alder berre eit tal?
Kasparov skjønar at han har tapt på tid. Om han hadde vunne mot Caruana, ville det ha vore eit argument for veteranen i diskusjonen om kven som er den beste spelaren i historia.
Foto: Lennart Ootes
Dei tre største i moderne tid må vera Fischer, Kasparov og Carlsen. Ein kan òg ta med Anatolij Karpov, men han hadde ikkje den same ungdommelege energien som gjorde at dei tre fyrste tok sjakkverda med storm. Bobby Fischer gav seg på topp, som fersk verdsmeister i 1972. Dei neste 20 åra sa grasrota nostalgisk: «Om Fischer set seg ved brettet, vil verdseliten skjelva.» Men då Fischer (49) endeleg gjorde comeback i 1992, var magien borte. Han vann 17,5–12,5 mot Boris Spasskij (55), som i 1992 var rangert som rundt nummer 100 i verda. Fischer fekk 3,35 millionar dollar for jobben, men det var no openbert at han ikkje lenger var på nivået til Karpov og Kasparov. «Bobby spelar OK, men han ville ikkje ha nokon sjanse mot meg», sa verdsmeister Kasparov.
Dei som hugsar Kasparov, vil alltid vera nostalgiske: «Om Kasparov set seg ved brettet, vil verdseliten skjelva.» Kasparov gav seg på topp i 2005. Som Fischer i 1972 var Kasparov nummer éin på verdsrankinga då han la bort brikkene. Mykje prestisje stod difor på spel då Kasparov (56) kom til St. Louis no i september. Kasparov valde seg ein motstandar frå øvste hylle: verdstoaren Fabiano Caruana (27). Formatet skulle passa eksilrussaren godt: fischersjakk utan moderne opningsteori (opningsstillinga vert trekt av ein datamaskin) og med kort tenkjetid. Caruana er ujamn med lita tid og tapte 0–3 i omspelet i snøggsjakk mot Carlsen i VM-kampen 2018.
Caruana imponerte ikkje sjakkekspertisen i St. Louis, og Kasparov fekk opp fleire gode stillingar. Men resultatet vart brutalt: 14–6 til Caruana etter 20 parti. «Garri kan framleis spela sjakk, men alle bukkane var skuffande å sjå», kommenterte Carlsen etterpå. Kasparov var tydeleg misnøgd med sitt eige spel. Han skulda på alderen, men duellen tyder òg på at nivået i verdseliten er høgare i dag enn nokon gong tidlegare.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.