Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Erter

Ei lita ert har gjeve oss stor arvelære.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange erter små gjer godt for jord og kropp.

Foto: Pxhere.com

3966
20190104
3966
20190104

Prinsessa på erta eller erta, berta? Same, det, så lenge det ikkje er erter i nasen, eller nokon som ertar eller for den del fj-ertar, men det må vere lov å leike med maten – særleg når maten er så leikbar som ein gjeng med erter. At dei runde kulene skal etast med gaffel og ikkje med skei som sine blå kulesystrer, gjer det heile nærast latterleg.

Men erta i seg sjølv skal vi ikkje le av. Sjølv ikkje når ho lid under eit syttitalsaktig preg av rekekabaret, amerikansk grønsaksblanding og svinesteik. For erter er verkeleg små forundringspakkar av smak, nytte, moglegheiter og god agronomi.

Om du lurte: Ja, vi kan dyrke erter i Noreg. Både gule og grøne og ei rekke andre erter høyrer heime i erteblomefamilien, noko som tyder at vi ikkje berre kan dyrke dei; vi bør dyrke dei.

Nitrogenfiksaren

Vekstane i erteblomefamilien kan nemleg noko Hydro og andre brukar millionar av kroner og CO2-ekvivalentar på å etterlikne: hente nitrogen rett ut av lufta. Ein stad mellom to og fem prosent av ei plante er nitrogen. Næringsstoffet er ein viktig ingrediens i mellom anna aminosyrer, protein og klorofyll. Utan nitrogen, ingen fotosyntese, med andre ord.

Lufta vi har kring oss er omlag 80 prosent nitrogen. Slik sett skulle det vere nok av henne til alle planter. Men ikkje alle planter har reiskapar for å flytte nitrogen frå lufta til sitt eige rotsystem. Det har erta og dei andre erteblomane fiksa gjennom ein særs fordelaktig symbiose med bakteriefamilien rhizobium. Rhizobiumbakteriane kan nemleg hente nitrogen frå lufta. Dei kan derimot ikkje gjennomføre fotosyntese eller skaffe seg sukker på endre måtar. Difor heng dei seg på røtene til erteblomefamilieplantene og byter nitrogen mot sukker – ein avtale alle er nøgde med. Ved å dyrke erter og andre erteblomar får bonden «gratis» nitrogen til jorda og plantene sine.

Men erta har gjort meir for verda. Då den austerriske munken Gregor Mendel byrja å gjere kryssingsforsøk i urtehagen sin i 1866, var det ertar han forsøkte med. Erter er gode til slikt ,sidan dei er eittårige, sjølvpollinerande og har mange såkalla fenotype eigenskapar: Dei er enten gule eller grøne, glatte eller rynkete, i generasjon etter generasjon. Med hjelp av erter prova Mendel at desse fenotype eigenskapane vart bestemte av arvelege faktorar, som seinare fekk namnet genar, og det var kjønnscellene som sende desse eigenskapane vidare til neste generasjon.

Frysekuler

Ok. Nok biologi. Kva med ertene på butikken? No, vinterstid, er det framleis mogleg å få norske erter – i to former:

Lat oss byrje med den hermetiske erta. Skal vi tru hermetikkboksane er det mogleg å få fleire ulike typar erter. Her er Coop Erter, Coop Små fine erter, Nora Selskapserter og Xtra Tørkede erter. Det som er litt spanande er at dei alle inneheld det same: 410 gram, derav 61 prosent erter, resten vatn og salt. tørre kan altså ikkje Xtra-ertene ha vore. Om dei små ertene er mindre enn dei andre ertene, er dei på ingen måte finare. Morosamt er det òg at dei med unnatak av Noras versjon – som eg ikkje kan sjå er særleg meir selskapelege enn Coops – òg kostar det same: 11 kroner og 40 øre per boks.

Reknar vi frå laken vert det 74 kroner per kilo erter. Er det verdt det? Hermetikk har bidrege til betre og meir næringsrikt kosthald, men spørsmålet er om vi akkurat på ertefronten bør gå vidare. Sjølv om Nora på innhaldslista hevdar å nytte «friske erter», veit vi alle at dei ikkje er friske når boksen går ut på dato i 2022.

Vi flyttar oss difor over i frysedisken. Her er det Coop som står for selskapsertene, og dei kostar 57 kroner per kilo. Ingen halvsalt lake vi treng å verken rekne frå eller slå ut i vasken. Berre grøne, fine erter – fulle av protein, fiber og vintertrengd sommarsmak til oss, og gode næringsstoff til matjorda vår.

Kjøper eg hermetiske erter no vinterstid? Nei takk, eg venter på våren med erter frå vinterfrysen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Erta har gjort meir for verda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis