JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

Det er ikkje tilrådd for par i kjærleikslivet å spela bridge i makkerskap med kvarandre, då dette ofte har synt seg å leie til bitre kranglar og vald, somtid drap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hilde Aas Nøst og Sverre Johan Aal, eit uvanleg lykkeleg makkerpar.

Foto: Kasper Eliassen

2144
20240823
2144
20240823

Det er ikkje kvar helg ein blir invitert i to bryllaup, men det skjedde med nokre privilegerte bridgespelarar i sumar. Heldigvis var det eine på laurdag og det andre på sundag.

På laurdagen var det eit reint bridgepar som gifte seg. Sverre Johan Aal frå Kvam i Nord-Trøndelag er operasongar, men òg tidlegare verdsmeister i bridge i klassen U28. Brura, Hilde Aas Nøst frå Molde, er geoteknikar med doktorgrad, og spela i førre sesong i den norske eliteserien. Dei møttest gjennom Studentenes bridgeklubb i Trondheim i 2007, etter at Hilde fann vegen til eit nybyrjarkurs. Bryllaupsinvitasjonane deira hadde form som eit spelkort.

Det er prov på eit sterkt partilhøve at desse to i tillegg til å bu under same tak stundom gjer det høveleg bra som makkerpar ved bridgebordet. Generelt er det ikkje tilrådd for par i kjærleikslivet å spela bridge i makkerskap med kvarandre, då dette ofte har synt seg å leie til bitre kranglar og vald, somtid drap.

Dagen etter var det ingeniør, eliteseriespelar og tidlegare juniorlandslagsspelar Petter Aulid Eide frå Hamar som skulle gifte seg med si kjære Marta Therese Lall, prosjektleiar og SV-politikar. Ho spelar førebels ikkje bridge, men her kompenserte familien til brudgommen tungt: Mora, faren og dei tre brørne hans er alle ihuga bridgespelarar.

Bryllaupet var prega av mange energiske born, og programmet var lagt opp etter det, men det kom til eit punkt der alle barnefamiliane hadde teke kveld og berre ein gjeng bridgespelarar sat att i lokalet. Då køyrde den mest edruelege av dei – som utruleg nok var meg – i veg for å hente kortstokkar og meldeboksar, og så vart det speling. Drikke fanst det i rik mon, og velsmakande restar av middagen. Den seine bryllaupsbridgen heldt neppe skyhøg kvalitet, men var likevel ei perfekt avslutning på helga.

No satsar vi på at alle dei seks ungane dei to ektepara til saman har i hus, med tida blir bridgespelarar.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

TeaterMeldingar
KristinAalen

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.

Foto: Birte Magnussen

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Ein mangslungen veg

Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis