Josephine!
«Josephine «Jo» Culbertson, fødd Murphy i Queens i New York, var ein glimrande bridgespelar.»
Josephine Culbertson (1898–1956), vel så god som mannen sin?
Pressefoto
Det er ein heftig meldekonvensjon, dette. Ein hoppar høgt, heilt til 5 grand. Ein krev til slem, og det kan fort bli storeslem. Nokre nordmenn kallar meldinga «store frie», og det er høveleg nok som nemning på slikt eit luftig bod. Men eg føretrekkjer det historiske namnet «Josephine».
Vonde tunger vil ha det til at det var mannen i ekteskapet, Ely Culbertson, som pønska ut dette nyttige prinsippet i meldingane og dediserte nyvinninga til si kjære Josephine. Men eg trur meir på dei kjeldene som seier at paret utførte arbeidet i lag, og at det kanskje til og med var Josephine som fekk ideen.
Josephine «Jo» Culbertson, fødd Murphy i Queens i New York, var nemleg sjølv ein glimrande bridgespelar – ja, somme hevdar endåtil at ho var betre enn Ely. Ho gifte seg tidleg i tjueåra, men denne fyrste ektemannen tok sitt eige liv etter berre tre månader med ring på fingeren, uvisst kvifor. Deretter byrja den unge enkja arbeide som sekretær innanfor auksjonsbridgen, og i møte med gode læremeistrar utvikla ho talentet sitt raskt. Ho spela om store pengar mot dei beste korthaiane i byen, i whistklubben Knickerbocker.
Ho var enno berre 25 år då ho gifte seg med bridgeentreprenøren og den ekstravagante showmannen Ely Culbertson. Saman vart desse to eit bridge- og sosietetsfenomen som dei visste å utnytte til fulle. Dei var sentrale i å promotere den nyutvikla kontraktbridgen, starta det enno operative bladet The Bridge World, og spela storslegne oppvisingskampar i Frankrike og Storbritannia, der sigrane gjorde dei endå meir populære.
Etter 15 års ekteskap vart dei skilde i 1938, men heldt fram som forretningspartnarar. Då Ely Culbertson døydde i 1955, tok det berre månader før Josephine – som enno bar etternamnet til eksmannen – fekk slag og fylgde etter han ned i molda.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.