JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

Nevrosexisme

«Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dame­klasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking?»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvinner i Det republikanske partiet i USA koser seg kring kortbordet.

Foto: Nina Leen

2202
20241004
2202
20241004

I dag ein gamal diskusjon. Det er eit faktum at menn gjer det betre enn kvinner i bridge og fleire andre tankesportar. Det er fleire menn enn kvinner som spelar bridge, men det forklårar ikkje kvifor dei mange kvinnene som trass i alt driv med sporten, i liten grad hevdar seg i tevlingar som er opne for både kvinner og menn, noko som gjeld nesten alle bridgetevlingar bortsett frå dei i dameklassen.

Det at det finst ein dameklasse, kan verke som eit billeg plaster på såret: Her kan kvinner få sleppe å tapa for menn, liksom. Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dame­klasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking? Er ikkje det å kapitulere for ein idé om at menn har kognitive eigenskapar som gjer dei betre skikka for bridge enn kvinner?

Forskingsprosjektet «Bridge: A MindSport for All», med den engelske sosiologiprofessoren og bridgespelaren Samantha Punch i spissen, har mellom anna undersøkt denne problemstillinga, gjennom intervju med både kvinnelege og mannlege elitespelarar. Noko desse intervjua syner, er at «nevrosexisme» – altså oppfatninga av at skilnader mellom den mannlege og kvinnelege hjernen gjer kvinner dårlegare rusta for visse intellektuelt krevjande aktivitetar – i høgste grad finst blant bridgespelarar, som i populærkulturen og samfunnet elles.

Det blir peikt på at desse stivna haldningane reproduserer seg sjølve og hindrar kvinner i jambyrdig deltaking på det øvste nivået i bridgen. For å ta eit konkret døme vil ein mann truleg heller invitere menn til å spela på laget sitt enn kvinner, med ei forventning om at det vil gje han betre sjansar for suksess.

Eit vesentleg spørsmål som truleg er umogleg å forske på, er kva det har å seia at det finst ein dameklasse. Om ein fjernar denne klassen, vil det føre til at færre kvinner ynskjer å drive med bridge? Eller vil det gjera fleire kvinner til gode bridgespelarar, som greier å hamle opp med menn?

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis