JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Dei store oppdagingane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demokrit (460–370 f.Kr.) måla av Hendrick Bloemaert (ca. 1601–1672).

4399
20210618
4399
20210618

Dei såkalla store oppdagingane har fått stor plass i europeisk historie, saman med andre samfunnsformande storhendingar, som renessansen og reformasjonen. Store historieverk spanderer hundretals sider på det som hende frå 1400-talet og utover. Europa spreidde seg over verda. Nye land og folk vart oppdaga. Desse folka, i desse landa, hadde gjennom tidene levd sitt liv i desse landa. Men no vart dei oppdaga av europearane og vandra såleis inn i historia. Dei kom inn i den store europeiske forteljinga.

Og det var store ting som skjedde. Portugal, med Henrik Sjøfararen ved roret, spreidde seg mot nye verdsdelar, i Afrika, Asia og etter kvart Amerika, som var oppdaga av Christopher Columbus. Vasco da Gama fann sjøvegen til India. Hernán Cortez la under seg Mexico. Pizarro la under seg Peru og Inkariket. Magellan fann sjøvegen inn i Stillehavet mot Asia.

Europearane fann verda og la henne under seg. Og det var mange heltar i denne historia. Og fleire kom. Robert Clive gjorde India britisk, som Cecil Rhodes gjorde med delar av Afrika. Nye land, som Spania, Frankrike og Nederland, kom med i denne fordelinga av nyfunne land. Tyskland fanst ikkje på den tida og kom då for seint til å vere med.

I dag har desse forteljingane mist mykje av glansen. Avkoloniseringa har gått sin gang, og europearane er sende heim.

Den nyaste norske verdshistoria opnar omtalen av tida 1350–1500 med 117 sider om Europa, før det kjem 100 sider om verda utanfor Europa. Til slutt følgjer 40 sider om dei store oppdagingane. Dei er på nedtur i historiefaget. Sidetalet deira er på veg nedover.

I eit vitskapsprogram på BBC vart det hevda at nemninga «Dei store oppdagingane» bør flyttast i historia. Alle oppdagarane kom til stader der det var folk frå før. Dei fann det som var kjent av andre menneske enn europearane. Nemninga fortel først og fremst om europeisk vankunne.

Dei store oppdagingane, sa BBC, kom i førre hundreåret. Etter ei tusenårig kunnskapsutvikling om universet, eksploderte kunnskapen. Mykje starta med Albert Einstein i 1905. Tida og rommet vart omdefinerte, energi og masse vart det same. Lysstrålar vart då påverka av gravitasjonen. Fysikarane nærma seg ei forklaring på korleis universet vart til. Store energimengder i atomet kunne utløysast, til glede eller sorg. Universet utvida seg. Nye omgrep dukka opp: svarte hol og svart materie. Instrument som vart sende ut i universet, fortalde og fortalde, i årevis.

Samtidig med kunnskapsauken kom også ein auke i nye spørsmål, så langt utan svar. Gåtene vart stendig fleire. Lysringen rundt kunnskapen auka, som mørkeret i utkanten av ringen også gjorde det.

Universet, det uendeleg store, vart meir og meir kjent og kartlagt.

Samtidig kom det ei dramatisk utvikling av kunnskapen om det aller minste, atoma og partiklane der.

Grekaren Demokrit hadde i antikken hevda at verda var bygd opp av små, udelelege einingar, som han kalla atom. Tankane vart liggjande. Først Albert Einstein kunne påvise at atoma fanst. Det er berre godt hundre år sidan, to og eit halvt tusenår etter Demokrit først tenkte atomtanken sin.

Og dette utløyste eit hektisk jag etter ny kunnskap om det som var i atomet. Og kunnskapen kom. Kvantefysikarane, med utgangspunkt i Einstein, gjorde desse ørsmå partiklane til sitt arbeidsfelt. Dei fann mykje rart. Etablerte lover galdt ikkje utan vidare inne i desse partiklane.

Mykje av kvantefysikken ter seg merkeleg og uforståeleg. Kvantefysikarane meiner også det. Den som har arbeidd med kvantefysikk og ikkje er blitt djupt ulykkeleg, har ingenting forstått, sa Niels Bohr, ein av dei største i faget.

Men funna deira formar dagleglivet vårt. PC, TV, GPS, mobiltelefon, dører som opnar seg når vi nærmar oss ... Alt har røter i denne merkelege kvantefysikken.

Kunnskapsinnhentinga før førre hundreåret, imponerande som ho er, hadde stort sett halde seg på jorda, det ein kunne sjå og gripe. Columbus, Vasco da Gama og dei andre var ein del av denne tradisjonen.

Med Einstein og førre hundreåret kom det enorme kunnskapssprang ut i det største og mest uendelege, universet, der ingen menneske hadde vore. Og samtidig braut mennesket seg inn i det aller minste, atoma og det som var der, og kom ut med fantastiske forteljingar.

Det største og det minste vart kartlagt.

Og desse oppdagingane toler kanskje å setjast over dei store oppdagingane i dei gamle historiebøkene.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Øyvind Pharo

Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Jordbruksavtalen

No får det jammen meg vere nok. 

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis