Du eller De?
Kong Olav vitja Sogn ved 800-årsmarkeringa for slaget ved Fimreite. Då møtte han mellom andre Ragnar Thorseth i vikingskipet «Saga Siglar».
Foto: Per Løchen / NTB
Det finst ei vandrehistorie som eg har høyrt i Sogn. Andris Vangsnes, ein eldre heidersmann frå Vangsnes, møtte dåverande kronprins Olav. Er det sant at de i Sogn seier du til alle, spurde kronprinsen. «Ja», skal Andris ha svara, «her seier vi du til alle unntatt til deg og far din.»
Ein annan variant: Ein fin mann vart arg fordi ein framandkar sa du til han. Og framandkaren beit tilbake: «Vi seier no Fader vår, du som er i himmelen. Eg visste ikkje at du var større enn han.»
De som tiltaleform er på bratt nedtur. I Sverige reknar dei med at nedturen starta ein gong på sekstitalet, då Vilhelm Moberg overhøvla Olof Palme i eit fjernsynsprogram, i du-form.
Visdomsverket Kongsspegelen, frå norsk mellomalder, ca. 1250 e.Kr., drøftar problemet. Kvifor skal vi tiltale rikets fremste menn i fleirtal, når vi alltid bed til Gud, som er herlegare og høgare enn alle, i eintal: «Du, Herre, allmektige Gud…»? Det er sonen som spør far sin.
Faren strevar med svaret. Det handlar om Gud, og om alt som har med Gud å gjere, veit lærefedrane meir enn han. Men han vil likevel prøve å svare.
«Eg trur at når det er ordna slik i dei heilage bønene at dei heller er i eintal enn i fleirtal når vi påkallar Guds namn, så er det fordi alle dei som trur på Gud, skal forstå fullt ut at vi trur på éin sann Gud og ikkje på mange avgudar, slik heidne menn for lenge sidan trudde på sju ulike gudar… No skal vi dyrke éin gud, han som alle skapningar tener, og be til han med eintalsuttrykk, for at ikkje falske gudar skal tru at det er dei påkallinga gjeld, dersom vi bruker fleirtalsuttrykk når vi påkallar Guds namn, som om det skulle vere meir enn éin Gud. Til dette kjem også at kortsynte menn kunne tru at det var meir enn éin Gud om namnet hans vart påkalla i fleirtal. Og dette er rett og viseleg ordna slik at den einfaldige og heilage trua ikkje skal ha rom eller villstig som ho kan gå på bort frå den rette allmannavegen.»
Sonen er vel nøgd med dette svaret. Den rette trua krev eintalspåkalling av Gud. Men kvifor skal vi då bruke fleirtalsform når vi tiltalar verdslege hovdingar?
Det har alltid vore slik, svarar faren: «På dette er det elles svar nok at det alltid synest å vere betre å tale til rikets menn i fleirtal enn i eintal, fordi høviske menn har funne det slik frå den første tid. Sidan er det blitt til sedvane mellom alle forstandige og høviske menn, til heider for den ein talar til, og for dei som er komne for å få ein heiderleg tiltale… Dei som først laga desse tiltaleorda, fann òg at rikets menn ikkje er som kven som helst, som berre ber omsorg for seg sjølv og husfolka sine og berre har ansvar for nokre få. For hovdingane ber omsorg for alle som er under dei i teneste og makt, og dei har ikkje berre ein manns svar i munnen, men må svare for mange. Men då dette første gongen vart gjort til skikk, meinte ein nok også at kongen og andre rikets menn ikkje skal vere åleine på rådsmøta sine, men ha med seg mange andre vise og kloke menn. Då kan det tykkjast, om det blir tala til hovdingane i fleirtalsform, at det ikkje blir tala berre til kongen, men også til alle dei som sit i råd med han og er rådgivarane hans.»
Men faren har meir på hjartet: «Du skal også passe deg om du står framfor rikets menn, at du ikkje snakkar heile tida, for hovdingar og alle kloke menn blir sinte ved altfor lang tale og tykkjer det er keisamt, dei ser på det einast som dumskap… Og det viser seg at om ein mann er klok og tungekvass, så er det lett for han å føre saka si med kort tale og få ord, slik at han som skal svare, forstår saka godt. Men om ein mann ikkje er nokon talar, men snarare lite flink til å snakke for seg, då er det likevel betre om han fører kortare tale i munnen. For med få ord kan han gjere greie for seg og såleis gøyme mangelen sin for dei som ikkje kjenner til han. Men om han snakkar for lenge, kan han vise seg meir uforstandig di lenger han talar.»
Få av oss har omgang med kongen med tilhøyrande tiltaleproblem. På slutten av 50-talet var Berge Furre formann i Studentersamfundet. På eit arrangement var også kong Olav til stades, og republikanaren Furre måtte helse kongen. Han tykte ikkje det var heilt enkelt. Studentersamfundet hadde sin eigen majestet: Hans Majestet Grisen. Han var redninga.
Og Furre helsa kongen med orda: «Hans Majestet Grisen lèt meg helsa Noregs konge!»
Og republikanaren meinte at han hadde berga seg frå kongefjesket. Han trong ikkje vaske munnen.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.