JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Einstein og Gud

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Albert Einstein då han byrja ferien med ein ni timars segltur på ein innsjø i delstaten New York i USA 3. juli 1936.

Foto: AP / NTB

4169
20230602
4169
20230602

Albert Einstein har truleg prega tankane våre og dagleglivet vårt meir enn nokon annan det siste hundreåret. Elektronikk, atomfysikk, navigering og GPS, dører som opnar seg automatisk når vi nærmar oss – Einstein er overalt.

Og han endra sentrale omgrep i vår forståing av verda rundt oss. Tida og rommet er ikkje det mennesket alltid har trudd, konstante storleikar. Tida er relativ, og rommet er plastisk og underleg.

Å gje den grunnleggjande forståinga av verda, korleis ho vart til, og korleis ho skal ende, har alltid vore ei oppgåve for gudar av mange slag, slik dei også har forklart menneskets rolle i verda.

Einstein, og etterfølgjarane hans, tok over denne gudefunksjonen. No forklarar dei at alt starta med det store smellet, då ein tett materieklump eksploderte for 14 milliardar år sidan og vart til universet. Og ein gong, i ei fjern framtid, skal universet kjølne, trekkje seg saman og døy, som alt anna. Då er det over. Til og med tida er over.

Men kva forhold hadde jøden Albert Einstein til Gud, nærare bestemt den jødiske stammeguden Jahve?

Einstein var ikkje ateist. «Det finst folk som seier at det ikkje finst nokon gud, og som siterer meg som støtte for slike tankar», sa han. «Det gjer meg verkeleg sint.»

Fanatiske ateistar er døve for sfæremusikken, sa han ein gong.

Men ein personleg og aktiv Gud trudde han ikkje på. «Eg kan ikkje tenkje meg ein personleg Gud som direkte kunne påverke handlingane til enkeltpersonar, eller som ville heve seg til dommar over sitt eige skaparverk.»

Ei lita jente skreiv til han og spurde om vitskapsmenn bad. Han tok spørsmålet alvorleg og svara henne: «Vitskapleg forsking byggjer på den tanken om at alt som hender, er bestemt av naturlovene. (…) Difor vil ein vitskapsmann knapt tenkje seg at hendingar kan la seg påverke av bønn, av eit ønske retta mot eit overnaturleg vesen.»

Naturen var hans gud. «Dersom vi med våre avgrensa midlar prøver å trengje inn i naturens løyndommar, vil vi oppdage at bak alle dei lovene og samanhengane ein kan oppdage, finst det noko underfundig, uhandgripeleg og uforklarleg. Ærefrykt for denne krafta bak alt vi kan fatte, er min religion. I så måte er eg faktisk religiøs», sa han sjølv i eit selskap der den eventuelle religiøsiteten hans vart eit tema.

Men dette hindra han ikkje i å bruke det tradisjonelle gudeomgrepet i debattar, til forklaring og polemikk. Den største gleda ein vitskapsmann kunne oppleve, skreiv han, var å kunne påvise at Gud ikkje kunne ha skapt verda annleis enn han gjorde. Heller ikkje han kunne komme rundt naturlovene, like lite som han kunne gjere fire til eit primtal.

Sentralt i den vitskaplege tenkinga og naturreligionen hans stod kausalitetsprinsippet. Alt som hender, har ein grunn og ei forklaring. Vitskapens oppgåve er å finne desse grunnane og desse forklaringane. Då kvantefysikarane i fullt alvor slo fast at det i partikkelfysikken var ørsmå partiklar inni atomet som flytte på seg, skifte bane, tilfeldig, utan nokon påviseleg grunn, vart Einstein rasande. Dette var eit åtak på grunnlaget for tenkinga hans, på gudstrua hans, som sa at verda var rasjonelt ordna. Det tilfeldige hadde ingen plass i Einsteins univers.

I ein av mange debattar med dansken Niels Bohr, fremst blant kvantefysikarane, slengde han ut spørsmålet: «Meiner du at Gud kastar med terning?» Ja, svara Bohr.

Einstein var ilter og sarkastisk. Ein gong dei passerte eit sinnssjukehus, slo han fast at her hadde dei samla opp dei mentalt forstyrra som ikkje stelte med kvantefysikk.

Han brukte dei siste åra av livet sitt på å forsvare sitt velordna univers, sin gud, mot ei kvantefysisk gudløyse.

Men den gamle guden, Jahve, var ikkje borte frå Einsteins liv. I 1911 var han på tale som professor i Praha. Men regjeringa i Wien, Frans Josef og han folk, ville ikkje ha jødar inn i professorkollegiet. Seinare i prosessen kom det fram at Einstein ikkje var medlem i noko religiøst samfunn. Det var også eit problem, ettersom keisarriket kravde at alle i statens teneste, også professorar, var medlemar i eit religiøst samfunn.

Jahve og keisaren måtte vike, og Einstein vart utnemnd til professor i Praha i januar 1911.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis