Fotballhistorie
Det norske bronselaget i OL i Berlin i 1936.
Foto: VG / NTB
Fotball er den idretten som har vunne størst spreiing og popularitet i verda, fastslår leksikonet. Fotballen samlar også flest publikummarar på tribunane.
Den moderne fotballen vart skapt i England. The Football Association vart skipa i 1863. Reglane for denne nye idretten sa at ballen kunne drivast fram berre med føtene, med kroppen og med hovudet. Dei som var usamde i dette, og som meinte at også hendene kunne brukast, braut ut og skipa The Rugby Union i 1871.
Norges Fotballforbund vart skipa i 1902 av tre Oslo-lag: Grane, Lyn og Spring.
Høgdepunktet i norsk fotballhistorie, før vi slo Brasil under verdsmeisterskapen i Frankrike i 1998, var dei olympiske leikane i Berlin i 1936, då det norske landslaget tok bronseplassen, mellom anna ved å slå vertslandet Tyskland, til stort raseri for verten, Adolf Hitler. Bronselaget vart ein myte.
Under krigen låg organisert idrett nede. Freden i 1945 vart ein ny start for mange og for mykje.
Landskampane kom i gang. Det vart tungt. Fredsåret møtte vi svenskane i Stockholm. Dei møtte med det laget som kom til å ta gull under OL i London i 1948, med tre Nordahl-brør, Gunnar Gren, Niels Liedholm og mange andre gode namn. Det vart katastrofe. Svenskane vann 10–0. Same året slo danskane oss 5–1. Året etter slo dei oss 7–1. Men vi reiste oss mot finnane, som måtte reise heim frå landskampen i Bergen med rekordtap i bagasjen. Vi slo dei 12–0.
Landskampen mot Danmark i Idrætsparken i 1948 vart eit vendepunkt. Det nye norske landslaget var i ferd med å ta form. Torbjørn Svendsen frå Sandefjord ruva i forsvaret, og bak han stod Torgeir Torgersen i målet, fantomet frå Stavanger.
Men kjernen i laget kom frå Freidig i Trondheim: Tor Moxnes i halfrekkja, Jann Sørdal og Gunnar Dahlen på venstresida framme. På høgresida framme var Gunnar Thoresen og Reidar Kvammen, den einaste frå førkrigslandslaget. Han spela sin landskamp nummer 50, den første nordmannen som nådde det talet. Noreg vann 2–1, begge måla skåra av Jann Sørdal. Freidig frå Trondheim var det dominerande fotballaget i Noreg, vinnar av det nye seriesystemet, kalla Hovedserien, best av alle. Og dei fylte over fjerdeparten av landslaget.
Og i dag?
Fram til 2001 spela Freidig i 3. divisjon. I dag har dei ikkje A-lag i fotball. Det er over med fotball i Freidig, det fremste laget i Noreg og Trondheim.
I staden har ein nykomar brøyta seg fram: bydelslaget Rosenborg, cupmeister i 1960 og seriemeister i 1967. Dei kom seint, men godt. Dei kom til å dominere norsk fotball i mannsaldrar.
Og Freidig har funne sin plass i det ruinlandskapet norsk elitefotball er, fullt av fallerte storlag.
I fotballfylket Oslo er Vålerenga åleine elitelag, som Sarpsborg er det i fotballfylket Østfold. Fotballfylket Vestfold er fritt for elitefotball, som Mjøstraktene er det.
Storlag som Lyn, Skeid, Fredrikstad, Gjøvik-Lyn og Larvik Turn er fortrengde av nykomarar frå distrikta, som Molde og Bodø-Glimt. Til og med Sogndal har yppa seg.
Så kan vi dra på akslene og seie «ja, ja». Det hender så mykje rundt oss.
Det er lettvint. I fotballhistoria er sorgene tunge og mange, som gledene er flyktige og lette. I denne historia fløymer kjenslene sterkt og ofte.
Fotball gjeld ikkje liv og død, sa den engelske fotballeiaren Bill Shankly. Fotball er langt meir alvorleg enn som så, sa han.
Og vi som har vakse frå fotballinteressa vår, er sparte for mykje.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.