Gandhi, Churchill og Hitler
Mahatma Gandhi då han kom til Folkestone i England for å delta i rundebordskonferansen om Indias konstitusjonelle reform 12. september 1931.
Foto: AP / NTB
Desse tre karane kom til å prege det førre hundreåret. Dei var samtidige, Gandhi var eldst, fødd i 1869, Churchill kom fem år seinare og Hitler tjue år seinare.
Gandhi og Hitler fekk begge ein dramatisk død. Gandhi vart drepen av ein fanatisk hindunasjonalist i 1948. Hitler døydde i bunkersen sin i 1945, medan Churchill døydde gamal og mett av dagar i 1965.
Dei stod mot kvarandre og mislikte kvarandre.
Gandhi hadde to store politiske prosjekt: å løfte dei fattige i India ut av fattigdommen, få det britiske regimet ut av India og gjere India sjølvstendig. Hans kampmetode var våpenlaus, utan bruk av fysisk vald.
Churchill hata denne sjølvstendekampen sterkt og intenst. Han var ein sterktruande imperialist som meinte at det var Storbritannias plikt å styre verda, til beste for alle. Og India var kronjuvelen i den engelske krona. Den britiske dronninga var keisarinne av India. For Churchill var Gandhi ein avskyeleg figur som truga verdsordninga. Gandhi vart difor utsett for Churchills sarkastiske språkkunst. Gandhi er «ein vondsinna, opprørsk fanatikar», slo han fast.
Gandhi var jurist av utdanning, «ein opprørsk, middelmåtig tempeljurist», konstaterte Churchill ein annan gong.
Ein gong Gandhi hadde oppsøkt visekongen i palasset hans, i vanlege indiske klede, fekk han denne språksalva frå Churchill: «Han poserer som ein velkjend austleg fakir som no strenar halvnaken opp trappene til visekongens palass.»
Gandhi fekk gjennomslag for frigjeringsprosjektet sitt. I 1947 vart India sjølvstendig. Britane var ute.
For Churchill, triumfatoren frå verdskrigen, vart det verre. Han hadde, som han sjølv formulerte det, hatt si finaste tid. Éin ting var at veljarane i heimlandet røysta han bort frå den politiske makta. Ein annan ting var at han, den ortodokse og trygge imperialisten, måtte oppleve at det britiske verdsimperiet gjekk i oppløysing. Gandhi og India fekk følgje av mange ut av imperiet.
Den halvnakne fakiren utmanøvrerte og parkerte ein av dei største i britisk historie. Han vann det siste slaget, om frigjeringa av India, men han tapte mange på vegen. Han var sterk motstandar av indisk deltaking i verdskrigen, men måtte finne seg i at to og ein halv million indarar var med i dei allierte styrkane før krigen var slutt.
Då krigen starta i 1939, var Gandhi sterk i si fordømming av både nazisme og fascisme. Den 24. desember 1940 skriv han eit personleg brev til Adolf Hitler, sitert i Simon Sebag Montefiores bok om brev som endra verda. «Kjære ven», skriv han til Hitler. Denne tiltalen er ingen formalitet, seier Gandhi. Han har ingen fiendar. Hans oppgåve i livet har dei siste 33 åra vore å oppnå venskap med heile manneætta, ved å bli ven med alle, uansett rase, hudfarge eller religion.
«Handlingane Dykkar er uhyrlege og strir mot menneskeverdet», slår han fast. «Eg er klar over at De, med Dykkar syn på livet, ser på slik utplyndring som ærefulle handlingar. Men vi har frå barndommen av lært å sjå på dei som fornedrande for menneska. Difor er det uråd for oss å ønskje framgang for våpena Dykkar.»
Så skriv han om den våpenlause kampen indarane fører mot britane, som ein måte å skape konfliktløysingar på, noko å følgje etter.
Og han sluttar slik:
«Er det for mykje å be om at De gjer ein innsats for freden i ei tid som ikkje betyr noko for Dykk personleg, men som er nøydd til å bety mykje for dei millionar av europearar med dei stumme ropa som eg høyrer fordi øyra mine er innstilte på å høyre dei stumme millionane?
Eg er og blir
Dykkar ærlege ven M.K. GANDHI.»
Noko svarbrev har ingen funne.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.