Historia er ei elv som snor seg gjennom tida, full av hendingar og handlingar.
Menneska har alltid streva med å forstå historia, den verda dei lever i, og det som hender der.
Kva er det som skjer, og kvifor skjer det akkurat slik? Kvifor er historia som ho er?
Eit vanleg svar på slike spørsmål i mange kulturar er å skape gudar, som så blir tildelt ansvaret for historia og det som hender i verda.
Verda, og historia, blir då styrt av gudar.
Desse gudane er mangfaldige og samansette, som skaparane deira er det.
Vår Gud, den israelske stammeguden Jahve, er god og allmektig, men også streng og brutal, etter det Det gamle testamentet veit å fortelje.
At vår allmektige og gode Gud lét så mykje vondt skje i verda, har vore eit tankekors for teologar og prestar i alle tider.
Den tradisjonelle kristne verdsforklaringa har ein mektig gud som styrar og organisator.
Marxismen er ei anna verdsforklaring på våre kantar. Ho er sekulær og utan gudar. I staden har marxistane gjort historia sjølv til ein slags gud.
Ho styrer sjølv sin gang gjennom tida. Ho veit kvar ho skal. Frå ein tarveleg røyndom i ei problematisk samtid snor ho seg gjennom proletaropprør og klassekamp fram til målet sitt: det klasselause samfunnet,
marxismens paradismyte.
Begge desse verdsforståingane, den kristne og den marxistiske, krev fortolkingar og fortolkarar for å bli forstått: prestar, teologar, pavar, kyrkjemøte, politbyrå og partileiingar.
Desse fortolkarane ser seg sjølv som tenarar og hjelparar for historia på den staupete vegen hennar, i teneste for sanninga og framtida.
For å utføre dette eineståande og viktige verket skaffar dei seg den nødvendige makta dei treng for oppdraget.
I samfunn der religionen og gudane står sterkt, er det prestar av ulike slag som sit med den politiske makta, slik kommunistar av ulike slag sit med makta i samfunn som byggjer på marxistisk grunn.
Historieforståinga gjev eigedomsrett til makta.
Desse to styrande maktgruppene har det til felles at all opposisjon blir ulovleg og knust med den brutaliteten makta ser som naudsynt for å halde samfunnet på den rette vegen, den historia skal og må følgje.
Individa er underordna historia og hennar ferd gjennom tida. Historiefortolkarane grip den politiske makta og ryddar vegen for henne.
Vi har i dag fleire samfunn, helst muslimske, som er styrte av ulike presteskap, som styrer med fullmakter dei har skaffa seg frå gudane sine. Og desse presteskapa, som gudane deira, er nådelause mot all opposisjon.
Etter opplysingstida er religionens makt svekt på våre kantar, også prestemakta.
Vi har, og har hatt, fleire samfunn som byggjer på marxistisk grunn. Ingen av dei har nokon gong respektert grunnleggjande menneskerettar. Opposisjon blir knust med nødvendig makt. Mange av desse samfunna har det gått ille.
Det kan sjå ut til at historia, kven ho no er, er lite takksam for hjelpande hender som ut frå eigne tankar vil hjelpe henne mot det dei trur er målet.
Desse hjelparane står ofte att med svidde hender, medan historia uforstyrra snor seg vidare gjennom tida.
Andreas Skartveit