JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Makta på vandring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Gutten har jo ingen utdannelse», skal mor til Einar Gerhardsen ha sagt då han blei statsminister.

Foto: AP / NTB

3015
20230428
3015
20230428

Ein fredag skreiv eg om bøndene som vandra inn i norsk politikk mot slutten av 1800-talet, og som fylte opp maktsentera, som Storting og regjering. Dei som kunne ha stoppa dei, som adel og overklasse, var anten borte eller sterkt svekte etter hundreår under framandt styre.

Men det var ikkje gjort med det. Etter berre nokre tiår vart sitjande makt utfordra på nytt. Arbeidarane vakna politisk og såg maktfordelinga rundt seg.

Det skapte fagrørsle og fleire parti. Makta vart utfordra.

Stille gjekk det ikkje for seg. Vinteren 1928 måtte høgreregjeringa gå av. Kong Håkon, som var ein strikt konstitusjonell konge, gjekk til Arbeidarpartiet, største gruppa i Stortinget, for å sjå om dei kunne danne regjering.

Det vekte raseri på borgarleg side. Regjering frå sosialistane var noko uhøyrt.

Kongen tok dette raseriet med sinnsro fortel soga. «Jeg er også kommunistenes konge», skal han ha sagt.

I Stortinget vart det høg temperatur då den nye regjeringa melde seg, med Christopher Hornsrud som statsminister.

«Nei, jeg ville heller ha min svigermor til statsminister enn herr Hornsrud», torna Hambro frå talarstolen. Då klubba presidenten.

Hambro gjekk på talarstolen igjen: «Om forladelse, herr president. Det var så menn ikke tanken å fornærme min svigermor!»

Det hjelpte ikkje med bergensk retorikk. I 1935 måtte Hambro og resten av Stortinget godta regjeringa Nygaardsvold.

Og dette vart starten på 30 års samanhengande arbeidarpartistyre, om vi ser bort frå okkupasjonstida og ein kortvisitt av John Lyng på statsministerkontoret.

Og alle statsministrane: Nygardsvold, Gerhardsen og Torp, var utan høgare utdanning. «Gutten har jo ingen utdannelse», skal mor til Einar Gerhardsen ha sagt.

Ettertida ser ut til vere samstemd i at Noreg vart klokt og godt styrt i desse åra. Økonomien og velferdsstaten voks, utdanningsvegar vart opna.

Denne rekkja av ulærde statsministrar vart broten av Per Borten med høgare jordbruksutdanning, og Lars Korvald frå bedehuset, før Trygve Bratteli dukka opp, han også utan eksamenspapir.

Revisor Odvar Nordli var eit mellomspel, før folk med universitetspapir overtok embetet: cand.med. Gro Harlem Brundtland, legedotter frå Bygdøy, cand.jur. Jan P. Syse frå Vestfold og Uranienborg, og cand.oecon. Kåre Willoch frå Ullern.

Åra frå 1884 til 1935 innebar kanskje den største maktoverføringa i norsk historie. I 1884 vart kongsmakta kvista for godt, og i 1935 vandra folk utan eksamenspapir inn i regjeringa, det norske maktsenteret.

Frå då av vart Noreg i 30 år regjert av det vi dagens politikarsjargong ville kalle vanlege folk. No blir vanlege folk påkalla igjen. Det er blitt for stor avstand mellom dei styrande og folket.

Regjeringa, også statsministeren, er godt utstyrte med eksamenspapir, også frå utlandet.

Desse eksamenspapira er nok ei av dei mange fruktene utdanningssamfunnet har gitt oss, eit utdanningssamfunn som vart grunnlagt av folk med grunnskulen – folkeskulen som det då heitte – som einaste skulegang.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis