JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Skjeletta fortel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1996 leverte rektor ved Universitetet i Oslo Lucy Smith hovudskallen til leiaren for  Kautokeino-opprøret, Mons Somby, til Kirstin Biti Johansen, leiar for Samisk kulturminneråd.

Foto: Morten Holm / NTB / NTB

3727
20210924
3727
20210924

Skjeletta, beingrinda, er det mest varige av kroppen vår. Om vi kjem heile i jorda etter å ha fullført livslaupet vårt, vil beina bli liggjande i grava vår i hundreår, kanskje tusenår.

Difor er skjelettfunn rike historiske kjelder. Dei fortel om kroppsstorleik. Kor lange var dei? Dei fortel om helse, sjukdom og kosthald. Kva døydde dei av? Kor gamle vart dei? Tennene fortel om det. Var døden fredeleg eller valdeleg? Var det hogg mot bein og skalle? Pil i brystet?

Vitskapen har gjort store framsteg i skjelettforskinga, for å få skjeletta til å fortelje soga si. No kan skjeletta tidfestast og daterast nokså nøye. Alt levande har ein liten konsentrasjon av den radioaktive karbonisotopen 14C i seg. Når vi døyr, vil denne isotopen gradvis brytast ned. Halveringstida, den tida det tek å bryte ned halvparten, er 5730 år. Ved å måle kor mykje av denne isotopen som er att, kan ein fastslå alderen på skjelettet og når skjeletteigaren levde.

No har vi også fått tilgang på DNA-analyse. Ved å ta ein prøve kan ein fastslå slektskap mellom skjelett og kvar dei kan ha kome frå.

I vitskapstidskriftet Apollo frå Universitetet i Oslo har Yngve Vogt ein stor artikkel om skjelettforsking og skjelettsamlingar. Universitetet i Oslo har åleine 9000 hovudskallar og skjelett i samlinga si.

Slike samlingar er ikkje uproblematiske. Frenologien var ein vitskap som ville lese mykje ut av hovudskalleforma. For frenologien var samane svært interessante. Det var gjerne urfolk som måtte levere materiale til den slags vitskapar.

Samesamlingane var store – og omstridde. Samane meinte at samlingane tilhøyrde dei, og ikkje eit eller anna institutt inne i hovudstaden. Det vart strid, og den såkalla Neidensamlinga vart returnert til skoltesamane så seint som i 2011. Resten av samesamlinga er fysisk skild frå resten av skjelettsamlinga. Ho er forvalta av Sametinget og stengd for publikum. Altså handlar sjølv skjeletthandtering om makt og politikk.

Då frenologien stod på høgda av si makt i mellomkrigstida, vart barneskallar frå samegraver i Nord-Sverige gravne opp nattetid og sende til Universitetet i Uppsala for forsking. Det forskrekka dei truande samane, og presten deira sende eit brev til det teologiske fakultetet der for å spørje korleis det skulle gå på den ytste dagen, då alle skulle reise seg frå gravene sine, når kroppen låg i grava si, medan skallen låg i Uppsala. Brevet finst, men noko svar har ikkje dukka opp.

Skjelettforsking er ikkje ufarleg. I eit kloster i ein by i Nord-Frankrike ligg restane av hertugane Richard I og Richard II, nære etterkomarar av vikinghovdingen Gange-Rolv. Dei to skjeletta var levande turistattraksjonar, med godt årleg besøk. Professor Per Holck ved skjelettsamlinga i Oslo ville gjerne analysere dei to skjeletta for å kome nærare eit svar på det gamle spørsmålet: Var Gange-Rolv norsk eller dansk?

No viste det seg at den eine skjeletteigaren døydde på 700-talet, medan den andre døydde alt 300 år før Kristi fødsel. Og Gange-Rolv rusla omkring i Normandie omkring år 1000 e.Kr.

Her hadde historieskrivarane gitt godt rom for fantasi og reklame.

Per Holck fekk ikkje svar på spørsmålet sitt, men turistindustrien i den vesle byen fekk mindre å vise fram.

I mausoleet på Akershus festning ligg restane av Sigurd Jorsalfar, eventyrkongen med internasjonal karriere i Miklagard. Holck har granska han også, fortel Yngve Vogt. Hovudskallen er frå 1500-talet. Då hadde Sigurd Jorsalfar vore død i fire hundre år. Skallen er då ikkje hans, knapt resten også.

Skjeletta lyg ikkje. Det er dei ikkje i stand til, om dei skulle vilje det.

Men dei må finne seg i å bli tolka og tildikta fantastiske historier.

Mot ettertida er også skjeletta forsvarslause.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis