Småting i storkrig
Veteranar frå sovjethæren paraderer på Den raude plassen med dekorasjonane sine 9. mai 2001, på sigersdagen, årsdagen for tysk kapitulasjon i 1945.
Foto: Mikhail Metzel / AP / NTB
I ein krig prøver to statar, eller to grupper, å øydeleggje kvarandre. Det kan stå om livet for staten eller gruppa som er i krig. Historia er full av forteljingar om statar eller folk som berre vart borte. Vae victis, stakkar dei som tapte, sa romarane.
Den tyske militærfilosofen Karl von Clausewitz hadde vore med i napoleonskrigane og kom etter kvart høgt på strå i det prøyssiske forsvaret, som sjef for krigsskulen. Hans hovudverk, Vom Kriege, som kom tidleg på 1830-talet, har fått mykje å seie for militærutdanning og militærtenking i Europa. Det er eit verk på over 1000 sider. Men hovudtanken i verket kan summerast kort: Det einaste som er absolutt forbode i krig, er å tape.
Krigen er då ein kamp for livet, der alt må mobiliserast. Kampen gjeld også kampmoralen. Han må ikkje svikte. Han er eit viktig krigsvåpen. Difor kan ein, om ein ser etter, finne avgjerder og handlingar som i ei ettertid kan te seg rare og sære.
I dei første krigsåra stod England og Churchill åleine mot Hitler. Churchill leidde kampen og la strategien.
Den andre verdskrigen var ein krig mellom industristatar. Industriproduksjon og råstofftilgang var viktig. Råstoffa var viktige og måtte rettast mot krigen. Gummi var eit strategisk råstoff for all krigføring. Og gummien i England vart rasjonert og vanskeleg å skaffe, til skosåling, bildekk og anna. Men Churchill og regjeringa gjorde eit unntak frå dette strenge rasjoneringsregimet. Gummiblåser til fotballar skulle framleis vere i fritt sal. Folk måtte framleis kunne spele fotball, også om det var krig. I alle fall når det var krig.
Om dette var med og avgjorde krigen, er det nok uråd å seie noko om. Men tanken var nok å prøve å berge den vanlege kvardagen, midt under bombing og dårlege krigsmeldingar. Og då høyrde fotballen med, i kampen om kampmoralen.
Josef Stalin overtok det sovjetiske kommunistpartiet og makta der då Lenin døydde, og starta ei blodig utreinsking av alle som han såg på som fiendar av seg og partiet. Talet på drepne er stort og usikkert. Det gjekk også hardt ut over toppane i offiserskorpset.
Då den tyske invasjonen kom, møtte tyskarane eit utmagra sovjetisk offiserskorps. I tillegg hadde Stalin bestemt at folkets armé skulle vere utan distinksjonar, vinklar og stjerner og all pynten som fortel om den militære graden til beraren. Den militære stasen var borte.
No gjekk krigen svært dårleg for den sovjetiske armeen. Tyskarane trengde seg austover. Russarane fall, vart tekne til fangar eller deserterte. Noko måtte gjerast. Den ærerike fortida måtte løftast fram for å berge moralen. Sovjetiske offisersmesser vart fylte opp med store bilete av gamle russiske offisersheltar, som Kutuzov, som stoppa Napoleon.
Og så måtte distinksjonane tilbake. Men kunne stasen – vinklane, stjernene og fargebanda – skaffast? Sovjet hadde ikkje laga slikt på mange år. Det fanst ingen industri for slikt.
Men den allierte stormakta, USA, hadde sin industri på feltet i full sving. Dei kunne levere. Men korleis få sakene fram frå amerikanske fabrikkar til sovjetiske offisersbryst?
Svaret vart å leggje sakene inn i den militære materielltransporten frå USA til Sovjet og Austfronten, over Atlanteren, gjennom Nordishavet og fram til Arkhangelsk og Murmansk.
Den norske handelsflåten gjorde ein stor innsats i denne transporten, med store tap. Og det er kjent i ettertid at det vart murra hos norske skipsmannskap då dei forstod at dei sette livet på spel for å transportere dette skrammelet.
Men sakene kom fram.
Og då general Zjukov og felagane hans reid inn i Berlin som triumfatorar, sitjande på stridsvognene sine, var dei like stivpynta som dei russiske generalane som reid inn i Paris 130 år før, sitjande på hestane sine, då dei triumferte over Napoleon.
Og det var norske sjøfolk som hadde frakta stasen.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordbruksavtalen
No får det jammen meg vere nok.
Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.
Foto via Norsk håndverksinstitutt
Attende til framtida
Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.
Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Å, ver hjå meg!
Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.
Regissør Ryusuke Hamaguchi vart inspirert av naturen der komponisten Eiko Ishibashi bur.
Foto: Neopa Inc. / Incline
Kino utan film
Det går an å høyre musikken først og sjå filmen etterpå.
Aktuelt arkivfoto: På ein gang- og sykkelveg i Oslo valde Erna Solberg i 2013 å gå midt i vegen for å møta velgjarane, medan Fredrik Solvang frå NRK held seg klokeleg til venstre. Veskeberaren okkuperte høgresida. Den unge syklisten måtte såleis passera følgjet i høgre grøft, i tilnærma gangfart.
Foto: Aleksander Andersen / NTB