Sorger og gleder i skisporet
Hallgeir Brenden vinn det olympiske 18-kilometersrennet i Holmenkollen i 1952.
Foto: Aktuell / NTB
Å vere sportsinteressert er å ha ei tung bør å bere i livet. Det kan medføre tunge og slitsame kjensleopplevingar – glade når det går bra for favorittane våre, og triste når lukka ikkje smiler. Nederlaga kan vere bitre og uopprettelege. Dette er det ikkje orden på. I tillegg medfører denne interessa at minnet vårt er nedlasta med enorme mengde unyttig og ubrukbar faktakunnskap. Det finst ingen kjend kur eller medisin for desse påkjenningane.
I 1948 kom dei olympiske vinterleikane i gang igjen, etter eit opphald på tolv år. Møtestaden var Sankt Moritz i Sveits. Som vanleg ved dei olympiske leikane galdt det nasjonens ære. Noreg gjorde reint bord i hoppbakken, og skeiseløparane tok det meste. Rettnok øydela fønvinden isen før titusenmeteren, og ein svenske og eit par finnar stakk av med medaljane.
Men langrenna var ein katastrofe. Svenskane tok det meste: Mora-Nisse og Martin Lundstrøm tok gullmedaljane. Nordmennene – Martin Jære og dei andre – var å finne langt nede på listene.
Det var sårt og vondt. Vi var betre vane enn dette.
Vi viste verden vintervegen, skreiv Aftenposten etter ein strålande norsk dag i førre OL, i Garmisch i 1936. No var det knapt at verda såg oss i løypene i Sankt Moritz.
Neste OL var i Oslo i 1952. Der sopte Hjallis isen med konkurrentane. I hoppbakken tok vi dobbelt.
Og i skisporet?
Frå Trysil kom det ut ein liten spjæling som heitte Hallgeir Brenden. Han, Magnar Estenstad og nokre finnar tok hand om alle medaljane. Finnane tok fire og nordmennene to. Dei kaute svenskane fekk ingen ting. Mora-Nisse vart nummer seks på femmila. Vi hadde reist oss og kunne rette ryggen og puste ut. Svenskane var sette på plass.
Så gjekk tida. Nye nasjonar kom med: russarar, tyskarar, italienarar.
Og nye generasjonar kom, gjerne flokkvis. Russarane hadde éin flokk, med Zimjatov, som tok det meste i 1980, saman med Savjalov, Saveljev og Koltsjin. Italienarane hadde éin flokk, som tyskarane hadde Grimmer og Klause. Svenskane hadde Jernberg, og sidan Svahn og Wassberg. Dei forsynte seg grovt på medaljebordet.
Vi streva litt for å halde på posisjonen Brenden & Co hadde skaffa Noreg i Oslo i 1952. Først utpå sekstitalet losna det, med Formo, Tyldum, Ellefsæter og Eggen.
Og så kom det eit ras, med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og etter kvart Petter Northug, Martin Johnsrud Sundby og mange andre, no sist Johannes Høsflot Klæbo, alle framståande medaljegrossistar.
På toppen av det heile byrja også norske skijenter å bli svært grådige ved medaljebordet, der dei forsynte seg grovt, no sist Marit Bjørgen og Therese Johaug.
Noreg, som viste verda vintervegen i 1936, som måtte sjå på at svenskane sopte reint i 1948, er blitt ei dominerande makt i skisporet.
Rettnok viser granskingar at det er vi gamlingane, som kjende gleda strøyme gjennom oss då Hallgeir Brenden i 1952 sette svenskar og andre på plass, som sit mest trufast i sofaen og følgjer Johaug og dei andre i kamp mot resten av verda. Denne gleda kan etterkomarane våre aldri forstå. Dei er vane med at norske skiløparar, kvinner og menn, forsyner seg godt av medaljebordet.
At svenskane først måtte jagast nedover premielistene for å rydde plass til nordmennene, er snart gløymd historie.
Sjølv sat eg i klasserommet på gymnaset på Bryne og høyrde på Brendens triumf.
Han er den største. Dæhlie, Northug og kva dei no heiter, har aldri gitt meg slike opplevingar. Hos meg får dei berre stilt finne seg ein plass i favorittkøen.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.