Åkerbønner
Er det sjølvforsyningsgrad å hente på å stele mat frå dyra?
Dyrefôr eller delikatesse? Åkerbønna har mange namn – og minst like mange bruksmåtar.
Foto via Wikimedia Commons
OK. Rekk opp handa om du er usamd i fylgjande påstand: Sjølvforsyningsgrada for vegetabilske matvarer i Noreg er for låg. Vi bør produsere meir frukt, bær og grønsaker her i landet. Påstand slutt.
Nei, dette er på ingen måte ei kontroversiell utsegn. Eg trur knappast eg finn ein einaste politikar, ein einaste landbruksforskar eller eingong særleg mange husdyrbønder som er usamde i dette.
På mange område skal det heller ikkje så mykje til å verte betre: Ja, vi produserer 80 prosent av våre eigne poteter (men vi burde klare hundre), men vi klarar ikkje få til meir enn 5 prosent sjølvforsyning på frukt og bær. For grønsaker sett under eitt er talet i rapporten Utviklinga i norsk kosthald 2023 frå Helsedirektoratet nærare 50 prosent sjølvforsyning, men internt i kategorien er skilnadane store: I 2019 klarte vi å dyrke 68 prosent av lauken vi åt, men berre 33 prosent av isbergsalaten, ifylgje rapporten frå Rådgivande utval for innovasjon, vekst og auka norskandel i grøntsektoren frå 2020.
«Kva som er menneskemat og kva som er dyrefôr, handlar om haldningar, tilgang og kunnskap.»
Ein grønsakkategori som så å seie ikkje er nemnd i den rapporten i det heile, er belgvekstane. Den einaste bønna som er med i rapporten, er aspargesbønna, som vi i 2019 produserte 1200 tonn av. Alt gjekk til konserveringsindustrien.
Hest eller bonde?
I sommar har det likevel stått litt om norsk bønnedyrking i avisene. I det minste i Nationen, som mellom anna har kunna fortelje at det i år vert dyrka 46.000 dekar åkerbønner her til lands, mot berre 3000 dekar i 2011. Men det kjem få menneske til gode, i det minste ikkje dei av oss som ynskjer å auke forbruket vårt av norske grønsaker: 100 prosent av denne produksjonen går til dyrefôr.
Ja vel. Det er vel det åkerbønner er brukande til, då? Når eg googlar åkerbønne, får eg treff som «Åkerbønne – en viktig fôrvekst» som tittel på ein NMBU-artikkel frå juni i år. Når eg googlar det latinske namnet Vicia faba, kjem eg til ein Wikipedia-artikkel som fortel meg at «planten inneholder rundt 32 prosent proteiner, noe som gjør den godt egnet til dyrefôr».
Men eg får òg andre namn på denne veksten: Åkerbønne er det same som bønnevikke, hestebønne, bondebønne og favabønne. Om eg puttar nokre av desse i søkefeltet, gjev det meg heilt andre treff – treff som i stor grad inneheld ordet «oppskrifter». Ein stad er både bondebønner, hestebønner og favabønner nemnde – i ein artikkel med namnet «Bønnene du bør spise mer av».
Og om eg framleis var i tvil om åkerbønna er ein vekst vi menneske kan dra nytte av direkte: Den engelske Wikipedia-artikkelen om Vicia faba fortel ikkje om dyrefôr, men snarare om ein vekst som «is widely cultivated as a crop for human consumption».
Høve til å prøve
At vi dyrkar vekstar som kan verte nytta både til dyre- og menneskemat, er eit gode – fordi dyr set lågare krav til utsjånad og visse kvalitetstrekk ved maten enn vi menneske gjer. Det er god ressursutnytting. Men berre så lenge det er vi menneske, og ikkje husdyra, som får velje fyrst.
Kva som er menneskemat og kva som er dyrefôr, handlar i tillegg til kvalitet også om haldningar, tilgang og ikkje minst kunnskap.
Ei av særs få grønsaker vi er så godt som 100 prosent sjølvforsynte med i Noreg, er kålrot. Ei viktig årsak til det er nok at Noreg er blant dei få landa i verda som ser på kålrot som menneskemat. Det som er dyrefôr i Tyskland, er festmiddag og sjølvaste julaftan for millionar av nordmenn.
På same måte er åkerbønna ein sentral og naturleg ingrediens i kosthaldet i mellom anna Midtausten. Ein rett frå den menyen som dei fleste kjenner godt, er falafel. Falafel kan lagast med kikerter – som vi ikkje kan dyrke i Noreg – eller med åkerbønner.
At vi dyrkar åkerbønner til dyrefôr for å sleppe å importere til dømes soya frå Brasil, er ikkje noko problem i seg sjølv. Men i ein kvardag der vi har overproduksjon av mjølk og kjøt og underproduksjon av grøntfôr, bør vi tenke oss om når det gjeld kva vi prioriterer. Åkerbønna fortener ein sjanse til å finne den kortaste vegen opp på norske middagsbord.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.