JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Cheddar

Sjølv i den litt juksete kategorien er det store skilnader.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oransje eller kvit: Cheddar kjem i fleire fargar, men skilnader mellom variantane kan òg vere meir løynde.

Foto: Guillaume Paumier / Wikimedia Commons

4244
20211022
4244
20211022

Lat oss slå fast kva matspalta denne veka ikkje er: ein tekst om opphavet til den tradisjonsrike, britiske osten cheddar. Det er heller ikkje ein tekst om det rike livet denne somme gonger oransje, alle gonger velsmeltande ostetypen framleis har i mange, små handverksysteri.

Det er likevel ein tekst om cheddar – nærare bestemt dei fem typane skiva cheddar eg finn i hyllene på Coop Mega. Dei er alle saman industrielt produserte; ingen av dei er handverksysta. Men likevel er det store skilnader på dei.

Fire frå botnen

Vi byrjar på botnen: For om Coops Vegetardag Skivet Cheddar har gjeve seg sjølv lov å kalle seg cheddar, kan dei ikkje kalle seg ost. Ost er nemleg definert som «det ferske eller modna produktet som vert oppnådd ved koagulering og fjerning av myse frå mjølk», og i dette produktet er det ikkje ein mjølkedrope å finne. Skivene er laga med stivelse av potet og tapioka kombinert med kokosolje og smaksstoff.

Litt meir ysting er det bakom dei to neste variantane, men La Vache qui rit – den leande kua – og Coops EMV-variant Skivet Cheddar er begge smelteostar.

Langtidshaldbar smelteost er av dei mindre kjende, norske oppfinningane. Det var Olav Kavli som i 1924 var den fyrste til å lansere ei blanding av ost, vatn, mjølk, fløyte og særlege smeltesalt som gav ein haldbar, smørjemjuk ost: Ein fast ost vert rett og slett smelta og blanda med mjukare ingrediensar. I desse to cheddarvariantane dreier det seg om høvesvis 30 prosent (Coop) og 25 prosent (La Vache qui rit) cheddar. Resten av innhaldslista er andre meieriprodukt og tilsetjingsstoff.

Desse variantane har altså i si framstilling meir til felles med Kavli smørjeost enn dei har med ein britisk cheddar.

Ost nummer fire har i det minste vore innom dei britiske øyane, men eg er litt usikker på om det talar til hans fordel, når alt kjem til alt. Igjen har vi føre oss ei EMV-vare. Coop Burger Cheddar Osteskiver er produserte for Coop av Vepo Cheese i Nederland, men mjølka, står det på innhaldslista, kjem frå «Storbritannia og/eller Irland».

Det fyrste som slår meg, er om ein no har byrja å køyre fersk mjølk ikkje berre over landegrenser, men også over havstrekningar. Ei kjapp vitjing hjå nettsida til Vepo Cheese stoggar likevel den uroa – «vi bruker berre britisk og irsk cheddar av høg kvalitet», står det her.

Altså har nederlandske Vepo kjøpt ost frå dei britiske øyane, skore han opp og pakka han i Coops pakningar, før dei har sendt han vidare til norske butikkar. Kontaktinformasjonen som står på pakningen, er forresten dansk og syner til Coop Danmarks hovudkontor i Albertslund.

Prissjokk

Kvifor finn Coop det naudsynt å reise halve Europa rundt etter middelmåtig ost? Er det fordi det er umogleg å få tak i cheddar i Noreg?

Nei då. For der, rett ved sida av Coops velreiste burgarost, ligg det fint skiva cheddar frå Tine, laga på norsk mjølk ved eit norsk meieri. Denne osten, som altså er den einaste norske, er òg den nest dyraste osten på cheddarhylla. Eller vent, eg ombestemmer meg, det er den dyraste osten, for berre vegetardagproduktet har høgare kilopris.

I haust lanserer Coop ein stor lokalmatguide på TV-kanalen Matkanalen. I 30 episodar frå sjåarar presentert lokalmatskattar frå heile Sør-Noreg. Ifylgje Coops marknadssjef Per Olav Andersen er dette «helt i tråd med Coops sterke tilstedeværelse og identitet i hele Norge».

Ser vi eit klassisk og bitte litt skremmande døme på nokon som gjev med den eine handa og tek med den andre? Mykje kan tyde på det. Lokalmatskattane våre skal takast vare på og synast fram, men vi må ikkje gløyme dei store norske produsentane vi har, som dreg lasset. For nokre veker sidan vart det klart at samvirket Coop utvidar innkjøpssamarbeidet sitt med den franske daglegvaregiganten Carrefour. Avtalen skal gje dei betre prisar på internasjonale varer. Kor mange norske varer som må vike, seier dei ingenting om, men i verste fall vert cheddarhylla meir regelen enn unnataket etter kvart som avtalen trer i kraft.

Om Coop verkeleg brydde seg om norsk matproduksjon, kunne kjeda i staden byrje med ein gjennomgang av eigne cheddarosthyller.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor finn Coop det naudsynt å reise halve Europa rundt etter middelmåtig ost?

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis