JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Etylenoksid

Lite stoff kan gjere stor skade.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sesamfrøa er små, men etylenoksidet ein fann gøymt i dei i Belgia i fjor, er endå mindre.

Foto: Pxhere.com

3922
20210917
3922
20210917

Kan maten vi får kjøpt på butikkane i Noreg, vere farleg? Oppslaga om funn av kjemikalet etylenoksid i matvarer dei siste månadane, med påfylgjande tilbaketrekking av nærare hundre ulike produkt, kan ved fyrste augnekast gje inntrykk av det.

«Rundstykker inneholder kreftfremkallende stoff», skreiv Agderposten i desember i fjor. «Kreftframkallande og ulovleg giftstoff funne i ei rekkje matvarer», var tittelen på Nrk.no i august i år.

Les vi litt nøyare, finn vi at etylenoksid ikkje er akutt giftig, men at stoffet er kreftframkallande og difor skadeleg ved gjentatt inntak over tid, og at vi ikkje veit i kor store mengder over kor lang tid som eigentleg skal til. Kva skal vi då tru?

Puslespelbrikka

Fyrst eit kjapt blikk på det omtala stoffet: Etylenoksid er eit mykje brukt kjemikal. Det vert mellom anna nytta til å framstille ulike plastvariantar og til å sterilisere medisinsk utstyr. Men i Europa er det ikkje tillate brukt i noko ledd i matproduksjon, fordi det er definert som mutagent, kreftframkallande og som eit «reproduksjonstoksisk stoff» – altså eit stoff som kan påverke evna vår til å reprodusere oss.

Etylenoksid kan gjere alt dette fordi det kan reagere med byggesteinane i DNA-et vårt. Men akkurat kor mykje etylenoksid som må til i kroppen for at slike reaksjonar kjem i gang, veit vi ikkje. Grenseverdiane for stoffet, som i EU er 0,5 mg per kilo, er sett slik fordi det er det lågaste nivået ein klarar å måle. Om skadeleg nivå ligg høgare eller lågare, er umogleg å vite – vi har, som kjent, enno ikkje løyst kreftgåta, og påverknaden av kjemiske stoff som etylenoksid er ei lita brikke i dette enorme puslespelet.

Det vi veit, er at det er kome matvarer inn i Europa med verdiar av etylenoksid som ligg meir enn 1000 gongar over grenseverdien. Den fyrste varslinga om etylenoksid vart gjord i Belgia i september 2020. Produktet det gjaldt, var sesamfrø importert frå India.

India er hovudleverandør av sesamfrø til Europa, men leveransane var i mange år plaga med høge nivå av salmonellabakteriar. Som fylgje av dette innførte EU forsterka testregime, og produsentane i India lova å gjere det dei kunne for å få bukt med problemet. At dei skulle bruke etylenoksid som verkemiddel, vart aldri nemnt.

Kanskje er det herifrå bruken har spreidd seg til mellom anna johannesbrødkjernemjøl produsert i Tyrkia. Eller kanskje har dei i Tyrkia nytta etylenoksid uoppdaga i mange år. Produktet er trass alt lovleg å nytte i matproduksjon i land som USA, Canada og India.

Og når det er lovleg i mange land, korleis skal vi då sikre oss mot at det kjem inn i vårt eige? Eller, på den andre sida, kor farleg kan det då vere?

Det farlegaste av alt

Litt leverpostei med litt etylenoksid drep oss ikkje. Kanskje påverkar det oss ikkje i det heile. Likevel kjem vi ikkje unna at vestlege menn har berre rundt halvparten så mange sædceller i dag som dei hadde for førti år sidan. Det har sine årsaker. Dersom kreftframkallande og fertilitetsreduserande etylenoksid i mat er ei av dei årsakene, er det grunn til å ta det på alvor.

I Europa har mange tusen matvarer vorte trekte attende frå marknaden. Det er ei stor økonomisk belastning for produsenten og ei stor miljøbelastning for kloden. Produkta som inneheld stoffet, kan ikkje eingong komposterast, fordi ein då sender gifta vidare i krinslaupet.

Etylenoksid er ei lita brikke i kreftgåta. Det er òg eit lite døme på at det globale matsystemet vårt, prega av storskala industri og prispress, har sine manglar, for å seie det pent.

Heldigvis er det framleis ingenting i vegen for å ete mest mogleg lokalt og kjøpe mest mogleg reine råvarer på butikken. Di færre ingrediensar det er i produktet du kjøper, di mindre er sjansen for at nokon av dei er tukla med.

Heilt trygg vert du likevel aldri. Det er farleg å leve, men alternativet er som kjent endå verre.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etylenoksid er ei lita brikke i kreftgåta. 

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis