JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gjødsel

Kan ein alvorleg global gjødselsituasjon skape ny næring i Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk matproduksjon klarar seg tilsynelatande ikkje utan kunstgjødsel. Kor lurt er eigentleg det?

Foto: Terje Bendiksby / NTB

4395
20211015
4395
20211015

Prisnivået på mat har auka med 30 prosent det siste året. Under ein global pandemi har altså prisane på mat auka med nærare ein tredjedel om vi ser verda under eitt. Som vanleg er det dei som har minst, som vert råka hardast.

Kvifor har dette skjedd? Den siste tida har vi gjeve koronaviruset skulda for det meste som har gått dårleg, og mykje som har gått bra. Men no er pandemien på retrett, og vi skal prøve å finne attende til vanleglivet. Kva vil skje no – med matvareprisane, til dømes? Kanskje er vi på veg til å oppdage at eit virus ikkje stod bakom alle problema vi møtte i 2020.

Ei av årsakene til at maten har vorte dyrare, er at gjødsla vi bruker for å produsere han, har vorte dyrare – også i Noreg: Ifylgje Budsjettnemnda for jordbruket har prisen på kunstgjødsel gått opp med mellom 17 og 31 prosent frå juli 2020 til juli 2021. I oktober auka Felleskjøpet prisane med ytterlegare mellom 5 og 17 prosent – før dei tysdag kveld bestemte seg for at dei ikkje vil selje meir gjødsel i det heile. Produksjonen i Europa er no så låg at dei i staden vil konsentrere seg om å levere det dei alt har selt.

Politikk på matfatet

Årsakene er mange. Nokre få av dei er koronarelaterte: Mellom anna ser mange land no samstundes at dei har trong for å opprette større matvarelager, noko som tek varer ut av marknaden.  

Men mange har ingenting med korona å gjere: Som at Kviterussland står for 20 prosent av verdsproduksjonen av kalium, og at den politiske situasjonen der no er mildt sagt usikker. Vi har alt merka at energiprisane aukar kring­om i verda – og at gassprisane aukar, gjer det mindre lønsamt å produsere ammoniakk. Yara er blant produsentane som har redusert produksjonen.

Den siste hovudingrediensen i kunstgjødsel, fosfor, kan ikkje produserast, men må gravast ut i gruver. Enno er det ikkje problem med storleiken på fosforreservane. Derimot slit vi med produksjonskapasiteten: Sidan prisen på fosfor i mange år har vore låg, har ingen investert i nye gruver. Og no tar det mange år å få i gang nye anlegg som kan auke verdsproduksjonen.  

Alt i alt: Fortel ikkje gjeldande gjødselsituasjon oss fyrst og fremst kor vanskeleg det er å spå kva som kan føre til store matvarekriser? Og, som eit neste steg, kor viktig det er å verte best mogleg på å nytte dei ressursane vi har kring oss, og som vi sjølve kontrollerer?

Det har i mange år vorte ført ein kamp for å få med importert fôr i sjølvforsyningsgrada til Noreg. No har vi to sjølvforsyningsgrader: ei «offisiell», og ei korrigert for importert fôr. Men brorparten av denne maten hadde aldri vorte produsert om vi ikkje hadde importert gjødsel – som og kjem frå råvarer.

Burde vi opprette eit mål om å vere mest mogleg sjølvforsynte med det vi til sjuande og sist er heilt avhengige av for å kunne produsere vår eigen mat – næring til jorda?

Kompostalternativet

Å auke eigen gjødselproduksjon treng ikkje eingong å verte eit tapsprosjekt. Det bør iallfall ikkje tenkast på som noko tapsprosjekt – men heller som ein naturleg del av eit grønt skifte. For kva er gjødsel, om ikkje avfall henta attende til ein nyttig funksjon i økosystemet? Og kva er grønt skifte, om det ikkje er å bygge opp att slike økosystem?

Vi lagar resirkuleringsordningar for det meste: for glas, metall og plast, for batteri og brukte klede, skiutstyr og syklar. Kvifor ikkje resirkulere meir næringsstoff gjennom kompostering?

Å kompostere vil seie å late bakteriar og andre mikroorganismar bryte ned avfall. Varmen som vert skapt i nedbrytinga, hygieniserer komposten, og god tilgang til luft i prosessen sørger for ei sunn nedbryting som endar i eit særs næringsrikt og livgjevande sluttprodukt: God kompost gjev ikkje berre jorda næringsstoff, men òg mat for å bygge opp god struktur og styrke i jorda. Gjort riktig slår kompost kunstgjødsel på dei fleste område.

Men å kompostere riktig krev god kunnskap og utstyr utover det vi kan forvente at kvar ein liten bonde skaffar seg. Kanskje er heller ikkje dette ansvaret til kvar enkelt bonde – kanskje skal vi ta det som samfunn?

Kommunar driv alt avfallsstasjonar, renovasjonsselskap tek hand om avfall. Kanskje kan dei òg drive komposteringsanlegg? Ikkje for å bli kvitt kunstgjødsel over natta, men som eit lokalt, reelt berekraftig alternativ?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gjort riktig slår kompost kunst­gjødsel på dei fleste område. 

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis