JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Gullmedaljekost

At norsk mat vinn internasjonale gullmedaljar, vil ikkje nødvendigvis seie at han er best.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tingvollost og Ostegården har begge vunne heilt ekte gullmedaljar i oste-VM.

Foto: Marit Hommedal / NTB

4205
20211119
4205
20211119

OK, så vert det kanskje ikkje noko fotball-VM på Noreg denne gongen heller. Då får det vere ei trøst at vintersportsesongen nærmar seg, og at vi gjer det aldeles glitrande på den internasjonale matfronten for tida.

I byrjinga av november kom norske osteprodusentar heim frå World Cheese Awards i Spania med to gullmedaljar, åtte sølvmedaljar og 13 bronsemedaljar. Gullmedaljevinnarane var Tines Dovre Camembert og raudkittosten Granstubben frå Gangstad Gårdsysteri.

Førre veke stakk kjøtprodusenten Prima Jæren av med sju medaljar i World Steak Challenge – to gullmedaljar for entrecôte, ein sølvmedalje for indrefilet og ein sølv og ein bronse for mørbrad. Same veke fekk bryggeriet E.C. Dahls gullmedalje for ølet Kong Vinter i European Beer Star, som trass i namnet tek imot deltakarar frå heile verda.

Hurra!

Til lukke, alle saman! At norsk ost har vore på ei magisk reise dei siste 15–20 åra, var vel mange av oss alt klar over, men å halde oppe kvaliteten og skaparkrafta kjem ikkje av seg sjølv. Det gjer det heller ikkje å få fram kvaliteten i ei så lite foredla råvare som ein stykkingsdel av storfe. Her må det vere kvalitet i alle ledd frå ute på jordet til inne på bordet.

Skal eg trekke fram éin vinnar framfor dei andre, vert det likevel ølet frå E.C. Dahls denne gongen. Det er nemleg brygga på norsk malt, altså norsk korn, frå norske åkrar, og tru det eller ei, dette ville vore nærast utenkeleg for berre eit tiår sidan. Då dyrka vi ikkje bygg til øl i Noreg; bygg inneheld mykje protein og vart stort sett berre brukt til dyrefôr. No dyrkar vi maltbygg att, og av det vert det så godt øl at ein kan vinne gullmedaljar i verdsmeisterskap. I tillegg er det ei årsak til som vi skal kome attende men til, men for no: Hurra!

Alle kan vinne

Sånn. Då var utropsteikna oppbrukte, hyllingstalane overstått, og det er på tide å sjå kva som ligg bakom gullmedaljane. Ein matgullmedalje er nemleg ikkje heilt likt eit idrettsgull.

For når Johaug snart skal til å vinne gullmedaljar att i skisporet, er det berre ho som kan gjere det den dagen: Enten vinn ho, eller så vinn ei anna. På World Cheese Awards vart det derimot delt ut 316 gullmedaljar, 591 sølvmedaljar og 747 bronsemedaljar. 1742 ostar deltok – altså fekk nesten alle deltakarar medalje.

Høyrest dette meir ut som eit barneskirenn enn eit verdsmeisterskap? Meir enn å kåre vinnarar skal denne konkurransen gje produsentane ei tilbakemelding på kor god osten deira er. Alle byrjar med gull og så trekker juryen for «feil» i osten. Det kan vere smak, lukt, konsistens eller utsjånad som trekker osten ned – fyrst til sølv, deretter til bronse, og til slutt ut av premieringslista.

I tillegg til dette vel kvart jurybord ut ein favoritt som får eit supergull, og desse ostane går vidare til ei ny superkåring som landar på éin, og berre éin, ost dei kårar til verdas beste ost det året. Det var denne gullmedaljen Tingvollosts Kraftkar fekk i 2016, og Ostegårdens Fanaost i 2018.

Kraftkar fekk – har vi lov å seie berre? – ein bronsemedalje i 2021. Slik kan det verte fordi to ostar aldri er like – kanskje var ikkje den utgåva av Kraftkar som Tingvollost sende til VM i 2021, på langt nær like god som den i 2016.

På same måte var Prima Jærens to entrecôtar i særs godt selskap – 153 kjøtstykke av same stykkingsdel fekk gullmedalje denne dagen. Gjer dette gullmedaljen mindre verd? Eg synest ikkje det. Han er framleis eit høgthengande kvalitetsstempel. Men eg synest vi kan ta oss råd til å forklare korleis medaljane heng saman, slik at vi alle har same bilete av kva som faktisk har skjedd.  

Difor skal vi ta ein sving til innom European Beer Star før vi gjev oss. For i denne samanhengen er øl meir som idrett: Konkurransen er delt inn i 71 kategoriar, etter øltypar, sjølvsagt, og i kvar kategori vert det delt ut berre eitt gull, eitt sølv og éin bronse. Kong Vinter kan altså med all mogleg rett kalle seg, om ikkje verdsmeister, sidan det ikkje var eit offisielt VM, så iallfall vinnar av kategorien «tysk, mørk bokk».

Det er jo meir enn nok å skåle for, spør du meg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I denne samanhengen er øl meir som idrett.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis