JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Julemat

Han bør i alle fall halde seg til julekvelden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei er blide, desse karane her, men held smila seg heilt til juleklokkene ringer?

Foto: Pxhere.com

4154
20211203
4154
20211203

«Frisk Waldorfsalat» står det på boksen frå Eldorado som eg finn i ei butikkhylle hjå Spar den 24. november, og med det er tankerekka mi i gang. For boksen er ikkje kva som helst slags boks med waldorfsalat, nei, han er julepynta, og merkt med ordet «Julegleder». Skal tru kor frisk den waldorfsalaten er ein månad frå no? Kor lenge kan eigentleg eple, pærer og ananas halde seg friske i eit bad av vatn, rømme og majones? Klarar dei det heilt fram til jul?

Tanken legg seg bak øyret ein stad, eg går vidare inn i butikken og passerer hylla med varer som nærmar seg best før-datoen og difor vert selde til halv pris, og igjen lyser juledekorasjonane mot meg: Her er «Julevibber» frå Castello og «Juleskinke» frå Gilde, og ingen av dei kjem til å få sjå julestjerna. Når eg ruslar vidare, ser eg julemat overalt, og det er kanskje ikkje så rart ein månad før jul, men diskusjonen om kor tidleg vi skal sleppe julematen laus i butikkhyllene, kjem kvart år, like sikkert som julenissen. Eg går attende til waldorfsalaten og ser at, nei, han skal ikkje vere frisk heilt til Jesus vert fødd, han går ut på dato 2. desember.

Eg skal ikkje kome med noko svar med to strekar under, men kanskje nærmar eg meg eit minimumskrav: For bør ikkje julematen i det minste klare å halde seg frisk og rask fram til jula vert ringd inn?

Julekyllingmedister

Butikkjedene seier dei kunne selt julemat heile året, for vi er heilt galne etter juleprodukt. Det er jo litt som å høyre born som ynskjer seg julaftan kvar dag. Samstundes veit vi alle saman at for at noko skal vere spesielt for oss, må vi sakne det litt. Om juletreet stod til påske, ville det ikkje gje god julekjensle lenger, endå mindre om det framleis stod der ved skulestart i august.

Kva er det som gjev oss julestemning? Julebrus er éin ting, men kor viktig er det eigentleg med medisterkaker av kylling som Prior har laga og pakka inn i juledekor samstundes som dei er merkte med «siste forbruksdag 14.12.21», eller roastbiff frå Gilde som går ut på dato same dag. På Rema 1000 har dei ferdig kålrabistappe og meiner det er «julens beste tilbehør», men han går ut på dato to dagar før grevinna går heim med hovmeisteren. Eg hadde vorte litt snurt om eg hadde kjøpt tynnribbe frå Folkets og tenkt at no er jula sikra, eg fekk tak i fersk ribbe i år, men så oppdaga, etter at eg kom heim, at ribba gjekk ut på dato 30. november. Så må eg hive ho i frysaren likevel.

Julestopp ved NonStop

Kakemennene frå Mester­bakeren er alt i butikken, dei òg, og dei held seg til godt ut i februar. Det same gjer ribbesausen til Rema 1000, og det er ikkje så rart, for han er laga av vatn, tomatpuré, sukkerkulør og maisstivelse, og slikt held seg jo nesten evig. Og det kan jo heller ikkje verte slik at jula, ho skal smake av konserveringsmiddel og tilsetjingsstoff som gjer at julematen kan kome så tidleg som mogleg. Likevel trur eg de skjønar kva eg meiner.

For sjølv om det er lov med overflod ved juletider, ja, sjølv om det nærast skal vere litt overflod akkurat då, så heng framleis nivået på julegleda saman med mengda glede og forventning ein har lagt inn i høgtida i forkant. Då kan ein smake litt og gjerne førebu og lage sjølv, men slepp ein seg heilt laus, kan sjølve storekvelden verte eit like stort antiklimaks som den eine gongen du ikkje klarte å halde deg, men pirka opp pakken frå mamma og pappa og fann akkurat den kjelken du hadde ønskt deg – og aller helst, det skjøna du fort, skulle opna for fyrste gong då han låg under juletreet.

For mange av oss er det rett og slett slik at vi får meir kjensler av julemarsipan enn av Jule-NonStop, og vi innser at ei så kaloririk høgtid som jul, ikkje treng tosifra tal eigne potegullposar, og i alle fall ikkje treng at Eldorado lagar ein kremsaus med tyttebær og slepper han ut i butikken midt i november, slik at også den rekk å gå ut på dato i god tid før vi set ut graut til nissen.

Det vert kalla sløsing, det, nemleg. Og det er om lag det einaste jula klarer seg minst like godt utan.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For mange av oss er det rett og slett slik at vi får meir kjensler av julemarsipan enn av Jule-NonStop.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis