JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

19427
20240705
19427
20240705

I

EM på heimebane, og det litt uføreseielege Tyskland kom ut av startblokkene med tenning på alle sylindrane. I München rundspelte dei Skottland etter alle kunstens reglar og vann til slutt 5–1, med seks forskjellige tyske målscorarar. Til og med trøystemålet til skottane blei scora av ein tyskar (Rüdiger). Skottane pleier ikkje å miste hovudet, men her såg dei svimle ut frå første stund. Hugs at dette skotske laget slo ut Noreg i EM-kvalifiseringa, slik at Tysklands leksjon også viste kor vi høyrer heime – altså heime.

«Die Mannschaft» hadde noko å bevise. I førre EM tapte dei for England i åttandedelsfinalen på Wembley. Mykje verre: I Qatar-VM for to år sidan blei dei slått ut av gruppespelet, og Japan vann Tysklands gruppe. No var altså Tyskland på heimebane, med Julian Nagelsmann som ny trenar. Ingen av spelarane såg ut til å hate kvarandre, noko ein ikkje skal ta for gitt i den tyske troppen. Mot Sveits blei det rett nok uavgjort, men sveitsarane var sterke, og resultatet var godt nok til at «turneringslaget» Tyskland vann si gruppe.

Med det gode spelet blei mange av dei gamle klisjeane om det tyske fotballaget henta fram og tørka støv av. Laget var igjen blitt, i ulike variantar, ein effektiv maskin der dei velsmurde delane grip inn i kvarandre med presisjon og harmoni. Motstanden blei «kverna» sund. Vorsprung durch Technik. I denne metafortradisjonen blir eit lands fotballag representant for framståande nasjonale kjenneteikn. Da blir liksom tysk ingeniørkunst og effektivitet transportert på samleband frå det industrielle omlandet og inn på arenaene i München, Stuttgart og Frankfurt.

II

Det er kanskje på tide å skrote metaforane rundt den tyske «maskinfotballen». Om ikkje anna fordi sjølve Tyskland slit med å leve opp til mytane om organisering og effektivitet. Alle kjenner historia om den nye flyplassen i Berlin, som skulle opne i 2012. Flughafen Berlin Brandenburg opna først åtte år seinare, etter milliardoverskridingar og etter at over hundre tusen feil hadde blitt retta opp. Mellom anna måtte rundt seksti kilometer leidning i og rundt flyplassen leggast på nytt fordi systema, som var utvikla av Siemens og Bosch, var brannfarlege. Mange lys lét seg ikkje slå på. Andre, som flaumlyset rundt flyplassen, greidde dei ikkje å slå av.

Dette er berre ei av mange riper i lakken til det tradisjonelt så polerte tyske karosseriet. I samband med fotball-EM er det kome mange nye døme på at tyskarane ikkje er verdsmeistrar i logistikk og planlegging. Det har til dømes vist seg at graset på mange arenaer – Düsseldorf, Hamburg, Frankfurt – rett og slett ikkje sit ordentleg fast i bakken. Verdas beste fotballspelarar har under eit av verdas største idrettsarrangement trippa rundt med angst for å gjere for brå og kraftige rørsler.

Ordnung muss sein? Det har vore totalt kaos både utanfor og innanfor mange stadionar. På innsida ved at uvanleg mange banestormarar har sprunge ut på grasmatta under kampane. Vaktene som ikkje stogga dei, brukte etterpå audmjukande lang tid på å få tak i nokre av banestormarane. På utsida har folk stått i timevis i endelause køar for å sleppe inn, og stod der enno da kampane blei blåsne i gang. Mange var ikkje eingong så heldige at dei kom seg fram til stadionane. For det statseigde gigantkonsernet Deutsche Bahn har verkeleg gått på ein smell, med tallause kanselleringar, forseinkingar og elendig informasjon, som om alt var ute av kontroll.

Alle som har tatt mykje tog i Tyskland, var ikkje så overraska. Det har vore underinvestert i tysk jernbane i fleire tiår, og mykje av materiellet og infrastrukturen er sliten. Det gjeld ikkje berre jernbana.

III

I 2006 arrangerte Tyskland VM i fotball, og arrangementet var ein nasjonal triumf av historiske dimensjonar. At arrangementet gjekk knirkefritt, er no éin ting. Tyskland spelte fantastisk fotball, sjølv om laget «berre» fekk bronsemedalje, etter å ha tapt i semifinalen mot Italia (som vann VM). Men det var ikkje så farleg den gongen. For under heile VM viste Tyskland, og ikkje minst tyskarane, den beste versjonen av seg sjølv. Stemninga på tribunar, gater og torg kunne knapt ha vore betre i Brasil. Tysklands internasjonale image fekk seg ein kraftig boost.

Alt såg lyst ut for Tyskland den gong. Den historiske oppgåva med å gjenforeine DDR og BRD var ferdig utført, og mange av vesttyskarane som stod bak, såg det som ein stor suksess. Tyskland stod fram som leiaren av eit trygt og fritt Europa. Vanlegvis, opp gjennom historia, har naboane begynt å bite negler om Tyskland er blitt for sterkt. Da Tyskland blei splitta opp etter andre verdskrigen, sa Winston Churchill at han elska Tyskland så høgt at han ikkje kunne få mange nok av dei.

Det nye Tyskland var, slik det stod fram i 2006, ikkje berre økonomisk sterkt, ikkje berre fullt av sjølvtillit, ikkje berre den leiande nasjonen i Europa. I tillegg stod landet fram som sympatisk, kult, liberalt, inkluderande – ja nesten funky. Det måtte vel vere for godt til å vere sant?

Atten år etter VM ser mykje annleis ut i Tyskland. Dei økonomiske og politiske problema har tårna seg opp dei siste åra. Lat oss ta kortlista. Prisstigninga på viktige varer er høg, ikkje berre energi, men også mat og husleige. Levekostnadene for tyskarane stig stort sett meir enn lønningane og trygdene. Regjeringa held fast på ein konservativ, gjerrig budsjettpolitikk, og vil helst ikkje stimulere økonomien med lånte pengar. Mykje av prisstigninga er knytt til krigen i Ukraina og det at tysk industri har gjort seg avhengig av russisk gass. Auka energikostnader har ført til at den energiintensive delen av industrien i landet har hatt rundt 25 prosent nedgang i produksjonen i både 2022 og 2023. Noko liknande har ikkje skjedd i moderne tid.

Kanskje er det eit element av krisemaksimering her, for sjølv om arbeidsløysa er på veg opp, er ho enno ganske låg (6 prosent). Men fleire økonomar og politikarar er altså redde for at landet står framfor ei djup økonomisk krise. Ikkje minst slit mange tusen tyske småindustribedrifter – ofte familieeigde, ofte eksportorienterte, ofte omtalte som landets økonomiske ryggrad – med rammevilkåra. Mange er underleverandørar til den gigantiske tyske bilindustrien. Og kva skjer med den når EU seier at alle nye bilar skal vere utsleppsfrie innan 2035? Kina ser ut til å ha fått eit forsprang på elbilmarknaden.

Forresten er det ei misforståing at Tyskland og Europa ikkje lenger importerer russisk gass. Det gjer dei, via røyrleidningar som går gjennom Tyrkia og Ukraina. Og Tyskland importerer betydelege mengder av denne gassen, etter at han har vore innom Nederland og Belgia.

Gass er halden utanfor sanksjonsregimet mot Russland, og da det blei foreslått å endre dette, protesterte kanslaren Olaf Scholz: «Europas energiforsyning til oppvarming, mobilitet, straumforsyning og industri kan ikkje sikrast på nokon annan måte», sa han ifølgje Deutsche Welle (29. april 2024). Tyskland og andre EU-land finansierer med andre ord til dels begge sider i Russlands krig mot Ukraina.

Med dyrtid blir det ofte politisk uro, og slik er det i Tyskland òg. Som i mange andre land er det tyske partisystemet i endring, og dei «statsberande» partia i sentrum har mista oppslutning. Nye har kome til, ikkje minst Alternative für Deutschland (AfD), som i dag er Tysklands nest største parti.

IV

Eg kjenner folk som stemmer AfD, for eg har hatt dei som naboar. For elleve år sidan kjøpte eg og ein annan person ei leilegheit i Berlin (vi selde i februar i år). Spesielt dei første åra budde eg mykje der. Bydelen var Treptow, nordaust i Berlin, skild frå Kreuzberg i vest og Neukölln i sør av kanalar. Muren mellom aust og vest låg rett nede i gata, i næraste park står enno gamle vakttårn i betong.

Vår leilegheit låg i det gamle aust, i eit strøk som enno i relativt liten grad var gentrifisert. Mange i kiez-en hadde budd i nabolaget heile livet, og for gamle folk innebar det at dei hadde vakse opp i DDR. På dei gamle kneipene sat stort sett alltid dei same personane. Dei var skeptiske til innvandring, sjølv om det knapt var framandkulturelle innvandrarar i deira bydel, i sterk kontrast til Kreuzberg og Neukölln.

Pensjonistar og arbeidsledige budde i billige leilegheiter som dei ikkje eigde sjølv. Desse folka var som regel ganske fattige. Dei drog aldri nokon stad, og mange gjekk rundt og samla tomflasker for å spe på inntekta. Ein såg dei aldri på restaurant, dei åt billige pølser og endå billigare hermetikk frå Lidl, mens alle med betre råd handla på Edeka eller det nye senteret for biodynamisk mat i Bouchéstrasse. Kleda dei gjekk i, var vintage, men slett ikkje på normcore-måten, som eit halvironisk fashion statement for dei som er unge og vakre. Folk som var oppvaksne med ein slags sosialisme og antikapitalistisk propaganda, sat heime i små leilegheiter og såg dag-TV fullt av reklame for ekstra mjukt toalettpapir.

Bildet var ikkje eintydig, for nye folk var på veg inn i det hyggelege og stille nabolaget. Ikkje minst i dei nye kvartala som hadde stått tomme sidan krigen, men som no blei bygde opp att i form av store bustadkompleks med nye, fine og dyre leilegheiter. Dei som flytta inn her, hadde ein heilt annan økonomi enn dei gamle bebuarane i nabolaget. Og ein heilt annan tankegang og politisk grunnsyn. Dei hadde utdanning, deltok i den «nye» økonomien og definerte seg som middelklasse sjølv om dei eigentleg var arbeidarar.

Men mange med dårleg råd og ei fortid i DDR var politisk desillusjonerte og sympatiserte med AfD og andre parti langt ute på høgresida.

V

Den kjende franske samfunnsøkonomen Thomas Piketty har sagt at det ikkje er arbeidarklassa som har forlate dei gamle partia. Det er dei gamle partia som har forlate arbeidarklassa. Ein ser det minst like tydeleg i Tyskland som i Frankrike, der valet denne veka peikte i nøyaktig same retning som i Tyskland. Det er som om ein kan kjenne dei politiske jordplatene røre på seg. Alle som seier dei er lojale mot EU og vil vise ein betre veg for unionen, får svi for det.

Som kjent er Piketty sjølv marxist og forankra på venstresida. Hans analyse av rørsler i dei europeiske veljarmassane er interessant fordi han freistar å forklare dei utan å fordømme desse veljarane moralsk, eller framstille dei som verjelause offer for noko dei ikkje forstår. At dei går til «populistparti» på høgresida – kva tyder eigentleg omgrepet «populist» i dag, er det mest berre ein merkelapp motstandarane nyttar? – kan ha rasjonelle, realpolitiske grunnar.

I eit slikt perspektiv: Korleis ser det tyske partilandskapet ut for veljarar som stemmer på AfD, om vi tek ein overflatisk gjennomgang?

Venstrepartiet Die Linke og Sosialdemokratane (SPD) er i liten grad opptekne av klassiske klassespørsmål knytte til lønn og økonomi. Sosialdemokratane snakkar til den intellektuelle middelklassa, og det gjer i endå sterkare grad Die Linke, med sitt fokus på identitetspolitikk. Dei kristeleg-konservative (CDU), som før faktisk hadde mange veljarar frå arbeidarklassa, er ikkje lenger konservative, men tilsynelatande like marknadsorienterte og proeuropeiske som dei andre store partia. Fridemokratane (FDP) høyrer òg heime i denne båsen. Dei grøne kunne kanskje ha vore eit alternativ, men dei som stemmer på AfD, hatar Dei grøne mest av alle. Dei likar ikkje å bli fortalde korleis dei skal leve livet sitt, og gir Dei grøne hovudansvaret for alt som er gått gale med Tysklands grøne skifte.

Kostnadene har vore store for det tyske samfunnet, og prosessen verkar på mange punkt dårleg gjennomtenkt – til dømes då ein stengde alle atomkraftverk og gjorde tysk økonomi avhengig av russisk gass. Dei grøne er òg eit utprega urbant parti, og dei er nesten fanatiske tilhengjarar av innvandring.

VI

Tyskland blir regjert av ein koalisjon, den såkalla «trafikklyskoalisjonen», mellom Sosialdemokratane, Fridemokratane og Dei grøne/Bündnis 90. Olaf Scholz frå SPD er som kjent kanslar, og han begynner å bli berømt for å skifte meining i viktige spørsmål.

Den tyske utanriksministeren heiter Annalena Baerbock og kjem frå Dei grøne. Dei siste par vekene har ein ny skandale rundt innvandring sprokke. Det viser seg nemleg at mange tusen asylsøkarar har fått lov til å reise frå land som Afghanistan, Pakistan og Syria på falske pass og/eller ugyldige visum. Først trudde ein det var snakk om nokre gleppar frå sløve byråkratar ved konsulata og ambassadane, men avsløringar i tyske medium har skapt inntrykk av at det har lege ein medviten politikk bak. Det er for tidleg å konkludere med at det verkeleg er tilfelle, men det har vore mistenkeleg stille frå ministeren og departementet.

Mange veljarar deler ikkje synet dei store tyske partia har på innvandring. Dei ser store problem knytte til integrering, arbeid og til å skaffe innvandrarar bustader, som det er stor mangel på i mange tyske regionar. I tillegg ser ein problem rundt kultur og verdiar.

Ein del av dei innvandringsskeptiske må utan tvil definerast som rasistar, men kor stor er eigentleg denne gruppa? Nynazistane på ytste høgre fløy er ikkje representative for den tyske skepsisen eller motstanden mot innvandring. Mange som ville ha høyrt til den gamle venstresida, er òg sterkt skeptiske.

I Tyskland har det vore ein tendens til å jamstille innvandringsskepsis og rasisme, men det går sjølvsagt an å vere skeptisk til innvandring utan å vere rasist. I dei siste åra har mest alle parti i Tyskland blitt meir restriktive. Ein ser at det finst grenser for kor mange landet reint praktisk er i stand til å integrere – og dessutan er det tydeleg at nokre ikkje er interesserte i å la seg integrere, kulturelt og verdimessig. Innvandring kostar mykje, i alle fall på kort sikt, og det oppstår ein konkurranse om gode som bustader og arbeid. Slik tenkte mange av dei gamle naboane mine i Treptow.

Dei som kjenner denne konkurransen på kroppen, eller meiner at dei gjer det, vil ikkje la seg roe av den tyske elitens multikulturelle idealisme. Folk ser problema, også til dømes rundt kriminalitet og parallellsamfunn. For eit par veker sidan gjekk Berlins politisjef Barbara Slowik ut i media og sa at «unge menn med ikkje-tysk bakgrunn» i hovudsak stod bak auken i kriminalitet som involverte bruk av kniv (ran, overfall). Det som overraska mange, var ikkje sjølve innhaldet i utsegna, men at politimeisteren innrømte det, i eit land der elitane har hatt ein tendens til å fornekte alle negative konsekvensar av innvandring.

VII

Om ein er tysk og ser mindre innvandring som ei viktig sak, og om ein i tillegg kanskje er skeptisk til meir europeisk integrering og til alle vedtektene som kjem frå Brussel – kven skal ein i så fall stemme på? Då er det stort sett berre eitt alternativ, og det er AfD. Det vil seie, dei har ganske nyleg fått eit venstrealternativ i Bündnis Sahra Wagenknect (BSW). Ho er i mange auge den mest interessante tyske politikaren. I januar i år braut ho ut av Die Linke fordi ho oppfatta det slik at dei hadde snakka seg ned i ei identitetspolitisk hengemyr, mens landet har store uløyste politiske oppgåver knytte til arbeid, infrastruktur, utdanning og mykje meir. Ho representerer ei økonomisk og identitetsmessig realitetsorientering og rettar seg mot delar av dei same veljarane som har strøymt til AfD, men kanskje «eigentleg» høyrer heime på venstresida.

Dei andre partia og dei store media har alltid framstilt AfD som høgreekstremt, rasistisk, populistisk og alt ein ikkje skal vere. Det er det mykje sant i, for AfD er eit skummelt parti. Men alle veljarane som strøymer til partiet, er ikkje nazistar, dei er rotlause protestveljarar som kjenner seg svikta av dei gamle elitane og dei gamle partia, slik Piketty har peikt på. Mange av dei som stemmer AfD, stemmer like mykje mot dei tradisjonelle partia som for AfD.

Er AfD eit trugsmål mot demokratiet, slik etablissementet i Tyskland hevder? Kanskje. Antakeleg. Leiarskapen har omfatta høgst tvilsame figurar som har vore involverte i ei rekkje skandalar dei seinare åra – utan at det har gått særleg ut over oppslutninga. For veljarane reagerer òg på reaksjonane mot AfD. Etter fleire rettsavgjerder blir AfD konstant overvakt av det tyske hemmelege politiet, mistenkt for høgreradikalisme. Og fleire parti (CDU og Dei grøne) har tatt til orde for rett og slett å forby AfD, som altså ved siste val blei Tysklands nest største parti.

Mange, og ikkje berre AfD-tilhengarar, meiner paradoksalt nok at midla som «demokratane» nyttar mot AfD, er udemokratiske. Dei som nyttar ein forbodsretorikk med autoritære trekk, held ofte den tyske forfatninga framfor seg. Ho vart laga for å hindre radikalisme, etter landets erfaringar med nazismen, men kan i verste fall brukast til å hindre dissens mot status quo. Kanskje det tyske etablissementet drøymer om å kunne velje seg eit nytt folk.

Det er liten tvil om at ytringsrommet i Tyskland er blitt smalare dei siste åra. I praksis er det til dømes blitt vanskeleg å kritisere Israel utan å bli skulda for antisemittisme eller møtt med andre reaksjonar, som jobbnekt, kanselleringar eller stipendnekt (til kunstnarar). Deltek ein på fredelege, propalestinske demonstrasjonar, risikerer ein bøter og at ein blir brutalt handsama og/eller arrestert av politiet.

Offentlege tilstellingar er blitt avlyste berre fordi palestinarar skal delta, og folk er blitt nekta innreise til landet for å delta på slike arrangement (inkludert ein Gaza-kirurg og ein kjend politikar og økonom som Yanis Varoufakis). I politikken er det knapt lov å stille spørsmål ved denne saka, og dei konvensjonelle media spring i flokk. Ein får til og med opp Israel-sympatiske meldingar og bodskapar på skjermen når ein skal ta ut pengar i minibankar!

Det er forståeleg at Tyskland har ein spesiell relasjon til Israel. Men Tyskland går så langt og er så blind i Israel-støtta at det kan sjå ut som dei skal gjere bot for eit folkemord ved å støtte eit potensielt anna. I tillegg går det føre seg ein massiv våpenhandel mellom dei to landa, som stiller motivasjonen i eit tvitydig lys.

VIII

Sist laurdag kveld sat eg sjølvsagt klar for Tyskland–Danmark. Overtydd om at Tyskland kom til å vinne, sette eg 300 kroner på Danmark. Det såg ut som om Danmark blei valsa over, for tyskarane kom mot dei med stor kraft. Men danskane stod imot presset og spelte sin beste kamp i turneringa. Så kom det eit massivt sommarregn, med lyn og torebrak, nesten som rett ut av Götterdämmerung når Brünnhilde rir hesten Grane inn i flammane og rhindøtrene endeleg kan hente tilbake ringen.

I andre omgang gjekk det frå 0–1 til 1–0 på to minutt, etter at skuggen av ei dansk tå var i offside og ei dansk hand kom borti ballen med ei så fjørlett berøring at tysk presisjonsteknologi knapt greidde å fange det opp. Tyskland hadde flaks.

I dag, fredag, speler dei kvartfinale i Stuttgart mot Spania, som så langt har stått fram som det klart beste fotballaget i europameisterskapen. Tyskland er ikkje favorittar, men vinn dei denne kampen, kan dei godt gå heile vegen. I så fall vil dei løfte pokalen framfor jublande tyske massar den 14. juli på Olympiastadion i Berlin. Gleda vil vere ekte, men kortvarig. For Tyskland er i trøbbel.

Morten A. Strøksnes er
journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er AfD eit trugsmål mot demokratiet, slik
etablissementet i Tyskland hevdar?

Kanskje det tyske etablissementet drøymer om å kunne velje seg eit nytt folk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen
Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis