JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kakemenn(eske)

Det som er enkelt for deg og meg, er ikkje alltid enkelt for juleindustrien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vart det sju slag i år? Baking er koseleg, men om du berre er komen til nummer tre, vert det nok jul uansett.

Foto: Jan Haas / NTB

4033
20221223
4033
20221223

Ikkje ferdig med alle dei sju slaga? Då kan vi vel seie det byrjar å haste no – føresett at du ynskjer å kome i mål med alle sju, då. Vi kan vel alle skrive under på at det vert jul utan det odde talet på julekaker også. Men om du no skulle ynskje å halde på nett denne tradisjonen, må vi altså slå fast at du byrjar å få det travelt. Så travelt, kanskje, at det er lett å tenkje at du vert nøydd å ty til enkle løysingar: For er det ikkje like greitt å berre kjøpe seg ut av heile greia?

Jau, i utgangspunktet kan det sjå slik ut. Til dømes kan vi gå på Coop og kjøpe ein fempakning Berthas Kakemenn for 24 kroner, og ferdig med det. Store og feite er dei òg, kakemennene. Har vi ikkje ein Coop i nærleiken, kan vi i staden gå på Meny eller Spar og kjøpe kakemenn frå Bakehuset – ein fempakning kostar 40 kroner på Spar og 45 kroner hjå Meny.

Vips, enkelt og greitt, er det ikkje? Jau, kakemenn er eigentleg enkelt og greitt. Kakene, som har mange namn, frå kvite kakemenn til julekallar og julekoner og gøtekælla, var ei av dei fyrste julekakene vi byrja å bake då vi fekk komfyrar her i landet utover 1800-talet. Før det bakte vi jo mykje meir på takker og i jern, noko som framleis syner att i julebaksten (kvifor har vi elles goro- og krumkakejern i huset?). Og når det skulle vere ekstra fint, bakte vi med dei mest luksuriøse råvarene vi hadde – sukker og fint kveitemjøl.

Ja, dette var ingrediensane i dei fyrste kvite kakemennene: mjøl, sukker, vatn og hevemiddelet hornsalt. Hornsalt vart ein gong laga av hjortegevir, men no vert det same stoffet – ammoniumhydrogenkarbonat – framstilt syntetisk. Lukta av salmiakk er der framleis, då. Ho fordampar når kakene vert steikte og endar i kjøkkenet ditt, ikkje i kakemennene.

Komplikasjonar

Som var det vi eigentleg heldt på med – å bake kakemenn, altså, med fire enkle ingrediensar. Så har kakene utvikla seg etter kvart – mjølk har kome til, og smør, og vaniljesukker er det nokre oppskrifter som seier, men dei har uansett alle det til felles at dei er mange gonger enklare enn oppskriftene som ligg bak kakemennene vi får kjøpt på Coop og Meny og Spar.

Når Bakehuset og Berthas lagar kakemenn for sal i butikkar, brukar dei atten ulike ingrediensar. Industrien, som i teorien skal forenkle matlaginga vår, er i staden vorten så komplisert at han treng meir enn fire gonger så mange ingrediensar som du og eg treng for å lage same kaka. Og mange av dei er i seg sjølv så kompliserte at dei knapt kan kallast råvarer i det heile: naturleg smøraroma, til dømes, som er å finne i Berthas kaker, har òg namnet butan-2,3-dion og er ei gulfarga kjemisk sambinding som luktar som smør om du tynnar det nok ut.

I tillegg baker industrien òg kaker på ein måte som gjer at dei treng emulgatorar – dette er eit stoff som får vatn og feitt til å blande seg med kvarandre. Dei fleste av oss klarer dette meir enn godt nok med visp og handmakt eller eventuelt ei kjøkkenmaskin, men industrien brukar også emulgatorar.

«Enkel oppskrift»

Meny har vore rause nok til å ha ei oppskrift på kakemenn på heimesida si – dei kallar ho endåtil ei «enkel oppskrift». Her tilrår dei berre fem ingrediensar: sukker, smør, hornsalt, mjølk og mjøl. Bakar du sjølv, kan kakemennene sjølvsagt òg verte kakekoner, eller kakemenneske, eller kakekatter, kakeaper eller kakestjerner, om du heller vil det. I tillegg sparer du faktisk ein god del pengar: Eg har rekna på det, og om du kjøper alle ingrediensane Meny meiner du treng på Meny, kostar det deg om lag 55 kroner per kilo kakemenn du lagar – inkludert den ikkje heilt dyraste konditorfargen. Det er godt under halvparten av det kakene kostar ferdig bakte.

Og best av alt: Ifylgje daglegvarekjeda tek det berre mellom tjue og førti minutt. Det spørst om pynting kjem i tillegg, men det er jo perfekt underhaldning til ein – lat oss innsjå det – ganske oppbrukt litle julaftan-sketsj. Spring og bak, eller dropp heile kakene. Uansett: God jul!

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis