Kjeks
No treng du ikkje lenger velje om du vil ha sjokoladekjeksen steikt eller rå.
Steikt eller rå? Det kan du bestemme sjølv.
Foto: Pxhere.com
Endeleg er det februar att. Tid for å trimme sarkasmemuskelen. For månaden som elles er mest kjend for å gå fort over, hjelpt av eit par dagar med stor fallhøgd, husar februar ein godt skjult løyndom: Februar er truleg månaden då det kjem aller flest nye varer i dei norske daglegvarebutikkane.
Meny har alt lansert matnyhenda sine for våren 2022. Ikkje overraskande byrjar dei med sjokolade og snacks, og endå mindre overraskande byrjar den lista med ein ny variant av Freia Melkesjokolade.
At mjølkesjokoladen frå Freia kjem med tilsetningar, er ikkje noko nytt: Den reine mjølkesjokoladen vart lansert attende i 1906, men Firkløver, altså mjølkesjokolade med hakka hasselnøtter, kom alt i 1926 og har eksistert sidan, og vi har hatt Fruktnøtt sidan 1963.
Det er likevel ikkje til å stikke under stol at utvalstakta har auka monaleg dei siste tjue åra. Wikipedia er så greie at dei gjev oss ei komplett liste over sjokoladeprodukta til Freia med lanseringsår. Sjølv om lista byrjar i 1895, utgjer produkt lanserte etter 2000 over 75 prosent.
No, i 2022, har vi fått ein Freia Melkesjokolade med popkorn, mais og havsalt. Frå før har vi ein med brownie, fudge og havsalt, i tillegg til dei med anten havsalt, Kvikk Lunsj, Daim, heile nøtter, frukt og nøtter, Walters mandlar, appelsin og havsalt, mandel og karamell, ostekake og jordbær, Japp eller Oreo.
Kjekssjokolade
Vi har altså mjølkesjokolade med kjeks. Om det skulle verte for mykje sjokolade til for lite kjeks, lagar Freia òg det motsette: Melkesjokolade kjeks, som altså er kjeks med mjølkesjokolade.
Takka vere Noregs største daglegvarekonsern Norgesgruppen skal vi no snarast òg få høve til å kjøpe kjeks med usteikt kjeks. EMV-serien Eldorado slår nemleg til med det nye produktet Safari-kjeks med cookie dough.
Ein Safari-kjeks er ein søt kveitemjølskjeks iblanda sjokoladebitar. Skaparen av Safari, Orkla, har alt vatna ut sitt eige konsept ved å fylle dei med vaniljekrem eller salt karamell, så nokon reinskap kring merkevara kan vi nok ikkje forvente i dette høvet, men Eldorado tar det heile eit langt steg vidare – og det steget går mest truleg ikkje i riktig retning.
«Som ekte vener»
Cookie dough er på alle måtar eit amerikansk konsept, og på ingen måte noka nyvinning. Det er lenge sidan vi byrja å bake kjeks av mjøl, sukker, smør, hevemiddel, egg og sjokolade – og det er nok om lag like lenge sidan vi fann ut at kjeksdeigen smaka minst like godt før han gjekk inn i steikeomnen, som etter at han kom ut att: Kjeksdeig er saftigare og mjukare og kjennest både søtare og feitare enn ferdig steikte kjeks.
Etter den oppdaginga tok det ikkje mange år før nokon fann på å produsere usteikte kjeks for sal. I USA er det heller ikkje så lurt å ete rå kjeksdeig: Rå egg kan nemleg fort finne på å innehalde salmonellabakteriar der borte. Det treng vi ikkje å uroe oss for i Noreg, men vi kan likevel verte dårlege i magen av å ete for mykje deig med bakepulver og natron som ikkje har fått lov å gjere den kjemiske magien sin i ein steikeomn. Skal ein ete kakedeig rå, er det med andre ord lurt å utelate desse ingrediensane.
Sidan har både amerikanarar og vi andre byrja å ha kjeksdeig i iskrem, ostekaker og andre dessertar. Men å putte kjeksdeig inn i ferdig steikte kjeks?
Truleg har ikkje Eldorado og/eller Norgesgruppen kome på ideen sjølve. Ein finn oppskrifter på kjeks med deig på nettet. Til dømes har kjeksbloggar Shelly Jaronsky putta frosen kjeksdeig i nylaga, steikevenleg kjeksdeig og fått «Cookie Dough Stuffed Chocolate Chip Cookies» som ho meiner er like gode «som ekte vener».
Ho om det. Eg trur eg stoggar fascinasjonen ved at vi no lever i ei tid der det er plass til både steikte og usteikte kjeks i ein og same kjeks.
Du kan få tolke det som du vil, trur eg. Det er nok rett og slett tryggast slik.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kjeksdeig er saftigare og mjukare og kjennest både søtare og feitare enn ferdig steikte kjeks.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.