JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Livbergande mat

Kor rart det enn høyrest ut: Av og til må vi drepe dyra for å berge dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Villsau, eller gamalnorsk sau. Ete – eller berge? Eller ja takk, begge delar?

Foto: Siri Helle

4413
20211001
4413
20211001

Plantebaserte kyllingnuggets. Plantebasert pølse. Plantebasert burgar, snitsel, ja, endåtil plantebasert biff er no å finne i kvar einaste daglegvarebutikk. Er det framleis provoserande, eller har vi vorte vane med at fredagsbiffen like godt kan vere laga av hydrolisert soyaprotein, kikertmjøl eller gluten som av muskelmasse frå ku?

Spør du meg, kjem svaret bitte litt an på korleis dei vel å marknadsføre seg. Dersom dei reklamerer for seg sjølve og dei påståtte fordelane sine, får det no så vere. Det er når dei, som nederlandske Vivera, påstår å vere så mykje meir samvitsfulle val enn produkta dei vel å kopiere, at eg får piggane ut.

«More life less meat», er slagordet til Vivera, som i Noreg vert omsett av Friele Group – «meir liv, mindre kjøt», altså, og på pakningane sine skriv dei «Ved å velge dette produktet har du akkurat gjort (…) mange dyr en stor tjeneste.»

Ved å ete vegetarisk – og velje biff laga av hydrolysert soya- og kveiteprotein, solsikke- og kokosnøttolje og ei lang rekke tilsetjingsstoff – reddar du liv, hevdar Vivera. Og det er vel umogleg å vere usamd i? Eller?

Ikkje så enkelt

Å vere vegetarianar for å sleppe å ta liv er ikkje noko nytt. Dersom samvitet ditt seier at du ikkje skal ete noko som har levd, lèt du berre vere. Likevel: Du kan ikkje gå rett derfrå til å seie at å ikkje ete dyr er å gjere dei ei teneste. Så enkel er ikkje verda, og vi skal sjå på nokre døme.

Kjenner du til villsauen? Kanskje kjenner du til den gamalnorske sauen, eller vikingsauen, for den vesle ulldotten har etter kvart fått mange namn – han har rett og slett vorte kjær igjen.

Det var ikkje sjølvsagt: Då Selbjørn Villsaulag vart starta i 1956, var sauerasen som har anar attende til vikingtid og truleg endå lenger – og som har brukt alle dei tusenvis av åra på å tilpasse seg norsk kystklima så godt at dei veit å ete gras og urter om sommaren og spare lyngen til vinteren, som har vasstett, grov overull og mjuk, varmande underull – nesten heilt utrydda.

Berre nokre få flokkar var att då nokre eldsjeler i Austevoll skjøna at her måtte det gjerast noko. I dag er gamalnorsk sau, som han offisielt heiter, ikkje lenger ein truga rase, ifylgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Kvifor ikkje? Kva skjedde i mellomtida?

Jau, vi byrja å ete gamalnorsk sau att. Vi skjøna at å avle på sau handla om meir enn å avle størst mogleg, at det er mogleg å selje lam og sau med lår på eitt og to kilo, at det høver godt til mange moderne familiemiddagar, og at smaken av sau som et tang og tare i fjøresteinane, er eit spanande supplement til fjellbeitande innlandssau. Vi berga den gamalnorske sauen fordi vi byrja å ete han.

Kobebiffen

Det same er vi i ferd med å gjere med kurasen vestlandsk fjordfe – rasen med eit kjøt som av mange har vorte samanlikna med den spinndyre japanske kobebiffen. For nokre tiår sidan var det berre nokre få vestlandsk fjordfe-dyr att – no er rasen gått frå «kritisk» til berre «truga» på lista til Nibio. Fordi vi har byrja å ete dei att.

Og slik er det over heile verda: Dei fleste truga dyrerasane i verda er ikkje snøtigrar eller pandabjørnar. Dei er husdyr. Dei er islandsk geiter, som berre finst på åtte gardsbruk, molo moshungo-kyllingar, som har fjørlaus nakke, er digre og skal gje ekstra godt kjøt og gode egg, men heldt på å døy ut etter at ei valdsbølgje råka den kenyanske delen av Riftdalen i 2008. Griserasen Glouchestershire Old Spot vert forsøkt berga gjennom opphavsmerking av dei særlege kvalitetane dette svinekjøtet har, og naragansett-kalkunen er ein av få kalkunartar i verda som framleis kan pare seg utan hjelp frå menneske, men han slit med å konkurrere med meir effektive, hurtigveksande kommersielle artsfrendar.

Alt dette mangfaldet – som i altfor liten grad finn vegen fram til middagsborda våre. Vi tenker og høyrer og pratar frykteleg mykje om kor mykje kjøt vi et og ikkje et. Kanskje skulle vi byte ut nokre av dei samtalane med ein om kva type kjøt vi et – og om det bidreg positivt eller negativt til det biologiske mangfaldet på planeten? I så fall kan vi fort kome fram til at det å berge eit dyr bidreg minst like mykje som ein monokulturell soyaåker som strekker seg over tusenvis av dekar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då Selbjørn Villsaulag vart starta i 1956, var sauerasen som har anar attende til vikingtid og truleg endå lenger, nesten utrydda.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis