JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mattrøbbel

Det er dyrt å lage mat. Så dyrt at maten somme stader manglar heilt. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I USA manglar mellom 10 og 15 prosent av matvarene ein elles finn i butikkhyllene.

Foto: Sarah Silbiger / Reuters / NTB

4142
20220121
4142
20220121

Trudde norske daglegvarekjeder verkeleg at dei skulle kome unna med å skulde på høge gjødselprisar når dei skrudde opp prisane i butikkane sine?

Då har dei kraftig undervurdert landbruksnæringa her til lands. For derfrå fekk dei passet sitt påskrive rimeleg kjapt: Om bønder landet over slit med høge straumrekningar, dyre gjødselsekker og ei generell kraftig prisstigning for tida, har dei ikkje kunna ta ut eit øre av dei kostnadene gjennom auka prisar. Tvert om har mjølkebønder fått kutt i mjølkeprisen som fylgje av at deira eige meieri, Tine, også slit med kostnadsaukane.

Denne bodskapen klarer bondenæringa heldigvis utmerkt godt å få ut. Ei stadig sterkare frykt for å verte utraderte har fått fram mange sterke, kloke bonderøyster. Ei av dei er den særs skriveføre generalsekretæren i Noregs Bonde- og Småbrukarlag, Anders Nordstrand, som skriv dette om situasjonen i dag:

«Når en politisk fastlåst inntektsside med maksimalpriser møter et kostnadsbilde som er bestemt av verdensmarkedets tilbud og etterspørsel på energi, gjødsel og korn vert det trøbbel. Og midt i dette trøbbelet står den norske bonden og matprodusenten. Uten mulighet til å unnslippe. Det som er enda mer alvorlig er at det truer vår egen evne til å forsørge oss selv med de viktigste matvarene.»

Styring eller ikkje?

På den eine sida har ein politisk styring, på den andre sida ein fri marknad. Nett no vert marknaden overkøyrd av det politiske systemet. Spørsmålet er om vi skal late systemet få halde fram med det. Når det politiske systemet tilsynelatande berre lagar trøbbel, slik dei stortingsvedtekne målprisane på mat gjer når dei ikkje held tritt med kostnadene i resten av samfunnet, skal vi då berre fjerne det?

Eit av dei landa som har fjerna styringa, er USA. Og der er situasjonen kanskje endå verre enn i Noreg, nett no. I det minste manglar dei mellom 5 og 10 prosent av varene i daglegvarehyllene sine. Bortimot ein tiandepart av maten dei brukar å kjøpe, er ikkje lenger der, og problemet gjeld over heile USA.

Årsakene er mange, det skal seiast, og omikron er ei ikkje ubetydeleg ei. Tilsette ved supermarknader er utsette. Mange har slutta – minst 120.000 stillingar i daglegvarebransjen står no tomme i USA.

Men om dei hadde hatt folk, er det ikkje sikkert dei hadde hatt noko å fylle hyllene med. For trailersjåførar vert òg sjuke. Og så finst det generelt for få av dei, for dei får så dårleg betalt. No går drivstoffprisane opp i tillegg.

Ja, og så har det vore dårleg vêr, noko som særleg går ut over mat som kjem lasta på skip. Mange stadar går òg avlingane ned som fylgje av uvêr og klimaendringar.

Aluminiumsmangel

Kanskje er det største problemet at vi gjort oss fullstendig avhengige av eit system der alt går an å få tak i – heile tida. Vi planlegg ikkje lenger, vi lagrar ikkje korn for dårlege tider, vi har ikkje lager bak butikken, men tingar heile tida nytt frå ein stad langt vekke.

Eller er nettopp det at vi lagrar og sparer, ein del av problemet? Hermetikkindustrien i USA slit med å få tak i hermetikkboksar fordi så mange har byrja å lagra mat i kjellaren, at det er lite aluminium å få tak i. Aluminiumsprodusentane klarer ikkje å halde tritt med krisemaksimeringa vår.

Og når ein handlar over heile verda, vert ein påverka av kva som skjer over heile verda. Når det no kjem monaleg færre containerar inn til Port of Los Angeles, den største hamna i USA, enn det gjorde på same tid i fjor, er det mellom anna fordi det er færre matvarer å få kjøpt på verdsmarknaden.

Slik kan vi, om vi snur denne sida til, velje å glede oss over at vi ikkje er aleine om å ha problem i matvarebransjen. Men det er vel knappast særleg å glede seg over.

Kanskje skal vi heller innsjå at vår eigen, framleis temmeleg godt fordelte matproduksjon er det tryggaste kortet vi har i dette spelet. Og skal vi verne om han, må vi bruke alle korta vi har – inkludert det politiske. Speler vi det riktig, har vi gode sjansar til å både berge norsk matproduksjon og unngå prissjokk i handlekorga.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nett no vert marknaden overkøyrd av det politiske systemet.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis