Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mjølkebyråkrati

Ein skal gråte litt over ein politikk som ikkje spelar på lag med nokon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva kostar mjølka? Det må både inngåande og utgåande avgifter og tilskot til for å få fram ei slik butikkhylle.

Foto: Terje Pedersen / NTB

4272
20211126
4272
20211126

Kor vanskeleg er landbrukspolitikk? Ikkje så ille som du trur, har eg sagt, gong på gong. Og det er jo sant, men det er berre ein del av sanninga.

Det fins ein del av norske jordbrukspolitikk som også eg aldri har våga å sette meg inn i – nettopp fordi han verkar så komplisert at eg har vore redd eg ikkje skulle forstå noko som helst. Det er den delen som handlar om prisutjamningsordninga (PU) for mjølk.

No må eg likevel til pers. For Landbruksdirektoratet har vedteke å fjerne distribusjonstilskotet for meieriprodukt, som er ein del av PU, og det fører til at Q-Meieriene og Rørosmeieriet mistar til saman 57,5 millionar kroner kvart år. Det er vilt mange pengar. Korleis kan Q og Røros klare seg når dei mister så mange kroner over natta? Dette må eg finne ut av.

Opphavet

PU er oppretta for at alle bønder skal få like mykje betalt for den mjølka dei leverer, uansett kor dei bur i landet, eller kva meieriet dei leverer til, lagar av mjølka. For mjølk kan seljast som konsummjølk eller ho kan vidareforedlast til fløyteprodukt, osteprodukt eller syrna produkt. Og desse ulike meieriprodukta har ulik lønsemd: Jamt over betaler det seg betre for eit meieri å tappe mjølk på kartong og selje ho enn å foredle ho vidare. Difor er konsummjølk avgiftslagt gjennom PU, medan smør og ost har rett til tilskot.

Ja, for til sjuande og sist er PU ei intern ordning: Nokre betaler inn og nokre får tilskot ut, og desse er stort sett dei same, for vi har fire store meieri i Noreg, dei heiter Tine, Q, Røros og Synnøve Finden, og alle desse fire både betaler inn og hentar ut pengar av prisutjamningsordninga.

Nokre betaler likevel inn meir enn andre, og når det er samvirket Tine som betaler inn mest, er det i tråd med ein sideintensjon bak ordninga: For sjølv om ho i fyrste runde er til for bøndene, har ho òg fått funksjonar som marknadsopnar. I 1997 fann Noreg ut at vi trong fleire meieri enn berre Tine, og det kom vi ikkje til å få om dei nye måtte konkurrere med ein alt etablert monopolist, difor måtte Tine vere med på å subsidiere dei nye konkurrentane sine. Og det har Tine gjort, meir eller mindre samvitsfullt, i alle år sidan.

Heilt til i fjor. Då skreiv Tine i årsmeldinga si at «de konkurransepolitiske tilskuddene har for lengst utspilt sin rolle».

Desse konkurransepolitiske tilskota i PU er differensierte avgifter, ei kapitalgodtgjersle som Tine må betale fordi selskapet hadde kapital som renta seg før konkurrentane kom på bana, og eit distribusjonstilskot. Til saman utgjorde desse tilskota 183 millionar kroner i 2020 – av dei mottok Q 140, Synnøve Finden 32 og Røros vel 10 millionar kroner.

Inngåande utgift

Det er det sistnemnde tilskotet Landbruksdirektoratet no har vedteke å fjerne. Dette distribusjonstilskotet er knytt til utkøyring av mjølk mellom meieri og daglegvarekjede. Det einaste meieriet som gjer dette sjølv, er Tine. Dei får ikkje distribusjonstilskot, det får Q og Røros. Men det er likevel ikkje gjeve kven som tener og taper på tilskotet: «Det er imidlertid verdt å merke seg at prisutjevningsordningen er en selvfinansierende ordning, og at tilskuddet fører til økte avgifter og/eller reduserte tilskudd og dermed høyere råvarekostnader. […] Det er imidlertid vanskelig å vurdere den samlede effekten av disse forholdene», skriv Landbruksdirektoratet i si utgreiing.

Er det nokon som er litt forvirra? Eg rekker glatt opp handa. Er det nokon som kjenner seg att? Ja, eg kan rekke opp handa her òg – for ein sjølvstendig næringsdrivande er det noko som minner om «frådrag for inngåande avgift» og liknande postar i momsmeldinga. Avgiftssystem vert sjeldan lett forståelege.

Når ikkje eingong forvaltaren av tilskotet klarer å vurdere om det fungerer etter siktemålet, er det likevel mykje som tyder på at ordninga er moden for revidering. Sjølv om eg no skjønar litt meir av korleis PU fungerer, veit eg ikkje om eg meiner ordninga er god eller ikkje. Til det inneheld ho altfor mange ulike moment.

Men spliden ordninga skapar i meierinæringa – den er skadeleg for alle. Eg trur difor på ei ny ordning som samlar alle oss mjølkedrikkarar og osteetarar kring kjærleik til norsk mjølk.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Avgiftssystem vert sjeldan lett forståelege.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis