JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Pinnekjøt

Luftig mangfald vert bra til slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein pinne gjer ingen julaftan, men med ei heil side er du sikra.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

4243
20211224
4243
20211224

Så vart det jul i år òg. Same kor mykje ribbe, lutefisk, pinnekjøt, peparkaker, akevitt, juleøl og marsipan du har trykt i deg gjennom adventstida: Middagen kjem til å smake annleis i kveld. For når vi har pynta oss og funne fram det finaste serviset, og juletreet har altfor mange pakkar under, så er det eitt eller anna som smittar over på tallerkenen.

Om det er du som står for julemiddagen i kveld, er det altså berre å senke skuldrene: Maten kjem til å smake godt, og gjestane kjem til å verte nøgde nesten same kva du gjer.

Det er likevel ikkje til å kome frå at fallgruvene er færre i pinnekjøtdelen av Noreg enn i ribbeland. Pinnekjøt skal ikkje ha sprø svor, og ingen saus skal jamnast. Kjøtet kan sjølvsagt vere for mykje eller for lite salt, men det er feil gjorde før julaftan du får gjort lite med.

Like lite som du får gjort med pinnekjøtrettleiaren eg kjem med i dag, for har du ikkje kjøpt pinnekjøt og lagt det i vatn seinast i går, får du ikkje pinnekjøtmiddag i dag. Men romjula er lang, og noko skal ein då uansett korte pakkeventetida med?

Naturleg smak

Saka er at pinnekjøt ikkje er pinnekjøt lenger. I det minste ikkje om vi skal tru alle pinnekjøtpakningane som er å finne i butikken – og alle kreative ordvala produsentane tar for å skilje seg ut frå dei andre pinnekjøtpakkar: Vossakjøt sel eldhusrøykt pinnekjøt «med smaken av vestnorsk natur» – oppnådd med lokal flis frå or.

I røynda er vel røykt pinnekjøt ein smal tradisjon frå ein mindre del av Vestlandet – området kring nettopp Voss, Hardanger og indre Sogn. Det er no vestlandsk natur, det òg.

Spekeloftet i Hemsedal hevdar derimot at «Lufta modnar, og lufta krydrar. (…) Fordi me bur i Hemsedal bruke me det me har – den naturlege lufta.» Produsert på luft og kjærleik, der altså.

Hjå Ringdal set dei òg sin lit til lufta – i kombinasjon med salt frå havet: «Handsalta med grovt havsalt, godt modna og tørka med luft frå dei vakre fjella og fjordane». Ja, for dette pinnekjøtet er produsert ved sjølvaste Geirangerfjorden, må vite.

Fjellkvalitet

Vel. Sarkasme til side: Det er lett å gjere narr av alle dei fine orda, særleg all den tid eg trur dei færraste ville kunne skilje smaken av luft frå Hemsedal frå smaken av luft frå Voss. Men sanninga er jo at alle dei ulike pinnekjøtprodusentane legg rikdom til kulturskatten vår: At det er fleire som tek vare på dei ulike pinnekjøttradisjonane, og at lammekjøt vert foredla i det området lamma har beita i, gjev meir mangfald og styrke til både sauenæring og tradisjonsbering.

Men nokre skryteord står seg betre enn andre. Folkets, som er ei av Norgesgruppens eigne merkevarer, har fått produsert pinnekjøt av Hardangerlam. Fjellet og fjorden i Hardanger prydar sjølvsagt pakningen, men viktigare er orda «rett fra fjellbeite», som står nedst i høgre hjørne.

Denne vesle opplysninga gjer at dette pinnekjøtet skil seg kvalitativt frå alle dei andre: Kjøt av dyr som kjem rett frå fjellbeite, er nemleg av ein heilt anna kvalitet enn kjøt frå dyr som heilt sikkert har vore på fjellbeite, men som har gått heime på bøen nokre veker etterpå, kanskje endåtil med tilskot av kraftfôr for å få litt ekstra kjøt på beina før dei vert sende til slakt.

For bøbeite er ikkje som fjellbeite. Nettopp fordi vekstane på fjellet må slåst meir for å overleve, har dei høgare næringsinnhald – noko som syner att i kjøtet. Særleg kan det vere meir vitamin E, meir langkjeda omega3 og mindre metta feitt, og ein betre balanse mellom omega 3 og omega 6 i kjøt som reiser rett frå fjellbeite til slakteriet.

Det siste dyret et, bestemmer i stor grad korleis produktet vert. Men misforstå meg rett: Begge lammeslakta kan smake godt. Truleg får bonden betre betalt for bølammet, fordi «kvalitetssystemet» som vurderer kjøtfylde, ikkje verdset kvalitetane inne i kjøtet.

Begge produkta – både fjellam og bølam – har altså livets rett. Men ein marknad med over 30 ulike typar pinnekjøt burde ha plass til å få fram desse skilnadane betre. Og bønder som leverer rett frå fjellbeite, burde verte lønte for det.

Kjøper eg pinnekjøt med smak av luft? Nei takk, eg fôrar meg på kort veg frå fjell til bord med pinnekjøt frå Hardangerlam.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nokre skryteord står seg betre enn andre. 

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis