JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Poteter

Mykje tull med toll. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jordeple: Opp frå mørket kjem ho og har (heldigvis) inga aning om det kompliserte systemet vi bygger kring ho.

Foto: Pxhere.com

4318
20231215
4318
20231215

«Poteten kan bli dobbelt så dyr», stod det på nettsida til NRK i førre veke, i etterkant av at SV i budsjettforliket med Ap og Sp ordna overgang frå krone- til prosenttoll på mellom anna poteter. I røynda inneber dette høgare toll på import av poteter frå nyttår. Krise, tenkte du kanskje – eg slit alt med å sette mat på bordet, og så gjer ei regjering som liksom skal sette vanlege folk fyrst, råvarene endå dyrare?

Ja, det er vanskeleg å tru at NRK ynskte du skulle tenke noko anna, då dei laga ein slik tittel. Men stemmer det, eigentleg? Det med «dobbelt så dyr», altså?

Alt idet vi opnar saka, modererer røyndommen seg litt: Det dreier seg om matforskar Ivar Pettersen, som meiner kiloprisen på poteter kan gå opp frå 20 til 40 kroner per kilo med dei nye tollsatsane. For når importerte poteter vert dyrare, er det ingen grunn til at ikkje også norske produsentar vil auke prisane, meiner han.

Landbruksministeren er usamd, og hevdar at professoren gløymer at prisen på norske poteter er styrt av målprisar, og at dei ikkje berre konkurrerer med importpoteter, men også med andre karbohydratkjelder som ris og pasta.

Med andre ord: Begge sider spekulerer, og ingen veit sikkert. Skal vi då kanskje ta oss tid til eit lite tilbakeblikk?

Då ostetollen kom

Det er nemleg ikkje fyrste gong norske styresmakter har teke overgangen frå kronetoll – altså ein tollsats som ein fast sum – til prosenttoll – toll som ein prosent av importverdien – på jordbruksvarer. I statsbudsjettet for 2013 vart tollsatsen for ost endra frå 27,15 kroner per kilo til 277 prosent. Det same skjedde for storfe- og lammekjøt, som fekk prosenttoll på 344 og 429 prosent.

Så. Skaut prisane på norsk mjølk, ost, biff og lammekotelettar i vêret? I jordbruksforhandlingane i 2013 vart målprisen for mjølk auka med 23 øre per liter, medan målprisen for lammekjøt gjekk opp med 3,50 kroner per kilo. Det var ein større auke enn året før – i 2012 var auken 9 øre per liter og 1,80 kroner per kilo. Men i 2012 enda forhandlingane med brot, og det var difor tilbodet frå staten som vart vedteke det året, medan ein i 2013 vart samd meg begge faglaga etter forhandlingar. I tillegg var det valår.

Men vi kan òg sjå på prisane ut til forbrukarane: Ifylgje Statistisk sentralbyrå hadde den totale konsumprisindeksen ei årsendring på 2,1 prosent i både 2013 og 2014. Lamme- og geitekjøt hadde derimot ei årleg prisendring på –0,7 prosent i 2013 og 0,4 prosent i 2014. Ingen prisauke der, altså. Det verkar også som prisen på ost i det store og heile fylgde konsumprisindeksen dei åra: prisveksten var 0,9 prosent i 2013 og 3,7 prosent i 2014.

Sprikande prisar

Ser vi historisk på det, er det i alle fall liten grunn til å frykte noka prisdobling med det fyrste. Likevel er NRK langt frå åleine om å predikere i store bokstavar: «SV-avgift gjør maten enda dyrere for vanlige folk», skriv Gunnar Stavrum i Nettavisen, og skuffar deg dersom du «gleder deg til importerte nypoteter» over nyttår.

Tja. Er det så synd på dei som absolutt må ha amadinepoteter frå Frankrike eller bleike, vasne knollar frå Israel i januar? Kvifor dette stadig angrepet på jordbruket? Vi har frihandelsavtalar – EØS er den største – som forpliktar oss til å importere mat vi kan produsere sjølv, som kjøt frå storfe og lam. Det gjer vi mellom anna for å støtte eksportinteressene til fiskeindustrien. Slik sett kan vi – om vi strekker strikken bitte litt – seie at fattige bønder med låge målprisar subsidierer oppdrettsmillionærar.

Men vi treng ikkje lage fleire konfliktar. Målet med prosenttollen er sjølvsagt ikkje dyrare mat for nordmenn flest. Målet er å gjere det meir lønsamt å produsere poteter i Noreg. Det vil gje norske potetbønder, og arbeidarar som jobbar i tilknytte bransjar, trygge jobbar og betre kjøpekraft.

Prisane på poteter i norsk daglegvare spriker alt i dei fleste retningar. Hjå Meny kostar franske amadinepoteter 40 kroner per kilo, medan norske perlepoteter kostar over 74. Det som for mange er den verkelege potetkongen, mandelpoteta, er heilt nede i 12,45 kroner per kilo.

Ja, lat oss for all del ikkje gløyme at sjølv om prisen til dels vert styrt av tollsatsar og kostnader, vert han i minst like stor grad styrt av marknadsverdi og kjøpekraft – sjølv for ei enkel og uunnverleg lita potetrot.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis