JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Rett i koppen

Det er lov med lett mat på tur, men enkelte variantar vil eg halde meg unna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når dørstokkmila er passert, er det mindre viktig kva som er på termosen. Men om ein må velje, kan ein jo likevel velje litt lurt?

Andrew Welch via Wikimedia Commons

4108
20240209
4108
20240209

Det snør! Eller regnar det? Kanskje er miljøet utanfor vindauget ditt ein stad midt imellom, også kjent som slaps? Eller, du store min, skin sola, men det blæs sure kattungar og rustne trampolinar? Uansett: Det er mykje truleg at vêret ser verre ut frå innsida enn det kjennest når ein vel er ute i det. Dørstokkmila er reell, men det er òg klisjeen om at du aldri angrar på ein tur.

Noko som kan hjelpe, er likevel å ha med seg ein godbit. Om den godbiten i tillegg er varmande, burde vi kunne ta han rett inn i fjellvettreglane: Sjølv om dei ikkje spesifikt seier noko om mat, kan vi i det minste, mellom oss, putte det å ha vatn og noko næringsrikt, lett og velsmakande i sekken inn som eit uoffisielt underpunkt til regelen om å ta med nødvendig utstyr – kan vi ikkje det?

Tomatar på topp

Spørsmålet vert då kva vi skal velje. Ofte vert det nok ein suppepose: Dei siste tiåra har Rett i koppen gått frå å vere eit merkenamn til å verte eit uttrykk i seg sjølv. Produktserien frå Toro tel etter kvart elleve ulike suppevariantar, alle med det til felles at dei kan lagast i ein kopp med varmt vatn frå ein termos. Nokre variantar kan likevel syne seg å vere betre val enn andre.

Lat oss byrje med ein verkeleg klassikar: tomatsuppe med pasta. At denne posen også har fått den meir moderne råvara mozzarella hengande ved namnet, skal vi ikkje bry oss større om: Innhaldslista syner oss at mozzarella berre utgjer 4 prosent av eit ostepulver. Truleg bidreg det litt til å få opp proteininnhaldet i suppa, men smaksmessig vil det ha lite å seie.

Utover det er likevel innhaldslista til tomatsuppa ei positiv overrasking, for ho er blant få suppeposar som har hovudingrediensen øvst: 27 prosent av innhaldet er rett og slett tomat, medan pasta utgjer 19 prosent. Fyrst på tredje og fjerde plass står dei tilsynelatande uunngåelege, men like fullt ernæringsmessig unyttige ingrediensane modifisert potetstivelse og maltodekstrin.

Maltodekstrin er eit ultraprosessert karbohydrat som er så langt unna ei råvare at vi ikkje kan seie sikkert kor det kjem frå: Industrien kan bruke både kveite, mais og ris som utgangspunkt. Resultatet er iallfall ein sukkervariant med høg glykemisk indeks. Faktisk kan maltodekstrin auke blodsukkeret meir enn kvitt sukker gjer.

Akkurat på tur er kanskje ikkje det det verste, tenker vi gjerne, og det kan vi sikkert ha rett i – men sjølv om vi er i aktivitet, er det jo ordentlege næringsstoff vi er ute etter, er det ikkje det?

Det eg vel vekk

Eg vil i alle fall halde meg unna Rett i koppen-variantane som har maltodekstrin som hovudingrediens. Ja, det er faktisk to Rett i koppen-variantar som inneheld meir maltodekstrin enn noko anna: Meksikansk tomatsuppe inneheld ikkje meir enn 15 prosent tomat og lite anna næring. Skogsoppsuppa er truleg endå verre – her er 3 prosent sopp og noko skummamjølk, men resten av posen har lite eller ingenting med råvarer å gjere.

Verken Tom Kha Gai, Blomkål- og brokkolisuppe eller Gulrotsuppe med ingefær kjem særleg høgt på mi liste. Begge inneheld meir modifisert potetstivelse enn råvarer. Då vel eg meg heller ei ertesuppe som faktisk inneheld mest erter – og heile tre ekte grønsaker i tillegg. Er du derimot litt lei av gamle Noreg og ønskjer deg ein meir eksotisk smak, kan det vere verdt å prøve Szechuan-varianten: Hovudingrediensen er pasta, men her er òg opptil fleire grønsaker og ekte smaksgjevarar som ingefær, lime og kvitlauk. Luksus!

Eller – vent no litt. Korleis hamna vi her? Altså på ein stad der ekte ingrediensar må verte rekna som luksus ute i sjølvaste naturen?

Slik kan vi ikkje ende opp. Vi må runde av med å minne om at det er fullt mogleg, ja, til og med både raskt og enkelt, å lage si eiga tursuppe – heilt utan tom stivelse. Ein god buljong eller kraft på ein termos med finsnitta grønsaker, pølser eller liknande, er truleg det aller enklaste når du vel er ute på tur. Pose er kanskje lettvint, men endå meir lettvint er ingen pose.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg vel meg heller ei ertesuppe som faktisk inneheld mest erter.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis