JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Sau

Mor må settast pris på, ho òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mor og born: Lamma er mest verdsette, men kanskje smakar mor like godt, og kva skulle vi gjort utan henne?

Foto: Paul Kleiven / NTB

4423
20210924
4423
20210924

Det er fleire gode ting med at sommaren er over. Knotten og kleggen forsvinn, hjortejakta byrjar, og – ikkje minst – sauer og lam kjem heim frå fjellbeitet og set i gang den beste kjøtsesongen året kan by på.

Eg er glad i kjøt. Det er ikkje til å kome unna – eg vert svolten av baconlukt, lagar gjerne tartar av hjortefilet og kan putte ein godt marmorert entrecote ganske høgt opp på favorittmatlista.

Entrecoten kjem likevel ikkje i nærleiken av det kjøtet som no kjem heim frå fjell og vidder. For meg er det ingen over, ingen ved sida: Om det no er lammekotelettar steikte kjapt i panna, fårikål kokt i mangfaldige timar på komfyren eller pinnekjøt fyrst varsamt salta, så godt hengemodna og til slutt kraftig kokt. Eg veit ikkje kva det er, men eg er seld, med feitt og alt. Ja, særleg med feitt, for er ikkje det det aller beste med kjøt frå sau – at feittet smakar så sabla godt?

Det einaste problemet eg har med favorittkjøtet mitt, er kva eg eigentleg skal kalle det. Den merksame lesaren har kanskje lagt merke til at eg vekslar mellom sauekjøt og lammekjøt i avsnittet over. For meg er det nemleg to sider av same sak – skal vi få lam, må vi ha sauer, og dei må slaktast iblant, dei òg, elles ville dei døy av langt meir smertefulle naturlege årsaker, og vi ville ikkje få nyttiggjere oss av dei.

Matsjokket

I marknaden elles er det ikkje heilt slik. Når eg no, i starten på høgsesongen, søker på lam i produktoversikta til daglegvarekjedene, får eg minst 50 treff hjå kvar. Når eg derimot søker på sau, får eg òg mange treff – men dei referer utelukkande til saus, ikkje til kjøtet eg var på leiting etter.

For to år sidan, i 2019, hadde Nortura over 600 tonn sauekjøt på fryselager. Det svara til ti millionar middagar, og det var nok til at NRK sette heile sitt propagandaapparat bak TV-programmet Matsjokket, der kokk Christer Rødseth og skodespelar Kristofer Hivju syner for heile Noreg kor ko-ko det er at så mykje god mat går til spille.

Og propagandaen fungerte: I løpet av hausten klarte Nortura å kvitte seg med heile reguleringslageret sitt. Ein god del gjekk rett nok ut av landet, til Oman og til ein hemmeleg pris, men òg spekevareprodusentar i heimlandet kjende vitjingstidene sine og sikra seg prima råstoff.

Samstundes lova alle bot og betring: Sau skulle ut i butikkane. Nye produkt skulle lagast. Forbrukarar skulle kjøpe dei. Og prisane til produsentane skulle opp. Ikkje at det skulle så mykje til, for prisane var i mange høve nærare null enn noko anna.

No har det gått to år. Korleis har det gått med sauen?

Åttedobla, men låg

Ved fyrste augnekast: Det har gått bra med sauen. «For første gang siden 2015 går Nortura inn i høysesongen med tomt reguleringslager av sau og lam», melde Nationen i august. Prognosar frå marknadsregulatoren tyder på at situasjonen vil halde seg: Produksjonen av sauekjøt er venta å verte 4900 tonn i år. På toppen kjem ein import på 200 tonn – og det heile vert summert i eit forventa sal på kring 5000 tonn.

Altså et vi meir lam og sau no enn vi gjorde for to år sidan? Vel, kanskje litt meir, men diverre ikkje særleg mykje: Prognosane er gjorde med utgangspunktet i bestand og levering på 1 prosent. Koronaåret har gjeve litt høgare forbruk av sau- og lammekjøt, men mindre enn auka i dei andre kjøtslaga, melder Totalmarked kjøtt og egg.

Og kva med prisen til bonden? Jau, han er over åtte gongar høgare enn han var i 2018: Då låg, ifylgje rapporten «Kjøttets tilstand 2018», avrekningsprisane på sau ein stad mellom 0,19 og 1,19 kroner per kilo. I år ligg Norturas avrekningsprisar på frå 3,11 kroner (vaksen sau klasse P) til 18,81 kroner (ung sau klasse E+) per kilo – før tilskot og tillegg. Noregs største private slakteri, Fatland, gjev eit eige saueslakttillegg på fire kroner per kilo i utvalde veker i haust. Likevel: under tjue kroner per kilo er latterleg lågt for eit så godt råstoff.

Noko rører på seg likevel. Sauen kan med rette kjenne seg meir verdsett. Men: Når ikkje eitt einaste produkt frå verken store produsentar eller store kjeder har funne vegen heilt fram til forbrukaren, er det ikkje godt nok. Fårikålkjøt av lam bør finnast i alle butikkar landet over i desse tider. Det bør fårikålkjøt av sau òg gjere, for det er minst like godt. Og så skal vi ikkje gløyme biologien i det heile: Som son og dotter fortener mor å verte eten opp, ho òg.  

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sauen kan med rette kjenne seg meir verdsett.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis