JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Sjokoladepålegg

Mindre sukker treng ikkje innebere mindre energi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når det ser godt ut, er det fordi det er godt, men er det sunt? Det vert ei anna sak.

Foto: Pxhere.com

4328
20211029
4328
20211029

Det er ikkje noko rart at det smakar godt med sjokoladepålegg på skiva. At Nugatti som inneheld mykje sukker, mykje feitt og nok hasselnøtter og kakao, smakar godt på varm, nysteikt loff, er heilt naturleg: Denne retten gjev nemleg smakslaukane dine noko salt, noko søtt, noko feitt, noko mjukt og noko sprøtt, og det er vel tilnærma alt dei kan ynskje seg i livet.

Så vil naturlegvis ikkje det seie at du bør gje smakslaukane dine akkurat det dei ynskjer seg til kvar tid. For attom smakslaukane sit det til dømes eit hjarte- og karsystem som ikkje set pris på for mykje energi samstundes.

Kanskje er det difor vi har fått Nugatti i sukkerreduserte og sukkerfrie variantar: Vi har vanleg Nugatti, originalen frå 1969, som det framleis vert selt kring 7 millionar boksar av kvart år i Noreg. Så har vi Nugatti Max, som inneheld 40 prosent mindre sukker enn originalen, og vi har Nugatti Zero, heilt utan tilsett sukker.

Om lag her er det likevel noko som byrjar å verte litt rart. For éin ting er at original Nugatti inneheld 526 kaloriar per 100 gram – noko anna kan ein gjerne ikkje vente seg når fyrste ingrediens på innhaldslista er sukker og neste er solsikkeolje.

Men då burde ein gjerne forvente at Nugatti Max, som inneheld 40 prosent mindre sukker, burde ha monaleg lågare kaloriinnhald? For ikkje å snakke om Nugatti Zero? Slik er det likevel ikkje. Nugatti Max oppgjev 500 kaloriar per hundre gram, og Nugatti Zero ligg faktisk litt høgare – 504 gram. Kvifor det, skal tru?

Ingrediensane

Vi skal ta for oss produkta ingrediens for ingrediens, og vi byrjar med Nugatti Max. Som for originalvarianten er dei to fyrste ingrediensane på lista sukker og solsikkeolje. Men mengda sukker er mindre: Her er 40 gram sukkerartar per 100 gram vare, mot 61 gram – altså nærare to tredjedelar – i originalen. Kvart gram sukker gjev fire kaloriar. Altså kjem 160 av kaloriane i Nugatti Max frå sukker.

Så er det meir feitt i Nugatti Max enn i original Nugatti – 31 mot 28 gram. Kaloriinnhaldet i feitt er standardisert til ni kaloriar per gram – her får vi 252 kaloriar til.

Protein inneheld òg kaloriar, 4 per gram, og det er meir protein i Nugatti Max enn i originalen: 6,4 mot 4,7 gram. Altså 25 kaloriar til – vi er no oppe i 437 kaloriar.

Om lag halvparten av dei resterande kaloriane er å finne i kostfiberen produsenten Orkla har nytta for å kutte ned på sukkeret. Ja, for sjølv om vi får høyre at kostfiber berre går gjennom fordøyingssystemet utan å verte broten ned, er ikkje det heile sanninga: Fiber er mat for bakteriane i tjukktarmen, og dei kan klare å bryte fiber ned til feittsyrer, som kan spasere vidare til levra og verte lagra der eller andre stader i kroppen. I kor stor grad dette skjer, kjem an på ei røys faktorar som tarmflora og kva vi et saman med fiberen. Difor har ein vorte sameinte om to kaloriar per gram som eit slags kompromiss.

No er fiberen som vert nytta i Nugatti Max, av typen inulin, som i liten grad vert tatt opp av kroppen. Truleg er kaloritalet kroppen din klarar å ta opp, mindre enn 500. Men om du kjenner deg litt uggen i magen etter inntak, kan det vere heilt naturleg: Inulin er ei kjelde til både luft i magen, diaré og tarmproblem hjå enkelte.

Zero sukker, max feitt

Kva så med Nugatti Zero, som altså er heilt utan sukker? Fyrst på innhaldslista er alt nemnde inulin, tett følgd av solsikkeolje. Mykje solsikkeolje, truleg, for feittmengda er 35 gram per 100: Medan nærare to tredjedelar av energiinnhaldet i original Nugatti kjem frå sukker, kjem altså om lag ein like stor del av næringsinnhaldet i Nugatti Zero frå feitt.

Og sjølv som solsikkeolje er vegetabilsk og i stor grad umetta, er det langt frå den sunnaste oljen du kan få i deg: Han inneheld nemleg ei stor overvekt av omega 6-feittsyrer. Det er ei feittsyre vi må ha, men ikkje i så store mengder – og dette har i mange høve vorte trekt fram som ei årsak til ymse betennelsar i fordøyingssystem og kropp.

Mykje tyder på at det framleis ikkje er noko sjokoladepåleggstre som veks inn i himmelen. Så kjøper eg Nugatti Zero eller Nugatti Max? Nei takk, skal eg vere usunn, kan eg like godt vere det ope og ærleg med heilt vanleg, sukkerfullstappa original Nugatti.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nærare to tredje­delar av energi­innhaldet i original Nugatti kjem frå sukker.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis