JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Vegetarisk middag

Ein grøn kvardag vert grå om han kjem med massevis av ekstra prosessar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det bognar: Å velje vekk kjøt og fisk treng ikkje innebere at mangfaldet vert valt vekk.

Foto: Pxhere.com

4305
20220128
4305
20220128

Eit nytt år er over oss, og som dei fleste andre vil det fyrst og fremst vere sett saman av kvardagar. Dagar som går etter eit fast mønster: Vi står opp til same tid, går på same jobb eller skule og har altfor dårleg tid til å lage middag.

Høyrest det traurig ut? Vi er raske til å trekke fram alle dei spesielle tinga som skjer i løpet av eit år, men likevel trur eg dei fleste av oss set stor pris på desse heilt vanlege dagane. Dei næraste folka, dei daglegdagse gjeremåla og den heilt vanlege maten.

Små endringar gjer vi likevel heile tida. Som at stadig fleire av oss et litt mindre kjøt. Ulike undersøkingar gjev litt ulike svar, men i det minste seier over halvparten av oss at vi er villige til å redusere kjøtforbruket vårt. Om vi i realiteten et meir eller mindre, kjem an på kor lange linjer vi dreg opp: I 2020 åt vi 35 kilo meir kjøt kvart år enn vi gjorde på 1970-talet, men samstundes hadde vi ikkje ete mindre kjøt sidan 1999, ifylgje Animalia.

Denne auka interessa for vegetarisk kosthald er hovudårsaka til at Mattilsynet i fjor tok seg bryet med å analysere innhaldet av næringsstoff og uønskte stoff i 25 plantebaserte middagsprodukt og drikkar: Dei ynskjer mellom anna å oppdatere den offisielle matvaretabellen med næringsopplysningar for fleire vegetariske alternativ.

16 av dei 25 produkta er middagsprodukt, og med eitt unnatak er dei alle saman etterlikningar av kjøtprodukt. Unnatak er kikertbasert falafel frå Hälsans Kök. Dei andre 15 produkta er kjøtbollar, burgarar, pølser og farsar laga med base i smaklause og ultraprosesserte proteinkjelder som soya- og erteprotein. Korleis vert då næringsinnhaldet i dei ferdige produkta?

Overeting

Havforskingsinstituttet har gjennomført undersøkinga for Mattilsynet. Kort oppsummert finn dei at dei vegetariske alternativa inneheld meir karbohydrat og mindre feitt enn dei kjøtbaserte originale dei prøver å kopiere. Proteininnhaldet er temmeleg likt, om vi skal tru oppsummeringa i rapporten.

Og då er vel alt i orden? Men både feitt, protein og karbohydrat er jo sekkepostar i næringsrapporten og syner langt frå heile helsesanninga. Dei siste åra har forskarar fått meir og meir kjøt på beinet for teoriar om at di meir prosesserte matvarer er, di meir usunne vert dei. Ultraprosessert mat har vorte nærast eit skjellsord, fordi ein meiner at di meir ein har rive ei råvare frå kvarandre, di meir har ein på ein eller annan måte øydelagt ikkje berre råstoffa, men òg korleis dei ulike næringsstoffa møter kroppen og fordøyingssystemet vårt.

Undersøkingar har mellom anna synt at personar som et mykje ultraprosessert mat, et fleire kaloriar enn om dei, med tilsvarande livsførsel, et reine råvarer. Og då legg dei på seg, då. Og utviklar livsstilsrelaterte sjukdommar.

Ultraunødvendig

Og kva er ultraprosessert mat? Jau, matvarer der råvara ikkje lenger kan kjennast att i det ferdige produktet. Soyapølser, erteburgar og soyafarse er krondøme på produkt som er skapte ved at ei råvare er plukka frå kvarandre og tilsett ei rekke smaks- og konsistenshevarar for å likne ei anna råvare.

Er det verkeleg dette som skal drive fram eit nytt, grønare kosthald i Noreg? Ein ny og spanande ting som skal skje i 2022, er at vi får nye offisielle kosthaldsråd. Ei arbeidsgruppe har halde på med dette i fleire år. I tillegg til å oppdatere seg på forsking i dei felta som alt er dekte av kosthaldsråda, har gruppa valt seg fleire nye felt som skal inn i rådgjevinga. Eit av dei er tilarbeidd mat, og eit anna er berekraft.

Det vert spanande å sjå kva konklusjonen vert av dette arbeidet. Får vi kosthaldsråd for inntak av ultraprosessert mat – og korleis slår det i så fall ut for vegetaralternativa?

Heldigvis har matkartet monaleg fleire alternativ å by på enn berre pølser og burgarar. Ein kvardag med mindre kjøt treng ikkje vere det same som å byte ut kjøtpølser med vegetarpølser. Vår grøne verd er monaleg mykje større og mykje enklare. Like lite som ein kjøt- eller fiskemiddag treng ein vegetarisk middag kome frå ein pose. Dei aller fleste grønsaker treng ikkje vere innom ein einaste fabrikk eller prosesseringsmaskin for å verte sunn, god, fargerik og kvardagsvenleg middag.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein vegetarisk middag treng ikkje kome frå ein pose. 

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis