Verdsdekkande hurtigmat
Norsk landbruk strekker seg langt for å forsyne global likskap.
Dei serverer milliardar av menneske, men korleis bidreg dei til matproduksjon i Noreg?
Foto: Gene J. Puskar / AP / NTB
Å boikotte globale hamburgarkjeder som McDonald’s og Burger King er ein gamal travar. Kjedene førte med seg ei amerikanisering av kultur som ingen var tente med, meinte ein på åttitalet. Dessutan hadde dei altfor store selskapa altfor mykje makt, dei som jobba på restaurantane, hadde for dårlege arbeidsforhold, og dessutan var maten av dårleg kvalitet.
Korleis står eigentleg denne motstanden seg i 2021? McDonald’s har nytta norsk storfekjøt i burgarane sine sidan dei opna i Noreg i 1983, men dei har snakka monaleg mykje høgare om det dei siste åra. No betaler dei endåtil for å bruke Nyt Norge-merket på produkta sine – og ikkje minst i reklamekampanjane. I fjor hadde dei ein stor kampanje der hovudbodskapen var at dei serverte mat med råvarer frå over 8000 norske bønder.
Og ja, McDonald’s brukar norsk storfekjøt, egg, torsk og norsk mjølk, og norsk salat og tomat i sesong, og dette har auka populariteten deira i landbrukskrinsar: «At en global aktør som McDonalds’s bruker en så stor andel norske råvarer i produktene de selger i Norge, har stor betydning for landbruket», uttalte dåverande leiar i Bondelaget Lars Petter Bartnes for nokre år sidan.
McDonald’s arrangerer kvart år konkurransen Årets unge bonde saman med Bondelaget og Felleskjøpet, og dei støttar forskingsprosjektet Klimasmart landbruk saman med Tine og Nortura.
Dei er med andre ord ein integrert del av norsk matproduksjon som vi alle bør støtte opp under. Å kjøpe burgar på McDonald’s bør etter kvart vere like naturleg som å kjøpe is frå Hennig-Olsen og pølser frå Gilde på 17. mai. Eller?
Burgar med tap
No kjem snart den tida då svineribba kjem til å verte svinebilleg i butikkane, og bondeorganisasjonar kjem til å gå ut og skulde kjedene for å selje dei flotte produkta deira til spottpris. Samstundes får McDonald’s selje dobbel cheeseburgar til 29 kroner heile året rundt utan at nokon opnar så mykje som ei munnvik.
Det er umogleg å selje 170 gram storfekjøt, hamburgarbrød, lauk, agurk, sennep, ketsjup og smelteost for 29 kroner og tene pengar på det.
Mest truleg sel McDonald’s burgaren med tap – som ei lokkevare, på same måte som daglegvarebutikkar sel varer til under innkjøpspris. Skilnaden er berre at når daglegvarekjedene gjer det, klagar produsentane. Her verkar det tvert om som dei gjer det dei kan for å få levere mest mogleg.
Frites eller lefse?
Norsk potetbransje har brukt fem år og nesten sju millionar kroner på å utvikle potetsortane Santana og Innovator særleg for McDonald’s: Potetene er større og meir avlange, slik at ein kan lage lengre pommes frites, slik McDonald’s vil ha dei.
Dei nye potetsortane har auka potetdyrkingsarealet med 3500 dekar. Og det er jo bra? Meir norske poteter til norske folk?
Ja, det er bra at forskingsmidlar fører til auka produksjon. Men må det vere slik at det er pommes frites til McDonald’s ein skal bruke forskingsmidlar på? Kva om ein i staden – og no stikk eg fingeren i lufta her – hadde forska på gode poteter til raspeballproduksjon? Eller til potetlefser? Og så hadde følgt opp med å bruke pengar på å bygge opp under dei gode foredlingsledda vi har på desse tradisjonsprodukta våre? På å selje inn lefser til den i altfor stor grad importerte tortillamarknaden, til dømes? Korleis kunne det påverka verdiskaping og potetdyrkingsareal, skal tru?
For korleis står det til med McDonald’s bidrag til matkulturen verda over? Burgarkjeda er snar til å kaste seg på eksisterande mattrendar, også dei som kjem frå alle andre stader enn USA. Siste skot på stammen er dei sylta grønsakene ein i Korea kallar kimchi. Nett no tronar dei høgast på menyen – i ein hamburgar med namnet Homestyle Kimchi. Og ja, her er eit strøk sylta raudkål, men majonesen McDonald’s kallar Kimchi Mayo, kan ikkje ha vore andre stader i Korea enn på ein aromastoffabrikk.
Og er det ikkje slik, til sjuande og sist, McDonald’s framleis opererer: Gjennom å ta inn små innslag av lokale variasjonar, gje små drypp til alle ikring seg, kan dei dure på med sitt eige og stolt skryte av å servere 38 millionar heilt like måltid over heile verda kvar einaste dag.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Må det vere slik at det er pommes frites til McDonald’s ein skal bruke forskingsmidlar på?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.