JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Gåvekortet

«Det er ikkje sikkert gåvekortet er gyldig lenger. Men fyrst må ho finne det.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3118
20240531
3118
20240531

Olga trudde ho hadde lagt gåvekortet på den lure staden, øvst i det lange skapet, saman med passa, boka med oppskrifter og andre småting som ikkje skal kastast med det fyrste, kanskje aldri. Ting ho tenkjer det kan vere lurt å ta vare på sånn i tilfelle.

Det er ikkje noko gåvekort å sjå, berre ein konvolutt med gamle betalingskort som ho ikkje har fått seg til å klippe opp og kaste, slik ein skal gjere når dei ikkje verkar lenger. Ho forstår ikkje kvifor utgåtte betalingskort utgjer ein så stor fare at dei må øydeleggjast, dei kan vel umogleg byrje å leve sitt eige liv? Ho finn kvitteringar, bilde, teikningar og nokre euro. Ein gamal tilgodelapp frå Intersport på 250 kr, antakeleg forelda. Men kva skulle ho ha kjøpt for 250 kr på Intersport?

Det er ikkje sikkert gåvekortet heller er gyldig lenger. Men fyrst må ho finne det. Ho fekk det av nokre vener som gjekk saman då faren døydde i fjor. Det var vel tusen kroner, om det ikkje var meir? Femten hundre, kanskje? Det er vel ikkje noko som er rett eller gale når det gjeld kva ein kan gje folk som sørgjer. Men eit gåvekort er kanskje litt uvanleg, eller kanskje ikkje?

Akkurat då var Olga uansett ikkje heilt til stades, og det stod ikkje fremst i køen å springe av garde for å shoppe. Gåvekortet blei liggjande ein eller annan stad, og no har ho ikkje peiling på kor det kan ha teke vegen.

Det var Renate Solbjørg som kom på døra og leverte gåvekortet, ei gamal venninne som nesten ikkje kunne kallast venninne lenger, Olga hadde verken høyrt eller sett snurten av ho på fleire år. Dei blei ståande på trappa. Renate sa mest ingenting og ville ikkje vere med inn. Olga fortalde at det gjekk på eit vis, og lova å seie ifrå om ho fekk behov for hjelp. Men det var berre noko ho sa, Olga kom til å prøve å klare seg sjølv slik ho har for vane å gjere. Komme seg vidare på eiga hand. Ikkje vere til bry, og i alle fall ikkje spørje om hjelp frå gamle venninner frå eit anna liv.

Gåvekortet kan ha sklidd ned på golvet og forsvunne inn under sofaen eller kommoden. Femten hundre er mykje pengar. Olga legg seg ned og kikkar under sofaen. Berre støv og lite gåvekort å sjå. Ho reiser seg og går bort og dreg kommoden ut frå veggen, ein edderkopp spring av garde, og inntil golvlista ligg Lypsylen hennar og ein svart knapp som ser ut som han har lege der ei stund.

Det er mest umogleg for andre å vete kva ein skal gje til folk no for tida. Ei personleg gåve er alltid det beste, men med eit gåvekort i neven kan du kjøpe deg noko du har lyst på sjølv, og sleppe å få ein stygg ting som andre trudde du skulle synast var fin, eller noko visvas du ikkje har bruk for.

Av alle stader ligg gåvekortet i skapet over komfyren, under bruksrettleiinga til oppvaskmaskinen. Olga plar aldri leggje noko der. Det er gyldig i to månader til, så det er ingenting som hastar. Verdien er tusen kroner og ikkje femten hundre, og no ser ho at det berre kan brukast hos ei som driv med massasje og fotpleie i sentrum. Kva er det eigentleg dei trur om meg, tenkjer Olga.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis