Granola
Det hjelper ikkje kor god du er,
om du pyntar på resultatet.
Skal frukosten sjå slik ut, tek det kanskje litt lengre tid, men gryn (eller granola) og mjølk er framleis kjapp mat.
Foto: Ewan Munro / Wikimedia Commons
Kva er den kjappaste frukosten du kan sette saman? Eg satsar ikkje livet på det, men trur likevel det er vanskeleg å slå gryn med mjølk. Di favorittmjølk med dine favorittkorn i ei skål – i våre tider betre kjend som frukostblanding, müsli, crüsli eller granola.
Kjapp innføring i gryn med mjølk à la 2018: Granola og crüsli er det same: gryn som er bakte i omnen for å verte ekstra sprø. Müsli er valsa gryn som er tørka, ikkje bakte. Frukostblanding er alt anna.
Dobbeltsiger?
Produkta vi skal byrje med denne veka, er to variantar av fyrstnemnde: granola. Representert ved Made by Berit Nordstrand Urkorn Granola puffet quinoa og Synnøve Finden Granola Jordbær. Dei to har likevel fleire ting til felles enn berre framstillingsmåten.
For det fyrste flaggar begge to eit terningkast på pakningen. Ikkje overraskande syner begge terningane seks auge, saman med orda «Best i test». Ikkje overraskande det, kanskje – så mange nettstader og helsemagasin som vier seg til slikt om dagen, er det nok ikkje vanskeleg å grave opp to ulike terningkast, og kvaliteten på testane gjer det ofte ikkje vanskeleg å oppnå toppscore.
Det er likevel ikkje tilfellet her. Både Berit Nordstrand og Synnøve Finden syner nemleg til same test: utført av nettstaden bramat.no i mars 2017.
Kan ein test ha to vinnarar? Dømming av og konkurrering i mat går ikkje føre seg på same måte som i idrettsverda. Målet er ikkje ein vinnar, men å syne kvaliteten i kvart enkelt produkt. Ein byrjar med full pott, og så trekkjer ein poeng for feil og manglar. At fleire endar på same poengsum – og gjerne den maksimale – er heller regelen enn unntaket.
Så òg ved dette høvet. Testen syner at heile sju av 33 produkt har fått terningkast seks. Ingen testvinnar er kåra. Marknadsføringsjuks? I alle fall ikkje langt unna. Sidan dei to produkta høyrer heime i same konsern (det er Synnøve Finden som produserer Made by Berit Nordstrand), kan dei ikkje eingong skulde på at dei ikkje visste om kvarandre.
Eller tap?
I tilfellet Berit Nordstrand er det ikkje eingong tydeleg om produktet som vart testa i fjor, er identisk med det vi i dag finn i butikken. Produktet som er testa, heiter Granola med bygg og puffet quinoa. Innhaldslista er ikkje gjeven opp, men næringsinnhaldet – som testen baserer seg på – er ikkje identisk med Urkorn Granola av januar 2018. Mengda fiber er lågare (18 mot 19 gram per 100) og sukkerartar høgare (12 mot 11 gram) i siste versjon.
Og kva med bruken av ordet «urkorn»? Eigentleg verdt ei spalte i seg sjølv, men no køyrer vi på: «Granolaen er bakt med urkornstypene rug, havre og bygg», står det på pakken. Vel.
Urkorn syner til kornsortar som ikkje er tilpassa intensiv, industriell kornproduksjon: tidlege kveitesortar som einkorn, spelt og emmer med lite og blautt gluten, svedjerug med lange strå og god busking som vern mot ugras, særleg næringstett nakenbygg. Det er altså ikkje sorten som bestemmer om eit korn er urkorn eller ikkje. Både havre, rug og bygg finst i aller høgste grad i moderne variantar. Når sorten ikkje er spesifisert i granolaen til Berit Nordstrand, får eg mistanke om at produsenten i beste fall ikkje veit kva hen snakkar om.
Skulle eg valt granola ut frå kva eg finn i hyllene i dag (som trass alt er både enklast og riktigast), ville eg gått for Axas Strawberry & Black Currant Granola av havre, rug og korn. Søta med eplejuicekonsentrat, ikkje sukker og honning som hos høvesvis Synnøve Finden og Berit Nordstrand, og altså med solbær – eit bær ein elles ser altfor sjeldan i butikkhyllene.
Kjøper eg granola frå Berit Nordstrand og Synnøve Finden? Nei takk, eg grev søvnen ut av auga med Axa Strawberry & Black Currant.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I tilfellet Berit Nord-
strand er det ikkje
eingong tydeleg om
produktet som vart
testa i fjor, er iden-
tisk med det vi i dag
finn i butikken.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen