JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Grønsaksshot

Skyt. Eller spring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fruktjuiceseljarane på gata i Rio de Janeiro lokkar ikkje med varer som skal gjere kundane reinsa og evig unge. Dei sel leskande, velsmakande og gjennomsnittleg sunn drikke.

Foto: Silvia Izquierdo/AP/NTB scanpix

4282
20171201
4282
20171201

Først må eg berre få fortelje éin ting: Du får kjøpt kol på Narvesen. For kiosk-Noreg har hamna på diett. Steinalderdiett, eller paleodiett, for å vere meir nøyaktig ? eller meir forvirrande, om du vil. For dietten er ikkje heilt god å verte verken klok på, utørst eller sunn og frisk av. Vi får byrje med byrjinga.

Ein vanleg arbeidsdag med mobilkamera og kritisk innstilling på matbutikken: Det tok ikkje lang tid å få napp: «2X Raw Shot rødbet» stod det. Den vesle flaska høyrer under merkevara «Made by Berit Nordstrand» som er produktutvikla av helseguru og lege Berit Nordstrand i samband med Synnøve Finden.

Eg stussar over kombinasjonen 2X og shot. Små mikrojuicar har den siste tida dukka opp både her og der, altså i både butikkar og kioskar. Dei vert gjerne marknadsførte som noko midt imellom sunn hurtigmat og helsekost, og som på grunn av storleiken tilsynelatande verkar lettare for lommeboka eller samvitet.

Men kva er eigentleg ein shot i denne samanhengen? I barverda er vi jo vane med å tenke på ein shot som 4 centiliter, altså 40 prosent av ein desiliter, med ein eller annan type temmeleg sterk alkohol. Ein shot er ei alkoholeining: 12 gram alkohol, eller mengda som skal gje eit gjennomsnittsmenneske ein promille på 0,25.

Skam på

På folkemunne er ein shot noko vi heller i oss i ein slurk. Noko som ikkje nødvendigvis smakar så godt, men som gjer godt på innsida. Konsentrert effekt. Gjer Berit Nordstrands doble raudbeteshot skam på dette inntrykket?

Svaret er ganske enkelt ja. Den fyrste ingrediensen på lista er grei nok ? 33,2 prosent kaldpressa eple. Men kva har vatn å gjere som nummer to? Når minst ein fjerdedel av produktet er vatn, kan eg ikkje anna enn tru at ein ved bruken av ordet shot lurer seg unna at produktet er for dårleg til at ein eingong kan kalle det juice.

Med ein literpris på 249 kroner er dette eit klassisk nei-takk-produkt. Altså må eg leite vidare etter ja-takk-varianten. Det er denne spaserturen som sender meg inn i Narvesen og 7-Elevens nye steinaldersatsing.

Det danske firmaet Palæo produserer små mikroshotar for kjedene, og det er ein av desse som har fått tilsett 0,1 prosent kol. Dei gråsvarte minerala ligg grumsete på botnen av den vesle flaska, som elles inneheld eple, ingefær, fennikel, lime, raudbete og C-vitamin. Alt dette er elles på 60 milliliter.

Kvifor kol? Eit googlesøk fortel meg at eg ligg langt bak: I USA har produktet eksistert i mange år. Koljuice er den nye detoxen ? ein hipp og trendy måte å reinse kroppen på.

Apropos hipp og trendy: Kolshoten er sjølvsagt raw. Ikkje varmehandsama, altså. Derimot er han høgtrykkshandsama med såkalla HPP-teknologi; trykk på kring 6000 bar fjernar bakteriar utan å redusere næringsinnhaldet i produktet.

Og nettopp difor vert det så synd at flaska er tilsett kol. For der det er høgst tvilsamt at 0,06 milliliter kol har nokon som helst reinsande effekt, er det ganske så sikkert at kol bind til seg næringsstoff. Ein bruker altså mykje energi på å ta vare på næringsstoffa som ein har brukt mykje annan energi på å sørge for at vi ikkje får nytte oss av. Ingen bør ete kol jamleg.

Triste menneske

Dette gjer meg trist. Kvifor må vi menneske gå så innmari langt over streken? Kvifor må vi argumentere mot bollar og pizza med flytande kol, paleodiett og rein ingefær? Kvifor kan vi ikkje berre ete vanleg mat?

For både raudbete, sitron og ingefær er super drikke. Lat oss berre ikkje tru vi har kome på det sjølve. Grønsaksjuice har dei selt på gata i Rio i mange tiår. Når sant skal seiast, sel dei juice overalt i Rio de Janeiro, og den dagen dei finn opp fly som ikkje ureinar, skal eg reise på helgetur dit og berre drikke juice.

Skilnaden er at det er ingen som sel juice i Rio de Janeiro, som går kring og trur dei reinsar kroppar eller sender dei på ein diett som skal gjere dei nærast udødelege og i det minste evig unge. Dei sel leskande, velsmakande og gjennomsnittleg sunn drikke.

Slik sett kan du heilt greitt drikke ein liten Rødbeteshot frå Cevita, til dømes. Han inneheld ein desiliter rødbete-, eple- og sitronjuice, og kostar 149 kroner per liter, men det har du sikkert råd til. Berre ikkje tru du får noko meir enn nett det.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kolshoten er sjølv-

sagt raw. Ikkje var-

mehandsama, altså.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis