Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Guten utan brok

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigeren mot Anand kan vera det siste vi ser av Kovaljov.

Foto: Maria Jemiljanova, chess.com

1903
20170915
1903
20170915

Ein student frå Canada med ukrainske sjakkgenar, Anton Kovaljov (25), drog til World Cup i Tbilisi for å kjempa mot verdseliten. No er ikkje Kovaljov så veldig sjakkinteressert for tida, og han hadde ikkje tenkt å vera lenge i det postsovjetiske Georgia, så han reiste i det han gjekk med: ein shorts. Kovaljov har budd lenge nok i Canada til at han har lært seg å vera «politisk korrekt», og at ein kler seg som ein vil.

Den talentfulle amatøren vann i fyrste runde mot ein armensk stormeister, men så skulle han opp mot sjølve Vishy Anand i runde to. Det var ikkje heilt etter planen då han vann 1O–O mot Anand. Til den tredje runden kom han ned i spelelokalet i den same shortsen han hadde gått i heile veka.

Det var då han var uheldig og møtte det kaukasiske blikket til sjefen for arrangementet, stormeister Zurab Azamajparasjvili. Mange i sjakkverda meiner «Azmaj» burde ha vore permanent bak lås og slå, slik han var etter sjakk-OL i 2004. Den gongen laga han så mykje bråk at han vart banka opp av dei spanske arrangørane og seinare arrestert. Historiene om «Azmaj» er mange. Han vart europameister i 2003 etter å ha gjort eit trekk om att i finalen, eit brot på all sjakk-etikk. Han skaffa seg nok rating til å nå verdseliten på 1990-talet då han kjøpte ei fiktiv turnering. No er georgiaren leiar for det korrupte europeiske sjakkforbundet.

Då «Azmaj» såg canadiaren, vart han rasande: «Du kler deg som ein sigøynar. Du har femten minuttar på å byta klede.» Det er visst slik ein snakkar når ein er sint i det postsovjetiske samfunnet, men Kovaljov – av vørdnad for romfolket – godtok ikkje å verta kalla «sigøynar», dessutan hadde han ikkje noka brok i kofferten. Han sette seg i ein taxi og fór til flyplassen – utan å spela tredje runde, og utan pengepremien på 10.000 dollar som han skulle ha etter sigeren mot Anand.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis