Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hamp

Kva er eigentleg gale med hamp?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Små, lovlege og kontroversielle: hampfrø utan skal.

Foto: Wikimedia Commons

3868
20190405
3868
20190405

Jau, eg er skeptisk. Sjølvsagt er eg det – skeptisk til noko nytt, innført av eit alternativt miljø ikkje akkurat kjent for å basere utsegnene sine på anerkjent vitskap eller eingong prøvd praksis. Ei tid då det alternative miljøet finn det for godt å byrje å diskutere om jorda er flat eller rund, er kanskje ikkje den beste for etablerte politiske parti til å lansere dyrking av hamp som det nye store for norsk landbruk.

Men etter å ha gått råvara så nøye etter i saumane som eg klarer, er det einaste eg kan sette fingeren på, at ho ikkje vert dyrka i Noreg. Og nett den feilen er jo politisk, ikkje verken biologisk eller klimatisk.

Hamp er nemleg ikkje noko nytt i Noreg. At fartøyvern og tradisjonell reipslaging her til lands ikkje hadde vore mogleg utan hamp frå Kina, syner ikkje anna enn at det har vore råstoff her i mange år: Forskarar har gjort fleire funn som syner at det vart dyrka hamp i Noreg i lengre periodar. Størst er eit funn på jernaldergarden Sosteli i Vest-Agder, der forskarane meiner det var dyrka hamp i åra mellom 650 og 800.

Kva vart hampen brukt til? Forskarane trur ikkje han vart røykt, men veit sjølvsagt ikkje. Truleg var likevel hovudbruksområda tekstil og tauverk.

Men dette er jo ei matspalte. Har hamp noko å tilføre dette saksfeltet?

Spirefrie frø

Produktlista er faktisk alt temmeleg lang. I ein såkalla velassortert daglegvarebutikk i ein av Noregs største byar finn eg ikkje berre hampfrø, men hampfrøsnacks med vanilje og kanel, hampolje, proteinpulver, hampmjøl, sjokolade med hamp og pannekakemiks med hampmjøl.

For å ta det med ein gong: Hampfrø til mat er lov å importere, selje og kjøpe i Noreg. Hampfrøa er utan skal, og det er ikkje uvesentleg: Det gjer at dei ikkje kan spire, som er eitt av to krav Mattilsynet set til verksemder som vil omsette hamp.

Det andre er at dei må legge fram tilfredsstillande dokumentasjon på at produktet ikkje inneheld THC: tetrahydrocannabinol er det viktigaste psykoaktive verkestoffet i cannabis. Det gjer verksemdene ved å nytte eit av ei rekke godkjende laboratorium og testmetodar. Det gjev dispensasjon for forbodet mot å importere frø av Cannabis sativis til Noreg.

Både med avskala frø og med mjøl av frø er spirerisikoen og risikoen for THC-ureining så liten at det ikkje er sett krav til dispensasjon. Så veit vi det. Vidare – kva er det vi får?

Vel, hampfrø er utruleg næringsrikt. Med alle dei tjue aminosyrene, altså inkludert dei ni essensielle, er proteindelen av frøa blant dei høgste av alle kommersielle vekstar vi dyrkar.

Frøa er særs kaloririke – 612 kaloriar per hundre gram er på nivå med peanøttsmør, og årsaka er masse feitt. Mykje er omega 3, men mykje, og meir, er òg omega 6, som kroppen ikkje handterer like godt: Her er ikkje forskarane samde, men forholdet mellom dei bør truleg vere mellom 1:3 og 1:9 (omega 3 : omega 6). Hampfrø er godt innanfor variasjonane.

Så kaloririk mat bør sjølvsagt ikkje etast i overflod. Men hampfrø kan vere eit tilskot til eit sunt og berekraftig kosthald: Hampplanta er nøysam og krev lite for å vekse.

Det føreset likevel at frøa får lov til å vere frø. Heil mat. Proteinpulver har like lite føre seg frå hamp som frå myse, soya og andre kjelder.

Dei fordomsfulle

Cannabisproduksjon er ei milliardnæring: Produksjonen globalt var verdsett til kring 18 milliardar amerikanske dollar i 2017 og er venta å vekse til nærare 60 milliardar innan fire år. Ein skal ikkje vere naiv i møte med ei så stor næring og høvet til å tene gode pengar. Men om ein har kontrollfunksjonar for THC som er gode nok for import, burde ein ikkje òg kunne utvikle det for produksjon?

Matproduksjonen i Noreg må vere vitskapsbasert. I dette høvet kan det verke som det er dei såkalla konvensjonelle, ikkje dei alternative, som baserer seg på fordommar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Hampfrø er utruleg

næringsrikt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis