Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hansen og Johannessen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oslo Schakselskap.

Oslo Schakselskap.

Foto: Rolf Haug.

Oslo Schakselskap.

Oslo Schakselskap.

Foto: Rolf Haug.

2079
20170421
2079
20170421

Den beste forteljinga frå sjakk-Noreg heiter «Mannen bak Aftenposten». Unge André Bjerke hadde gjort eit veddemål om at han skulle verta noregsmeister i sjakk innan eitt år. Lettente pengar, tykte Bjerke, som hadde studert partia til Lasker, Capablanca og Rubinstein. «Jeg var deres bordkamerat. Jeg kjente dem ut og inn. Hva het våre storspillere? Olsen? Hansen?»

Eit par små detaljar stod att, og i 1938 melde han seg inn i Oslo Schakselskap. Han gjekk inn i klubblokala, der han berre fann ein einsleg «tufs» som las ei avis. Det var ingen andre å spela mot, så Bjerke måtte utfordra den grå, gamle mannen.

«Efter vårt femte parti senket han Aftenposten én gang. Men dét var for å trekke klokken. Jeg har aldri opplevd maken til interessert avisleser. Jeg husker ikke om stillingen var 0–9 eller 0–11 da jeg gikk. Da jeg snudde meg i døren, var Adolf Hitler det eneste mennesket jeg så i rommet. Nemlig på forsiden av Aftenposten.

Senere fikk jeg vite hva mannen het. Han het Hansen. Simpelthen Hansen. H.G. Hansen.»

H.G. Hansen hadde vore noregsmeister i 1921 og 1927.

Ein lesar fortalde meg ei sjølvopplevd historie: Lars Utstøl var «ein bonde i byen» i 1984 då han for fyrste gong fann fram til Sjakkselskapet i sjuande etasje på Majorstuen. Det var heilt tyst i lokalet. Utstøl tok eit skritt inn frå gangen og fekk sjå ein mann i ein krok. Ingen sa noko, men mannen vinka nykomaren bort til seg. «Lat oss spela nokre parti», sa han. Utstøl vart feia av brettet gong på gong før mannen stansa opp og byrja fortelja nokre historier. Då skjøna Utstøl kven han hadde spela mot: Johannessen. Heilt enkelt Svein Johannessen, noregsmeister i 1959, 1962, 1970 og 1973.

Oslo Schakselskap, skipa 4. februar 1884, feira sine hundre år den kvelden. Berre Johannessen valde å halda seg unna festen. Han drog til sjakklubben som vanleg, slik han gjorde kvar dag heile året. Om det kom ein boms innom, bomma Johannessen bort ein sigarett. Og om det kom ein bondestudent innom, spela Johannessen nokre parti.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis