Hønsebuljong
... eller ei høne å plukke med buljongprodusentane.
Med så mange høner til overs, er det ikkje litt rart at det ikkje er meir høne i hønsebuljongen?
Foto: TT / NTB scanpix
Det er litt trist i seg sjølv: at buljonghylla på butikken er så dørgande sørgeleg. For buljong er jo eigentleg så bra. Ressursmessig fordi ein ved å late beina syde i nokre timar etter at det meste av kjøtet har kome av, får tak i næringsstoff ein elles ikkje ville funne. Menneskemessig fordi desse næringsstoffa er bra for oss: i margen sit sunt feitt og i sjølve beina sunne protein. Praktisk fordi det smakar godt, høver til mykje og gjer dei aller fleste rettane betre.
Buljongane eg finn i buljonghylla på butikkane, fyller kanskje eit halvt av desse tre krava: Han kan få eksisterande mat til å smake betre. Det kan han fordi han nærast utan unntak inneheld gjærekstrakt, som inneheld glutamat, som i seg sjølv forsterkar smakar. Gjærekstraktet får likevel berre eit halvt poeng, sidan det ikkje tilfører noko, men berre forsterkar.
Kva er det då i dei små terningane? At det er ein god del salt, merkar vi fort. Så er det bindemiddel – stivelse, kjend for å ikkje smake nokon ting, maltodekstrin eller andre former for sukker, aroma, fordi noko må det smake. Når innhaldet av dyret buljongen er tenkt å smake av, avgrensar seg til nokre få prosent, har ein ikkje anna val. Så er det gjerne nokre krydder og kanskje ei grønsak eller to.
Lite å verte glad av
Ikkje særleg mykje å verte verken glad eller sterk og sunn av, med andre ord. Så vert det hakket tristare – eller beint ut merkeleg – i det eg kjem over hønsebuljong som ikkje inneheld eit plukk høne.
Buljongen eg sørger over, er produsert av giganten Nestlé under merkevara Maggi. På pakningen er det både namnet «Klar hønsebuljong» og teikning av ein kvit fugl med stor, raud kam på hovudet. Teikninga kan godt vere av ein kylling (slaktemodne kyllingar er kvite, ikkje gule, og har kam og slikt), men trekker likevel assosiasjonane meir i retning høneverda.
Det gjer altså ikkje innhaldslista. Dei 3,1 prosentane av produktet som er avsett til fjørfe, er henta frå kylling, ikkje høne.
Og der er vi ved det smått merkelege. Som vi alle veit, har vi eit gigantonormt høneoverskot i Noreg. Vi har ikkje for lite kylling heller, for all del, men vi har i det minste ikkje så mange for mange kyllingar at dei har vorte standardingrediens i betong, slik dei verpande slektingane deira har vorte.
Kylling er, i dei aller fleste situasjonar, òg ei råvare med høgare verdi enn høna. Ein kan ta meir per kilo for eit gjennomsnittleg kyllingprodukt enn for eit tilsvarande av høne. Difor skulle ein tru det var meir gjevande å skjule hønebuljong som kyllingbuljong enn omvendt.
Høne smakar meir
Vel, akkurat her skal vi gje Nestlé rett i tullefaktene sine. Buljong er rett og slett betre av høne enn av kylling: Di eldre dyr vert, di meir smaksrike vert dei. Nett som menneske som bygger på seg erfaringar, bygger vi sikkert på oss smak òg (nett det har eg ikkje tenkt å finne ut av), år for år. Og høner har meir kollagen – det sunne kraftproteinet – i skjelettet enn skranglete kyllingar har.
Vi har altså all grunn til å ynskje oss ekte hønsebuljong i butikkhyllene. Men det må vere laga på skikkelege råvarer. Diverre hjelper det ikkje særleg at hyllekameraten Coop Buljong Hønsekød inneheld 3 prosent hønsekjøttekstrakt og 4 prosent hønsefeitt når han òg inneheld delvis herda palmeolje. Delvis herda palmeolje er nesten garantert å innehalde transfeitt – som ikkje akkurat bidreg til eit sunt, langt liv.
Då står vi altså att, som så ofte elles, med å koke sjølve. No er det endeleg ei og anna høne å få tak i i butikken, og å koke kraft på ho krev berre ein stor kasserolle og at du er i huset den tida det tek å koke krafta ut av ho. Betre vert nok krafta heller ikkje. Men eg vil likevel utfordre bransjen på nett det: god, enkelt tilgjengeleg hønsekraft. For kraft og buljong frå store mengder billege, seige høner burde vere perfekt for næringsmiddelindustrien. Eg ventar i spaning.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vert hakket
tristare – eller beint
ut merkeleg – i det
eg kjem over hønse-
buljong som ikkje
inneheld eit plukk
høne.
Fleire artiklar
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Teikning: May Linn Clement
«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.
Foto: Ukrainsk forsvar
Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Reinsdyr kan fint serverast utan purear, men med reine smakar. Her med brekkbønner, eg brukte grøne erter.
Foto via Wikimedia Commons