Hønsefrikassé
Kongen på ferdigmathaugen er ei seig, gamal kjerring.
Desse norske hønene måtte halde seg inne etter utbrotet av fugleinfluensa i England i 2007.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Endeleg! Jepp, eg spanderer eit utropsteikn. For dette skjer ikkje så ofte. Til vanleg går eg mellom butikkhyllene og kjenner på vemodet, oppgjeven over at haustens nyheiter i år som i fjor er samansett av nye aromastoff i yoghurten, nye pølsekombinasjonar på ferdigpizzaen og nye skrukorkar på rømmeposane. Kva skjedde med råvarene? Kvifor handlar innovasjon om å tilsette nye smakar, ikkje skape nye produkt?
Det var likevel ikkje berre fordi forventningane var låge eg jubla bitte lite grann høgt over kva eg fann på Meny i Sogndal denne veka. Sjølv om eg var overraska: Produktet eg fann, var trass alt ein ferdigmiddag. Hønsefrikasseen frå Vossakjøt har heldigvis like lite med tradisjonell ferdigmat og hurtigmat å gjere som med det gjengse matnyheitsproduktet.
Forståelege ord
For det fyrste inneheld pakken lite eg ikkje kjenner att som mat. Og det er den fyrste tommelfingerregelen for god ferdigmathandel: Kjøp mat som inneheld ord du forstår. Eg kunne spart meg for tørka glukosesirup og antiklumpemiddel, men når resten av ingrediensane er så forståelege som 50 prosent høne, vatn, gulrot, kålrot og purrelauk, er både posesausar og pizzabotnar slått ned i støvlane for min del.
For det andre er råvare ei etterlengta nyvinning: Det var på tide at ferdigvarebransjen tok tak i høneoverskotet vårt. Kjøt av høne er seigare enn kjøt av kylling. Det må kokast lenger. Men når kokinga vel er gjord, er produktet langt meir velsmakande. Gamal ku smakar meir enn ung kalv, og gamal høne meir enn altfor hurtigvaksen kylling. Det er perfekt for storkjøken, som har høve til å la ting koke både lenge og vel, så lenge det vert gode og nokolunde rimelege produkt av det til slutt.
Frå kylling og egg
Vi må ete meir høne. Ikkje i tillegg til anna kjøt, sjølvsagt, men på kostnad av det. Då må det, særleg i starten, medan vi vert vane med det, vere minst like enkelt å ete høne som andre typar kjøt.
Kvifor? Fordi vi rett og slett ikkje kan vere kjende av at 2,7 millionar fullt etelege høner vert gassa i hel årleg medan vi stappar i oss altfor billege kyllinglår.
På sikt vil vi sjølvsagt ha eit heilt anna fjørfehald enn vi har i dag. Eit der egg, kylling, høne og hane er monaleg mykje nærare det krinslaupet dei i grunn er tenkt å vere. Ikkje fordi vi ikkje skal tenkje produksjon og avl og sjukdomsførebygging og fôreffektivitet, men fordi vi alltid må ha målet hengande over oss: Målet er ei mest mogleg hønete høne. At dette er eit mål som kan synast uoppnåelege i dag, kor verpehøner lever for seg sjølve i lukka fjøs langt unna slaktekyllingane, etterkommarar etter kvar sine internasjonale hybridrasar, og der dei aller fleste hanane går rett i kverna før dei har sett så mykje som halefjøra på hønemor, er mest eit døme på kor grovt fjørfehaldet vårt for tida bommar på målskiva.
I staden vel vi dei enkle løysingane. Når fugleinfluensa kan true frittgåande høner, lukkar vi dei inne i fjøsa i staden for å sjå etter løysingar for korleis vi kan halde fram med å halde dei ute, eventuelt gjere dei mindre utsette for slike sjukdommar. Når verpehønene vert så effektive at marknaden ikkje klarar å omsette dei som mat lenger, puttar vi dei i betongblandinga i staden for å sjå på om dei nye, overenkle kyllingprodukta vi har skapt, kan ha noko med å gjere at stadig færre vil ha seige høner.
Difor er Hønsefrikassé frå Vossakjøt eit sjeldan skot på ferdigmatstammen: eit steg i riktig retning – berre å putte i gryta nokre minutt og servere med mjølne poteter. Men han er skremmande anonym, pakken, der han ligg. Han ropar ikkje ut verken frå reklameskilta eller tilbodsbrosjyrane. Så skal han halde på hylleplassen sin, er det du og eg som må rope for han. «Kvar mann, si høne», var det éin gong nokon som sa. No må vi seie «kvar ferdigmathylle, sin hønserett».
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var på tide
at ferdigvare-
bransjen tok tak i
høneoverskotet vårt.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.