Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hummar

Svart hav. Delikatesse eller dilemma? 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ferdig kokt, men framleis i nærleiken av sitt rette element. Burde vi ha late han vere der han var?

Foto: Pxhere

4134
20191115
4134
20191115

Kva er den største fordelen ved å bu ved havet? Regn, rå og fuktig luft er det iallfall ikkje. I det minste ikkje på denne tida av året, fem blå grader er kaldare her enn innaskjers. Derimot kan det vere dei endelause solnedgangane eller den nesten like endelause himmelen: Den lange horisonten er god å ha på korte, tronge dagar.

Men om vi ser vekk frå det mentale, og i staden går økonomisk til verks: Kan den største fordelen ved å bu ved havet vere dei to–tre månadane i året ein kan hauste hummar utan å betale ei krone?

Fiskar vi tomt?

Mellom 1. oktober og 30. november kan kven som helst hauste om lag så mykje hummar ein vil i Sogn og Fjordane (og heilt til svenskegrensa, med nokre unntak; nordover er sesongen lenger). Eg kom litt seint i gang, men har likevel rokke å trekke 13 glinsande svarte hummarbeist opp av havet. Ti av dei fekk vere med heim, tre måtte hivast attende: Ein var for liten, og to var for fruktbare.

Gratis hummarfiske for alle som gidd å registrere seg via MinID eller BankID eller liknande, og få sitt eige deltakarnummer hjå Fiskeridirektoratet, inneber nemleg ikkje at vi berre kan fiske som vi vil: All hummar under 25 centimeter er freda. All hummar med synleg rogn er freda. Kvart deltakarnummer og kvar båt kan ha maksimalt ti teiner i havet samstundes. I tillegg finst det til saman 14 reservat langs norskekysten der det ikkje er lov å fiske hummar i det heile.

Kvifor er det slik? Vel, den sanninga høver ikkje så godt inn i det romantiske biletet av kystlivet: Eigentleg er det truleg for lite hummar til at vi alle burde få lov å fangste fritt på han. Truleg har talet på hummar minska i Noreg sidan 1960-åra, og i haust har forskarar brukt ord som «kritisk» og «historisk» om kor lite hummar som er i havet vårt. Så kvifor held vi fram med å fiske han?

Forvaltningsproblem

Det fyrste paradokset lyser imot oss: Hummarbestanden vert rekna ut frå kor mange humrar som vert fiska. Det er talet på humrar som vert tatt, profesjonelt og privat, i dei månadene hummarfisket er ope, som fortel oss kor mange humrar vi har. Forskarane brukar tal på humrar i kvar teine som utgangspunkt. Er det godt nok?

«Vi har ingen gode metoder for å beregne hvor mye hummer det er langs kysten», sa forskar ved Havforskings­instituttet Alf Ring Kleiven til Forskning.no i oktober.

Nei, med tanke på kor ettertrakta råvara er, veit vi overraskande lite om hummar. Fyrste gong ein verkeleg gjekk inn for å telje kor mange som finst, var i fjor.

Det gjer det freistande å halde fram med å spørje kor sikker ein eigentleg er på at det er så få humrar der ute. Og kva veit ein eigentleg om kva tiltak som fungerer? Er det total freding, eller held det å skjerme dei små, slik ein gjer i dag? Eller burde ein heller forlenge forbodet mot å ta humrar over 32 centimeter, som i dag gjeld frå Lindesnes til svenskegrensa, til å gjelde heile landet, sidan større humrar legg fleire egg og har større sjanse for å få pare seg enn små humrar?

Trass i at Havforskings­instituttet nyleg lanserte resultat som ikkje syner fleire humrar i reservata, men derimot at dei som er der, er større, veit vi lite om dette enno. Kanskje er det difor vi held fram fisket og kryssar fingrar for at vi ikkje øydelegg noko vi ikkje kan rette opp att.

Kanskje held vi fram med å fiske og ete hummar for å minne oss sjølve på at så forbaska god er han faktisk ikkje – iallfall ikkje verd å betale massevis av hundrelappar for på restaurant. Eg trur dei fleste, om dei verkeleg kjende etter, ville vere samde i at krabbane, som myldrar i teinene sjølv om hummaren ikkje fann det for godt å slå seg ned der, er monaleg meir smaksrike.

Men dei er altså ikkje like sjeldne. Truleg er det der det ligg. Sjeldan hummar vert sin eigen verste fiende. Samstundes er det ingen tvil om at hummar er god og næringsrik mat – og ei råvare som får mange som elles ikkje haustar av nærnaturen, til å gjere nett det. Dersom det ikkje skadar han, bør dei få halde fram.

Der har økosystemforvaltninga ei skikkeleg utfordring.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med tanke på kor

ettertrakta råvara

er, veit vi overras-

kande lite om

hummar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis