Is
Når verda er å finne i ein halvliterboks is.
This Nov. 2, 2015 photo shows warm pumpkin bourbon cheesecake in Concord, NH. Serve this cheesecake hot, right out of the oven, topped with a little vanilla ice cream or sweetened whipped cream(AP Photo/Matthew Mead)
Illustrasjonsfoto: Matthew Mead / AP Photo / NTB scanpix
Er det mogleg å løyse fleire verdsproblem i ein boks is enn det Kolonihagen og Rema 1000 no gjer? For ei tid sidan kjøpte Rema 1000 økoleverandøren Kolonihagen. Dette har sjølvsagt ført til ei eiga produktlinje laga eksklusivt for Rema 1000. Her finn vi ein serie høgkvalitetsiskrem produsert på økologisk mjølk frå minst 80 prosent grasfôra jerseykyr. Sjokoladen er fairtrade, vaniljen er frå Madagaskar og mjølka er av typen A2. Er dette det etterlengta treet som veks inn i himmelen? Ikkje heilt.
Mjølk er ikkje mjølk, seier Kolonihagen og Rema 1000. Så langt, så godt. Smaks- og næringsmangfaldet i rein mjølk, så vel som alle produkta råvara gjev oss, fortener like stor respekt som alkoholhaldige drikkevarer.
Jerseyfe produserer mjølk med ein annan proteinstruktur enn norsk raudt fe gjer. Det er det som vert kalla A2: Eit viktig mjølkeprotein er kaseinet, og ein stor del av kaseina er betakasein. Det kjem i to former: A2 eller A1. A2 er den opphavlege forma, som mange hevdar menneske tåler betre enn A1. Di mindre framavla rasen er, di større sjanse er det for at ein får A2-mjølk. Dei gamle norske husdyrrasane mjølkar nok òg A2, sjølv om ein i liten grad har tatt seg råd til å teste mjølka. Geitemjølk er òg A2-mjølk.
Eg stussar likevel når Kolonihagen skriv på nettstaden sin at «flere som jobber i Kolonihagen som tidlegere har hatt en laktoseintoleranse tåler å drikke denne melken». Veit dei kva dei snakkar om når dei hevdar proteinstrukturen styrer korleis vi tåler karbohydrat i mjølka?
Gras og gras
Gras er heller ikkje berre gras. Kor miljøvennleg graset er, heng mellom anna saman med om kua kjem til graset eller graset til kua. Kolonihagen hevdar at dei nederlandske kyrne beitar, og vi har ingen grunn til å tru at det ikkje stemmer. Men, sidan vi no er på djevelens-advokat-sporet, skal vi halde fram med å spørje: Kva gras beitar kyrne på?
Nederland består nærast berre av fulldyrka mark: flat, fin, lettpløyeleg matjord. Sjølvsagt bør ikkje all denne jorda pløyast til åker kvart år; fleirårig grasdekke innimellom er viktig for jordkvaliteten. Men vert det rett å sende eksklusiv beitemjølk til Noreg som består av svært lite fulldyrka mark, men som har massevis av unytta beiteressursar i fjell og utmark? Minst 40 prosent av potensialet i utmarka i Noreg vert ikkje beita.
Kolonihagen-gründer Jon-Frede Engdahl seier til Nationen at det ikkje nødvendigvis ville vere meir miljøvenleg å produsere mjølka i Noreg, på grunn av avstandane frå gard til fabrikk. Dette seier noko om kor komplisert – og spanande – diskusjonen om miljøvenleg mat er: Noreg er stort. Mykje av beitelandet vårt består nettopp av avstandane mellom kyr og forbrukar. Avstandane kan med andre ord vere både bakdel og fordel i det same reknestykket. Noreg kan ikkje konkurrere med Nederland på avstandar. Men vil det seie at vi skal flytte all matproduksjonen vår dit?
priskrav
Kolonihagen har sett etter mjølkeprodusentar i Noreg, men har ikkje funne éin som oppfylte dei strenge krava verksemda har, seier Engdahl. Han nektar for at pris er eit av krava, men det er ikkje til å kome forbi at isen kostar drygt halvparten av det konkurrerande kvalitetsis gjer. Om mjølka i Nederland ikkje er så mykje billegare, skal òg arbeidskrafta betalast. På grunn av RÅK-ordninga, som inneber at norske produsentar får råvarepriskompensasjon for at eit produkt skal vere konkurransedyktig, kan isen importerast tollfritt til Noreg.
Den største utfordringa Kolonihagen og Rema 1000 får, er kravet om at isen skal kunne sporast attende til gardsnivå. Dei fleste norske gardar er ikkje store nok til å forsyne heile Rema-Noreg, i det minste ikkje om dei skal sjå vekk frå innkjøpt kraftfôr.
Det finst alt norskprodusert, økologisk A2-is. I Rosendal mjølkar Isrosa eigne jerseykyr, i Feios i Sogn vert mjølka og fløyten frå telemarkskyrne på Alm gard supergod is. Gardsstorleiken avgrensar produksjonsmengda, så isen er ikkje å få tak i overalt. Då er ikkje Kolonihagen noko dårleg alternativ. Men aller helst vil eg ha is utan stordrifts- og priskrava ein openbert får med på lasset når ein produsent slår seg saman med ei lågpriskjede.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gras er ikkje berre gras.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.