Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kålrot

Fordi dei mest rotete kjøkkena av og til er dei mest framtidsretta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I motsetnad til Gunhild Stordalen løftar vi denne veka fram kålrota. Hurra!

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

4196
20190125
4196
20190125

Gunhild Stordalen har vore mykje på fjernsynet den siste tida. Ikkje berre har ho reist kringom i verda for å fortelje oss kor klimaskadeleg det er å ete raudt kjøt. Ho har òg funne plass til å snakke ned ei av dei mest nøysame norske grønsakene: sjølvaste kålrota.

Stordalen er på handletur med Leo Ajkic i programmet Uro.

– Eg har høyrt at det ikkje blir digg mat utan kjøt, seier Ajkic.

Stordalen kontrar:

– Eg har òg høyrt det før, men det er heilt feil.

Så langt, så godt. Sjølvsagt kan det verte digg mat utan kjøt. Vi har digge ostar, eggerettar og ikkje minst mange, mange smaksrike grønsaker. Og det er her det går gale:

Vel inne i butikken plukkar Ajkic opp ei kålrot.

– Dette var visst biff under krigen. Må vi tilbake til det, spør han.

Stordalen er rask:

– Dette kjem aldri til å bli ein suksess. Då blir det berre ei dårlegare utgåve av noko folk elskar. Det må vere så godt at folk flest synest det er like godt, berre sunnare og meir berekraftig, slår ho fast.

Så fyller ho handlekorga med vegansk «ost» og «rømme», «chorizo», «grillspyd» og «tacokjøtdeig» utan ein snev av kjøt.

Kvifor kålrot

Kålrot er ein vekst i korsblomfamilien, altså i slekt med annan kål, men òg med raps, sennep, peparrot, vårblomen engkarse og barnehagedyrkingsfavoritten matkarse (som vi dyrkar i bomull i avklipte mjølkekartongar). Kålrota sjølv finst i ei rekke ulike variantar (Nordisk genressurssenter har registrert 42 ulike kålrotsortar) og kan dyrkast over heile landet. Som vekst er kålrota nøysam og flink til å nytte seg av næringsstoff i jord og gjødsel.

Kålrota kan etast som ho er. Ho kan kokast til stappe, kokast i skiver, raspast og etast rå med sitron og rosiner og kanskje ei gulrot. Ho kan raspast og blandast med egg og potetmjøl og steikast til kaker, bakast i omnen, bidra i grønsaksuppa og kokosmjølkcurryen. Alt dette heilt vegetariske kan du gjere med kålrota heime på ditt eige kjøken. I tillegg er kålrota ein vesentleg del av ei rekke norske tradisjonsrettar som raspeball, pinnekjøt, flesk og duppe, smalahove, lapskaus og blandaball. Vi har dyrka kålrot i Noreg sidan 1600-talet. Kålrot i Noreg er ein suksess.

Det er ein suksess i seg sjølv, ikkje fordi det prøver å late som det er noko anna. I motsetnad til kjøtetterlikningane Stordalen fyller handlekorga med, er ikkje kålrot ei dårlegare utgåve av noko folk elskar. Det er det jo akkurat kjøterstatningane som er. Difor verken trur eller håpar eg dei vert nokon suksess, for eg trur ikkje dei er med på å gjere måltidet meir berekraftig.

Kvifor ikkje soyakjøt

Stordalen, EAT og Lancet har heilt rett i at vi må ete mindre kjøt. Det er heilt ukontroversielt: Alle er samde med dei i det (kanskje bortsett frå nokre bakstreverske bønder). Vi må ete mindre og verdsette det vi et, meir. Men kor mykje mindre, og kva skal vi ete i staden? Sjå der får vi nok ikkje to strekar under svaret med det fyrste. I rapporten Food Planet Health presenterer forskarane noko så spektakulært som ein global diett: ei konkret utrekning av kor mykje ulike matvarer alle dei 10 milliardar menneska som lever på jorda i 2050, skal ete. Med 200 gram frukt, 28 gram fisk, 40 gram umetta feitt og så bortetter skal vi alle verte mette.

Skal vi? Kva har det verdsomspennande matfatet gjeve oss? Det er 60.000 etelege vekstar i verda, men likevel får vi 60 prosent av kaloriane våre frå fire av dei. Det er resultatet av den globale matkulturen, verdsdietten. Monokultur på jordet, einsretting i hovuda. Det er dette vi må vekk frå. Tvert om må vi ete mykje meir forskjellig. Vi må respektere lokale matkulturar, fordi dei ofte byggjer på lokale føresetnadar, lokalt klima, jordsmonn og næringsbehov. Då er det eit fatalt steg i feil retning å avskrive kålrota.

Vi skal halde fram med å ete kjøt. Kanskje skal vi i tillegg ete både soyabønner og biller og ormar og tang og tare. Det viktige er at vi skal ete dei som soyabønner og biller og ormar og tang og tare, ikkje som etterlikningar etter noko dei aldri kan bli like gode som.

Berre kjøt er kjøt. Alt anna kan vere minst like godt, men det er ei anna sak.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kålrot i Noreg

er ein suksess.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis