Kampen om historiebøkene
Magnus Carlsen sette ein ny rekord, men vann ikkje turneringa på Isle of Man.
Foto: Maria Emelianova/Chess.com
Magnus Carlsen har vore verdseinar – øvst på ratinglista – sidan 2010 og verdsmeister sidan 2013. Betre kan det vel ikkje bli? Jau då, Garri Kasparov var verdseinar i 20 år, frå 1985 til 2005, og verdsmeister i 15 år, frå 1985 til 2000. Men det er òg alt. Carlsen, på si side, samlar no rekordar på andre område. Han har fire gull i VM i lynsjakk og to i snøggsjakk. Kasparov var ikkje interessert i slikt.
Og Carlsen har no sett ein ny rekord: 101 klassiske langsjakkparti på rad utan tap. Sist gong nordmannen tapte eit parti, var 31. juli 2018 mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov. Med den risikoen Carlsen tek i nesten kvart parti, er dette verkeleg ei historisk bragd. Til samanlikning var den cubanske verdsmeisteren José Raúl Capablanca rekna som uovervinneleg, men rekordserien hans var på berre 62 parti. Kasparov og Bobby Fischer er ikkje ein gong på lista over topp 10. Så kven finn vi der?
Den solide kinesaren Ding Liren, nummer tre i sjakkverda, hadde i fjor 100 parti på rad utan tap mot verdseliten. Så har vi verdsmeisteren frå 1960–61, Mikhail Tal, som på 70-talet fekk 95 parti på rad utan tap. Den gamle trollmannen byrja spela mange snøgge remisar for, som han sa: «Eg har fjerna den venstre nyra, og all risikovilje var plassert der.»
Carlsen tok rekorden, men han vann ikkje turneringa på Isle of Man. Det gjorde kinesaren Wang Hao, som kvalifiserte seg til kandidatturneringa, føre verdstoaren Fabiano Caruana. Og her kjem problemet med rekorden til Carlsen: Det er eit slit å spela sjakk når ein ikkje kan tapa. Det neste tapet til verdsmeisteren vil difor vera ein letnad, slik at han på ny kan slå seg laus i klassisk sjakk.
På sundag kjem ein ny sjanse til å skriva seg inn i historiebøkene: Den fyrste offisielle verdsmeisterskapen i fischersjakk. Etter diverse kvalifiseringsturneringar – Dag og Tids utsende freista lukka i den historiske VM-syklusen og hamna på 52. plass – kjem fire semifinalistar til Henie Onstad Kunstsenter på Høvik: Carlsen, Caruana, amerikanaren Wesley So og russaren Jan Nepomnjasjtsjij.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.