Kjønnslivet under kontroll
Oksen 11147 Enger fekk årets eksportpris i 2018.
Foto: Jan Arve Kristiansen / Geno Norge
Kring 1850 vart norsk jordbruk endra for all framtid. Endringa tok litt tid. Etter kvart steig det fram eit nytt landskap i norske bygder.
Krimkrigen var over, og korn frå Russland og Ukraina fløymde inn i Europa. Samtidig opna jernbanen for kornet frå den amerikanske prærien, og billeg korn fløymde også derifrå. Den norske korndyrkinga bukka under, og norsk jordbruk vart eit husdyrjordbruk. Bygningane på den norske landsbygda fortel denne historia. Korn trong ikkje stor lagerplass og store bygg. Derimot trong det kverner, som grodde opp over alt der det var rennande vatn.
Høyet, som var vinterfôret for husdyra, trong stor lagerplass, og store låvebygningar fylte bygdene. Med den nye siloteknologien vart dei erstatta av store siloar, og dei store låvane vart ståande tomme, før dei store betongsiloane i sin tur vart erstatta av plastballongar, som i dag lyser opp i bygdene utover sommaren. Og mange store siloar står tomme, medan kvernene er blitt ei sak for kulturvernet.
Og husdyravlen kom. Det vart skipa såkalla landbruksforeiningar som spreidde kunnskap om fôring og avl. Nye ferasar vart importerte, og gamle vart tatt vare på.
Røynsle viste at god mjølkeevne gjekk i arv. Om ei god mjølkeku vart para med ein okse med ei stormjølkande mor, var utsiktene gode for at avkommet vart ei god mjølkeku. Avlsarbeidet hadde som mål å pare krøttera slik at kyrne mjølka meir.
Og det var framgang å sjå.
Kring 1960 steig vitskapen og teknologien inn i avlsarbeidet, og alt vart dramatisk endra.
Eit miljø på landbrukshøgskolen på Ås, rundt Harald Skjervold og Trygve Gjedrem, skapte det nye mønsteret i avlsarbeidet, og mjølkeevna auka drastisk. Då eg var kontrollassistent på Finnøy i 1952, var det ei ku – Mørkreid hos Egil Hesby – som mjølka 40 liter til dagen. Det var ein sensasjon. I dag er 40 liter vanleg.
I dag blir avlsoksane, dei som får lov å føre slekta vidare, sorterte på raffinert og brutalt vis. Dei unge oksane står på stasjon, der dei dagleg blir tappa for sæd. Sæden blir nedfrosen i små porsjonar. Samtidig blir ein del av han sett inn i utvalde kyr. Kukalvane som kjem ut av denne insemineringa, får vekse seg til, til dess dei kan byrje å mjølke. Om dei då mjølkar meir enn mor si, blir fryseboksen opna, og alle sædporsjonane blir sette inn i avlen. Om dei mjølkar mindre enn mor si, blir sæden kasta som søppel. Og oksen hamnar på middagsborda.
Denne testinga tek fleire år, før dommen endeleg kan falle over det som eingong var ein ung okse, og framtida hans i avlen kan fastsetjast. Då er genane til vinnarane godt tekne vare på i fryseboksen, i store mengder. Så kan oksen gjere si gode gjerning og skape betre mjølkekyr.
Avlsarbeidet i dag er konkurranse, eksport, prisar og mediedekning. Som i toppidrett.
Bondevennen fortel om oksen og verdsstjerna 10177 Braut, som fekk årets eksportpris seks gonger. Sæden hans hevdar seg på verdsmarknaden, slik fotballkunsten til Ole Gunnar Solskjær gjorde det.
Oksen 11147 Enger fekk årets eksportpris i 2018. Han selde 40.000 dosar av sæden sin i 2018. Det gav 3 millionar kroner. Han står no i England og produserer berre for eksport. Førebels er sæden hans seld til ti land, frå Kina til Færøyane.
Ein dag fekk folka på Ås for seg at dei ville teste litt genetisk teori. Til det trong dei dyr som fekk mange avkom i ei paring. Husdyra dugde ikkje, dei får for få ungar.
Fisk, var svaret. Fiskane skaper mange ungar i ei paring, gjennom måten dei parar seg på. Under arbeidet oppdaga forskarane at visse paringar gav større tilvokster enn andre. Dei var der husdyravlen ein gong starta, der poenget var å pare rett mor og far. Rett paring mellom fiskar, der ein hjelpte naturen med å velje, gav stort utbytte.
Og desse eksperimenta, som skulle teste genetiske teoriar, kom til å skape tankegrunnlaget for den norske oppdrettslaksen og ei sidan blømande kystnæring.
Så kom teknologien til å forme kysten, slik han før hadde forma landsbygda.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.