Kjøt
Slik gjer vi det når vi slaktar eit dyr.
Det er tid for slakt både ute i naturen og i ulike mediedebattar.
Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix
Boltepistolen skal plasserast oppå hovudet. Dersom sauen har horn, skal du sikte mot tungerota. Er han kolla, siktar du mot bogen i underkjeven. Ein trykker ikkje av før dyret står i ro. Då er ein trygg på at skotet treffer der det skal, og at sauen går rett i bakken, bedøvd.
Så er det kniven på strupen. Bokstavleg tala for sauen, i overført tyding for slaktaren. For no er det ingen veg attende. Idet dyret dett i bakken, framleis varmt, men viljelaust, er det for fyrste gong verkeleg ditt. Heilt utan livsverdi lenger, i staden i hendene dine, og det er di oppgåve å rettferdiggjere avlivinga.
Det gjer du fyrst ved å kutte alle dei store blodkara i strupen på dyret. Då pumpar blodet ut. Samantrekningar i musklane hjelper til med å få mest mogleg blod ut av kroppen. No er dyret dødt.
Reint kjøt
Få slaktet på ryggen opp på ein slaktekrakk. Sprett opp skinnet frå halsen til midt mellom bakbeina utan å skjere inn i kjøtet. Kniven skal leggast med eggen opp og førast jamt bakover, samtidig som ein finger følger snittet på kvar side. Skjer oppover beina på same vis, frå kne og hasar. Om du skjer rett kring ledda, kan beina lett knekkast av over underarmen din, og du er klar til å byrje å flå. Alt no må du tenkje på å halde den eine handa rein og den andre skiten – du treng éi hand til å jobba mellom kjøtet og skinnet, der er det reint, og éi til å halde i skinnet, utanpå, der det er skite. Ikkje bytt. «Kna» skinnet laus frå kjøtet mest mogleg, og hjelp til med kniven der det er mykje hardt feitt eller bein.
Etter kvart kan du henge opp slaktet etter bakbeina og dra skinnet av. Deretter er det på tide å opne buken. No skjer du frå halsen til endetarmen på same vis som med skinnet – berre gjennom kjøtet, og ikkje gjennom magesekken. Då vil mageinnhaldet fløyme ut og ureine kjøtet. Skjer kring endetarmen frå utsida, og knyt for han og matrøyret med kvar sin tråd. Skjer laus mellomgolvet. No kan du velte innvolane ut av skrotten og over i ein balje, kor du kan plukke ut dei delane du vil ete: nyrer, lever, lunger, hjarte, mellomgolv og eventuelle testiklar bør vere på lista. Skjer av hovudet og heng dyret til modning på ein stad med høveleg temperatur, pakka inn i eit insektsnett.
Urein diskusjon
No har du slakta. Det er tida for slikt både ute i naturen og i ulike mediedebattar. Har menneske rett til å ta liv? diskuterer vi. Og har vi rett til å ete det etterpå? I for stor grad diskuterer vi det utan å vite kva det inneber. Sjølv var eg vegetarianar i elleve år før eg slakta mitt fyrste dyr: ein gjennomsnittleg søt geitekilling.
Dette endra mykje. Ei ny kjensle av vemod, men òg tilhøyrsle og stoltheit. Eg såg meg aldri attende. Sidan har eg ete hest som tidlegare har kvilt hovudet på skuldra mi og pusta meg varmt i øyret, og lært meg å partere lår som ein gong sat på den trivelegaste kua i fjøset. Å ta livet av dyr eg kjende godt, for så å ete dei, gav ein uventa ny dimensjon til både dyrehald, ressursbruk og kosthald. For finst det eigentleg ein nyttigare, meir meiningsfull død enn at nokon gjer sitt ytste for å ta vare på kvar ein flik av skrotten din?
Førre veke skulda landbruksminister Jon Georg Dale meg for å ville «ta fredagsbiffen frå folk» i ein valdebatt på NRK TV. Og ja, eg meiner respekt for dyret heng saman med kiloprisen. Kyllingkjøttdeig til 20 kroner pakken eller wienerpølser som kostar under halvparten av ein kopp kaffi, er ikkje verdig dei mest ressurskrevjande matvarene våre. Særleg ikkje så lenge billeg kjøt mest truleg ikkje tyder at handlekorga vert billegare, men at noko anna, mindre ressurskrevjande, vert dyrare.
Vi treng å lære oss å sette pris på kjøt igjen. Ikkje slik Miljøpartiet Dei Grøne vil, med auka moms, som ytterlegare fjernar prisen frå ressursgrunnlaget, men med kontakt og kunnskap.
Ingen skal no springe ut og byrje å slakte sauer på bakgrunn av denne vesle teksten. Men om du får eit trygt høve, bør du prøve. Det kan godt finne på å endre synet ditt på livet, på den eine eller andre måten.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Finst det eigentleg ein nyttigare, meir meiningsfull død enn at nokon gjer sitt ytste for å ta vare på kvar ein flik av skrotten din?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.